Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Syreneset fort fra Skådel

Datum:
25.10.2020
Karte    

Skorpeheia frå Rv. 13 ved Svotunnelen

Datum:
18.10.2020

Fin kveldstur, bratt bushing opp frå austre enden av Svotunnelen. Kryssa etter kvart Melkeråna og kom inn på god sti opp til utløpet av Tjelmavatnet. Herifrå litt vestover og til topps. Flott kveldslys og utsikt mot Reinaknuten, Lauvåsen og Almåsen, og sjølvsagt over Tjelmavatnet. Om lag 450 hm og 1 ½ time på tur.

Karte    

Halvmaraton frå Kåsastølen til Målandsdalen om Krøys

Datum:
11.10.2020

Endå ein framifrå langtur i strålande haustver og spennande terreng i Krøys aust for Jørpelandsheia. Me sette ein bil øvst i Målandsdalen og starta frå Kåsastølen i Lyngsheia kl. 0930. Følgte den gode stien vestover til Sunnmork som var nytt bekjentskap for oss, og som viste seg fram frå si beste side; damstilt på vatnet og vakre haustfargar i liene. Ifølge Stavanger Turistforening var Sunnmork i si tid ein av dei gjevaste gardane i midtre del av Lysefjorden. Ut frå skriftlege kjelder veit me at garden var i bruk alt frå ca. 1625. Gardsdrifta vart det slutt på i 1860-åra, då den siste brukaren, Ådne Sønnmork, flytta til Amerika. Etter ein matpause i strandkanten fann me vegen vidare vestover, stilaust men greit opp Bakkane til høgdedraget vestanfor. Her var det kjempeutsikt >>>

Karte    

Trollnup frå Ulevå

Datum:
05.10.2020

Kosetur med familien, ca. 4 timar og 7 km på tur i brukbart ver.

Karte    

Arbunuten frå Sveivida

Datum:
04.10.2020

Klissvåt men fin rundtur med Solveig. Opp om Skåfonnhytta, ned om Seten og Arbuvollen; om lag 3 timar og 10 km på tur.

Karte    

Rundtur på Vågslidheia

Datum:
03.10.2020

Flott rundtur frå skitrekket med Solveig, snaue 3 ½ timar og 10 km på tur. Gråver med austavind og skodde som kom og gjekk. Ein del trost på trekk og bra med ryper, 25-30 i fleire flokkar.

Karte    

Jærmannburet fra P-plass

Datum:
30.09.2020

Med Ola ifm. besøk på Nyhamna.

Karte    

Medfjellsvarden heimefra, heim om Røyningsvatnet

Datum:
27.09.2020

Finverstur med suppe på stormkjøkkenet med Olaug. Vindstilt og lettskya.

Karte    

Halvmaraton (nesten trekvart) gjennom Jørpelandsheia #3

Datum:
19.09.2020

Ideen til denne langturen saman med Håvard gjennom Jørpelandsheia vart påtenkt alt 1. januar 2020 i og med at «nye Strand» kommune såg dagens lys. Det medførte som kjent at ein del av arealet i Forsand kommune nord for Lysefjorden gjekk over til nabokommunen, deriblant Preikestolen og Neverdalsfjellet. Ideen var såpass ambisiøs som å gå over alle stortoppane i «nye Strand», dvs. dei 9 fjelltoppane over 700 moh med pf≥100m. Planen var derfor å ha ein bil ståande ved Preikestolhytta og starta turen frå parkeringa i Bjørheimsheia. Dette ville kreva minst 12 timar på tur med lett oppakning i finver, i og med at turen ville verta mellom 3 og 4 mil og med over 2500 høgdemeter stigning. Ingen tur i parken, altså! Toppane er, i naturleg rekkefølge frå Bjørheimsheia til Preikestolhytta:  >>>

Karte    

Medfjellsvarden heimefra, heim om Homravatnet og Hillesland

Datum:
15.09.2020

Stilt, overskya og eit snev av seinsommar. Følgte stiane aust for Ilsvatnet og Røyningsvatnet, så stilaust nordover til høgdedraget aust for Mjåvatnet før eg tok meg ned til midt på Homravatnet og heim langs vegen. Nokre enkeltbekkasinar var fine faunainnslag, om lag 2 ½ timar på tur.

Karte