Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Arafjella fra Snørteland

Datum:
14.03.2020
Karte    

Håvelifjell og Søre Sålefjell fra Gruvevegen

Datum:
05.03.2020

Fin kveldstur i flott vårvær, 1 time 15 min. på tur. Skremte opp flere bekkasiner og hørte bl.a. en fuglekonge.

Karte    

Salane på ski frå Målandsdalen

Datum:
04.03.2020

Nytt forsøk på Salane frå Boremyr under ganske andre forhold enn dagen før. Starta i sol og tilnærma vårvarme, men etter kvart skya det til, utan at det gjorde noko. Følgte spora mine frå dagen før og kom lett opp på Salane, som har flott utsikt mot Tysdalsvatnet og kjente toppar i både Holta- og Jørpelandsheia. Eg hadde ikkje all verdens tid, så det blei med denne eine toppen før retur same veg. Flott nedrenn til Prammaleitet og så langt det gjekk på traktorvegen. Om lag 2 ¼ timar på tur. Eg vil anslå snømengda i terrenget til 30-50 cm, med ein del synlege steinar.

Karte    

Målandsheia (forsøk på Salane) på ski frå Målandsdalen

Datum:
03.03.2020

Fin tur til Målandsheia frå Boremyr, kunne gå greit på ski frå bommen på traktorvegen. Det var meldt ganske kraftig sørleg vind i høgda, og det såg ut til å føyka på toppane. Eg hadde derfor ikkje stor tru på å koma meg opp på Salane, som var målet for turen. Det var fine snøforhold innover med nysnø, men føyka så kraftig med 12-15 m/sek frå sida at eg snudde før eg kom opp på platået ved Salane. Aleine og utan slalåmbriller var det nyttelaust å fortsetta. I staden rann eg ned att eit stykke og gjekk opp til Målandsvatnet. Her gjekk eg med vinden midt imot, og med føyka piskande i ansiktet, så det var bare å snu ved vatnet. To små flokkar kvitkledde ryper liva opp under dei barske forholda, og det vart om lag 2 ¼ timar på tur.

Aust for Kreklingdyrflotte frå Råsehallet

Datum:
24.02.2020

Etter fjellrunden. Flotte snøforhold og god sikt, men dessverre jordmørkt på toppen. Såg ei vinterkledd rype på returen, dessuten eit sjeldent syn av eit vakkert kongeørnpar på matsøk om morgonen. Det er hard kamp for føda sjølv for dei kongelege i vinterfjellet!

Karte    

Boknafjellet fra P-plass

Datum:
19.02.2020
Karte    

Homsknuten og Kjellsfjellet frå Dalavegen

Datum:
15.02.2020

Fin snøtur på beina normalvegen til Homsknuten, med ein liten avstikkar til Kjellsfjellet. På grensa til tungt med ca. 10 cm snø i høgda, men greit å følgja stien. Snaue 2 timar på tur.

Karte    

Forsøk på Almåsen frå Døvik og Kjortåsen frå Hellandsheia

Datum:
04.02.2020

Gjorde først eit forsøk på Almåsen frå Døvik denne finversdagen etter eit kraftig snøfall. Bar skia med opp traktorvegen, og dei kunne tas på eit stykke nedanfor Paddevatnet. Håpet var at det var skiterreng vidare innover, men det viste seg derimot å vera småkupert med lyngtuer, så det vart vendereis etter få hundre meter langs Paddevatnet. I staden gjekk vegen til Kjortåsen. Det vart ein sjeldan tung tur med snøvassing den korte normalvegen frå Hellandsheia. Umulig å følgja stien, så det blei ganske krevande i bratt og snødekt lende. Flott ver med solskin og framifrå utsikt, heile 32 år sidan sist!

Karte    

Nonsknuten, Middagsåsen og Øykjafjellet frå kraftstasjonen

Datum:
03.02.2020

Fin tur i snødrev over desse nærtoppane, ekstra ruskje med vind på Øykjafjellet. Opp merka sti frå Selemorkvegen med retur om Kalddalen.

Karte