Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Halvmaraton gjennom Jørpelandsheia #2, denne gangen på ski

Datum:
24.03.2018

Turar frå A til B er alltid kjekkast, og med flottare snøforhold i Jørpelandsheia enn på mange år, hadde me lyst til å prøva på ein skikkeleg langtur på ski. Som tenkt så gjort! Me plasserte ein bil øvst i Målandsdalen der skogsvegen går opp til Tjødnadalsheia, og kjørte den andre til Liarvatnet. Planen var ambisiøs nok, og heilt avhengig av trygge islagte vatn og godt snødekke: Svortingsvatnet, Hengjanevantet, Svartavatnet, Longavatnet og opp Skitli. Det var derfor eit aldri så lite sjokk då det viste seg at Liarvatnet berre på siste døgnet var heilt oversvømt av overflatevatn og ikkje lenger gangbart. Ikkje det at retur over Liarvatnet var førstevalget, men likevel ein god plan B. Nei, dersom det var like gale på Svortingsvatnet, ville planen ikkje la seg gjennomføra.

Karte    

Auestadnuten og Kaldheimshovda fra Kritle

Datum:
17.03.2018

Flott 5-timars soltur om Strype. Avblåst og isete på toppane, ellers fine forhold med mykje snø.

Karte    

Torekovstølen og Botnavatnet frå Løyning

Datum:
11.03.2018

Drøye 5 timar på tur og 600 hm. Kraftig vind og føyke i høyden.

Karte    

Middyrrustene, Verjesteinsnuten og NV for Stavsnuten

Datum:
10.03.2018

Flott tur frå Ulevåbotnen (austenden av Haukelitunnelen), 9 ½ timar på tur og ca. 1250 høgdemeter. Veldig fine snøforhold med pudder heilt til topps, og sol og vindstilt på Verjesteinsnuten. To av oss droppa Stavsnuten og gjekk tilbake til bilen gjennom Middyrdalen, tung vassing i 20cm pudder heile vegen.

Karte    

Frå vatn til vatn i Jørpelandsheia #1, til Svartavatnet

Datum:
04.03.2018

Endeleg var Liarvatnet trygt, og med fine snøforhold og god vermelding måtte det bli skitur innover i Jørpelandsheia. Etter fleire fine turar i nysnø mellom 400 og 600 moh visste eg at det ikkje ville bli optimale forhold før Forenesvatnet, og det holdt stikk. Liarvatnet var nokså isete, men det var greit med snø oppover frå Grimsli. Det var som vanleg krongle og sporete opp til Forenesvatnet, men herleg å koma dit opp, og det som vanleg opna seg flott utsikt mot både Tysdalsheia og Vardhusheia. Holdt sporet vidare opp til Longavatnet, og hadde tenkt meg sørover vatnet, kanskje heilt til Svartavatnet. Gjekk derfor ikkje i retning den gamle stemmen, men i greie spor forbi den første hytta. Her traff eg kjentfolk som hadde vore sør til Svartavatnet dagen før, og dei anbefalte meg >>>

Lomafjellet på ski frå Dalavegen

Datum:
28.02.2018

Endå ein flott skitur i den kvitpynta Jørpelandsheia! Bar som sist skia opp Kjellbrekk og gjekk opp til Tinturvatnet. -12 grader ved bilen og frisk bris minst, gjorde sitt til at eg måtte holda meg i bevegelse. Tok oppom Lomafjellet og så inn Rovadalen. Her var det fint le, og i ei fin solhole tok eg ein god pause. Tok turen inn til Rovakilen i Svortingsvatnet og snudde der. Tilbake same veg, og over Tinturvatnet rauk det godt i vinden, som heldigvis var i ryggen. Ekstra vindbukse og dunjakke vart ubrukt, men var gode å ha som sikkerhet. 3 ½ flotte timar på tur! PS: natta etter hadde målestasjonen ved Liarvatnet minimum i fylket med -18,4 grader, det er sjeldan på våre trakter!

Karte    

Guromyrfjellet på ski frå Dalavegen

Datum:
25.02.2018

Nok ein sjeldan nærtur i Jørpelandsheia med flotte snøforhold! Første tur med skia på sekken frå Dalavegen og opp Kjellbrekk. Tok på skia der Kjellbrekk flatar ut, og kunne ha dei på heile vegen vidare. Etter å ha passert utsiktspunktet ovanom Tømmervatnet, var det utruleg flotte snøforhold vidare oppover, sikkert opp mot meteren med snø dekka det meste av ujevnt underlag. Hadde langfellene på til eg kom opp til Tinturvatnet, men herifrå var det kun blå Swix resten av turen. Hadde ei lita mimrestund ved den store steinen med hidleren ved Tinturvatnet, der farfar og naboen Peder skal ha fått tyske fly frå Sola på vingene under krigen, fordi dei var uforsiktige med eit bål. Flott vidare langs vestbreidda av Tinturvatnet, kor det var eit par dagar gamle skispor frå før. På >>>

Karte    

Revafjellet på ski frå Liarvatnet

Datum:
24.02.2018

Fantastiske snøforhold i Jørpelandsheia! Men fordi Liarvatnet ennå ikkje er "godkjent" av Folkehjelpa, turde eg ikkje kryssa det. Rett nok var det skispor, men det freista ikkje å prøva. Difor valde eg å prøva noko nytt, nemleg skia på sekken og vassing i djupsnø opp Lågalia! Som kjent er ikkje dette den vanlegaste inngangen til Jørpelandsheia vinterstid, og den som prøver vil forstå kvifor. Det var stritt oppover, men eg hadde god hjelp av spor frå ein person som hadde gått tidlegare. Eg valde å gå opp på venstre side av Lågaliåna, som er litt brattare, men visste at sjansen for isete underlag frå fosseroket var større på høgre sida. Fekk på meg skia i skogen så snart terrenget flata litt ut, og vann snart høgde ovanom stemmen i Svortingsvatnet. Heldt nokså >>>

Karte    

Medfjellsvarden fra Risdal og heim

Datum:
20.02.2018
Karte    

Aust for Kreklingdyrflotte fra Råsehallet

Datum:
17.02.2018

Opp mot toppen såg me spor etter ein reinsdyrflokk som hadde beita på mosen under nysnøen. Dessuten var det spor etter både smågnagarar og truleg ein rev.

Karte