Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fußtour (50)
-
Skitour (31)
- Randonnée/Telemark (19)
- Tourenskilauf (12)
Lieblingsgipfel
Kvitingskjølen
- Datum:
- 30.07.2022
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 8:10h
- Entfernung:
- 8,1km
Fin tur med Petter rundt Kvitingskjølane. Flott vêr og gjekk i shorts til Store Kvitingskjølen. Det blåste litt opp og vi kledde på oss før vi gjekk bort til Vestre. Såg ingen reinsdyr denne gongen.
Visbretind via Nordryggen
- Datum:
- 29.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 10:30h
- Entfernung:
- 17,0km
Flott rundtur til Visbretind med Hans Morten via Nordryggen. Smal og morsom rygg, og spennande alternativ til den vanlege ruta via Langvasshøa.
Ruta oppover ryggen gjev seg sjølv. Eit par smale parti og lett klyving. Etterkvart lett over N2 (9m PF) og N1 (11m PF). Etter dei smalaste partia kjem ein inn i den breiare vestflanken på Visbretind. Vi fulgte stort sett kanten mot Visbrean heile vegen. På venstre side av renne med snø/grus utan å krysse denne før på oversida av renna. Like før toppen er det ein bratt hammar som vi kleiv rett på i stadan for å prøve å runde. Nedover fulgte vi vanlege løypa ned til Leirvassbu. Måtte også oppom Kyrkja når vi først gjekk forbi :)
Tundradalskyrkja
- Datum:
- 22.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 8:15h
- Entfernung:
- 16,8km
Flott tur med Petter til Tundradalskyrkja på ein av sommarens finaste dagar. Målet for turen var fjellgeitposten på toppen.
Det er fleire moglege rutevalg til Tundradalskyrkja frå Sota:
1. Følge ruta mot Illvatnet opp til ca 1600 moh og så nordaust-ryggen til topps
2. Følge ruta mot Illvatnet forbi Sottjønnen og så sikte inn på nordvest-ryggen via Regnbogtjønne.
3. Følge ruta mot Fortundalsbreen og så sikte mot nordvest-ryggen frå Steindalen
4. Følge ruta til Fortundalsbreen og så kome opp på sør-ryggen via Sveinkollen
Vi valde alternativ 2 opp og 3 ned, og fekk ein fin rundtur. Eg vil i ettertid si at alternativ 3 er det enklaste og raskaste fordi det er fint underlag og lite grov ur.
Eit tips ved alternativ 2 er å runde Regnbogetjønne og gå vestover langs kanten av denne >>>
Veslbreatind
- Datum:
- 16.04.2022
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 5:30h
- Entfernung:
- 11,0km
Flott skitur med Petter til Veslbreatind frå Krossbu. Debut på randonèski, og det gjekk strålande.