Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Boknafjellet fra P-plass

Datum:
23.05.2020
Karte    

Preikestolen og Neverdalsfjellet frå Preikestolhytta

Datum:
21.05.2020

Fin familietur til Stolen med Olaug m.fl. Det var ikkje uventa nok folk på ein finvers Kristi Himmelfartsdag, for å seia det slik.

Karte    

Naganibba og Botnafjellet frå Liarvatnet

Datum:
18.05.2020

Flott tur til Naganibba om Småsildalen med retur om Botnafjellet, til saman 4 ¼ timar med ein god matpause på Nibba. Turen var likevel prega av to negative hendingar, nemleg at det var godt med nysnø å vassa i over 550moh og at eg fekk eit lite fall på veg ned frå Nibba der eg øydela det gode kompaktkameraet mitt. Derfor er det heller ingen bilder frå returen om Botnafjellet. Snøen gjorde ikkje noko i seg sjølv, men han hindra meg frå planen om å gå på Godlifjellet etter Nibba. Det hadde blitt altfor tungt å vassa såpass langt tur retur, så det får heller venta. Flott sol og så godt som vindstilt på toppane, og som vanleg eineståande utsikt frå Nibba. Det var såpass lenge sidan eg var på Botnafjellet at eg hadde gløymt at Botnatjødna ikkje er synleg frå sjølve toppunktet. >>>

Karte    

Gitlandsåsen frå Lerangsvatnet

Datum:
10.05.2020

Flott tur til Gitlandsåsen som tidlegare gav navnet til skogverneområdet som i seinare tid er kraftig utvida til bl.a. å omfatta Hesten. Det var ikkje dumt å velja tur i lågare lende denne dagen, for snøgrensa på Jørpeland låg mellom 500 og 600 moh, utruleg nok, og veret var svært skiftande. Det gjekk med tette byger på fleire kantar, bl.a. i Høgsfjorden, men eg var heldig og gjekk klar. Det var nok 25 år sidan eg var inne ved Gåsavatnet og Brekketjødna sist. Eg hadde studert kartet godt, og då eg kom inn til glenna eller leirplassen ved inste enden av Brekketjødna, fann eg stien som skulle kunna føra meg beint opp bratta til aust for sjølve toppområdet. Etter kartet å døma var nok dette ein gammal ferdsleveg mellom Erlandsdalen og Lerang, og stien var delvis nødla og >>>

Karte    

Lammanuten fra Sandvik

Datum:
03.05.2020

Med Olaug og Solveig i svært vekslende vær. Snaue 5 timer på tur, med suppe og pannekaker i le for nordvesten.

Karte    

Hengekøyetur #1 til myra i skogen

Datum:
02.05.2020

300m inn i skogen. Fuglesong. Rugdetrekk. Enkeltbekkasin. Raudstilk. Hjortebrøl, eller var det rådyr? Kanskje eit hubro-rop. Ender ein sving bortom. Og første koko frå gauken i år! Stjerner. Venus. Halvmånen opp bak skogen. Litt søvn også.

Tibergfjellet frå Dalavegen

Datum:
29.04.2020

Flott ettermiddagstur, 2 timars rundtur. Opp om steinbrotet og Tibergfjelltjødnane til "haifinnen", bortom vesttoppen for første gang på mange år. Retur om hovudtoppen og Terneskardet. Fint og mildt der det var le, men iskaldt i vinden. Snøfenner i nordhellingane vitna om at det ikkje er heilt sommar ennå. Lågaliåna brusa overmåte lystig frå det smekkfulle Svortingsvatnet, eg har aldri sett henne større. Fint med blømande kvitveis nedover Jørpelandslia.

Karte    

Travers av Skaulen fra Hellandsbygd

Datum:
18.04.2020

Stort "skikkeligere" enn dette kan man ikke utfordre kjempen Skaulen! Med svært kompentent følge, eller tilnærmet guiding av Helge fra Hellandsbygd, fikk vi en uforglemmelig rundtur med utgangspunkt helt nede i Hellandsbygd. Fra 280 moh fulgte vi veg og sti 300 hm bratt opp til Spelhustoppen for den gamle trallebanen som gikk inn til dammen i Dalvatnet. Vel oppe ved selve spelhuset kunne vi ta på oss skiene og moroa kunne begynne. Først rant vi ned mot dammen langs trallebanen. Vel over brua før dammen tok vi småbratt opp et dalsøkk til høyre og kom videre bratt opp i dalen hvor Nedra Fjellvatnet hadde utløp tidligere, og til slutt var vi oppe i den smale vestenden av vatnet. For ordens skyld; dette er en oppgang som kun kan brukes når vatnet er islagt fordi det ikke er >>>

Karte