Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Håvelifjell og Søre Sålefjell fra Gruvevegen

Datum:
15.04.2021

Flott tur i relativt varmt vårver, om lag 1 ¼ time på tur. Hørte bl.a. årets første rødvingetrost.

Karte    

Kaldafjellet og Steinkilenuten frå Jonstølen

Datum:
11.04.2021

Andre turdag på Jonstølen opprann som venta med kaldt og strålande ver, og det var klart for langtur i Dyraheio. Etter å ha nådd Skoranutane dagen før, var planen å følga sommarruta i retning Steinkilehytta og få med seg så mange stortoppar over 1400 moh som mulig. Me følgte spora våre opp Rennedalen og aust for Tverrlinuten. Vel oppe på småvatna her la me merke til eit tydeleg spor på sørsida av dalen, og lurte på om det kunne vera folk på ei av hyttene her oppe som hadde vore ute på snøskuter. Ikkje før hadde me tenkt tanken, så fekk me sjå eit mektig syn; bak ein fjellknaus 3-400 m framfor oss strøymde det fram vel hundre villrein i raskt trav oppetter dalen. Til alt hell hadde me hatt vinden imot, og dyra hadde ikkje fått veret av oss. Etter kvart vart dei borte oppetter dalen, >>>

Karte    

Skoranutane frå Jonstølen

Datum:
10.04.2021

Dette vart ei kjempehelg på flotte Jonstølen, endåtil med eksklusiv korona-leige for oss fire som var på tur. 40 cm nysnø gjorde dessutan føreforholda ideelle, nærast heilt til topps på nutane. Det var heldigvis brøyta opp til parkeringa ved Mosvatnet, og me kom fram til varm hytte fredagskvelden med rikeleg plass til å holda forskriftsmessig 2 m avstand. Første turdag var det meldt vekslande ver med ein del vind, så me la turen opp Rennedalen med håp om å nå Skoranutane i jakta vår etter stortoppar over 1400 moh. Me holdt mot venstre oppetter heile dalen og hadde stort sett medvind. Det var mykje nysnø og ein del fokk, så førstemann fekk ein tung jobb med å trø løype for oss andre. Jamvel slalåmbriller var gode å ha heile dagen. Me hadde heldigvis brukbar sikt i det litt >>>

Karte    

Kvassåsen fra P-plass i sør

Datum:
03.04.2021

Flott topp, men for spesielt interesserte! 15-20 min. bushing kvar veg langs den bratte sørryggen. Eit par klyvepunkt, spesielt den siste hammaren like før toppen, der det trengs litt kreativ bruk av kroppen. Flott utsikt, spesielt mot Hervikfjorden og Borgøy.

Karte    

Slettafjellet/Bygdarenuten fra Øvrehagen

Datum:
03.04.2021

Flott morgontur bratt opp merka sti frå øvst i byggefeltet Øvrehagen, der det er grei parkering og turstart ved ein liten fotballbane. 45 min. til topps via trigpunktet med bokkasse. Iskald nordavind og delvis frosne myrer, men herleg sol. Retur same veg, om lag 1 time 20 min. på tur.

Karte    

Medfjellsvarden fra Burmavegen og heim

Datum:
01.04.2021

Tur med Olaug skjærtorsdag. Steikte komla i godt le ved Medfjellsvarden. Flott ver med sol, men kald nordavind.

Karte    

Hellebrekkene fra P-plass i sør

Datum:
31.03.2021

Kveldstur fra Langøysundet sør for toppen. Følgte traktorveg som gjekk over til sti opp til ei koie oppunder toppryggen, som viste seg å ligga 5-600m vest for toppunktet. Busha stilaust til topps herifrå gjennom kratt og til slutt småkrevande klyving opp tre skrentar like før toppen. Retur same veg. Pga. bushinga brukte eg 15 min ekstra kvar veg mellom koia og toppen. Flott utsikt i solnedgangen, til saman 1 ½ time på tur. Eit godt tips må vera å ta kurs rett mot toppen der traktorvegen går over til sti.

Karte    

Gråknuten frå Preikestolhytta

Datum:
27.03.2021

Etter øyhopping med toppshopping på Hidle og Heng vart det også tid til ein offensiv avslutningstur på pf≥50m lista for Strand, nemleg til Gråknuten sørvest for Revsvatnet. Her vart det god nytte av bomturen i fjor sommar , og som sist følgte eg T-stien langs sørsida av vatnet før eg tok bratt opp på ryggen nord for toppen. Til endes lengst sør på ryggen måtte eg bratt ned ei renne til det som heiter Litlafjell på kartet. Her gjekk eg på nødlingar som viste veg sør for toppen før eg runda enkelt opp til topps. Som venta flott utsikt over Gloppavatnet og Revsvatnet med omkringliggande toppar, og endåtil ut Gydalen heilt til dagens første øytopp på Hidle. Kjekt å avslutta denne interessante lista med ein så fin topp i framifrå ver. Retur same veg og tilbake ved bilen etter 1 ¾ time på tur.

Karte    

Kråkeberg og Høgabakka frå Tau

Datum:
27.03.2021

Så var dagen komen til å løysa største utfordringa på lista over pf≥50m for Strand, nemleg øytoppane på Hidle og Heng. Det vart elegant løyst med eit sporty ja frå Tau båtforening. Med ein rask båt denne fine vårdagen midt mellom to uversdagar, gjekk det ikkje meir enn eit kvarters tid på kvar av dei tre båtetappane. Først stod Hidle for tur, eller rettare Sør-Hidle fordi Nord-Hidle er ei av Sjernarøyane. Med påkledning for kald båttur vart det ein sveitt gåtur i solsteiken frå Hidlevågen til topps på Kråkeberg/Hettulhaugen på 81 moh. Her var toppunktet udiskutabelt og lett å finna lengst sør på øya, og med framifrå utsikt mot Rennesøy, Åmøy og Tau. Ryfast tek faktisk ein sving innunder toppen, eg vil tru for å ta inn luft om lag midtvegs. Etter ein halvtimes >>>

Karte