Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

53-årsfeiring på Flokehyttene

Datum:
16.03.2023

Koselig feiring på Flokehyttene med en overnatting 16.-17. mars, snaut 2 ½ år siden sist. Skikkelig ruskevær, men fralandsvind slik at vi låg i brukbart le.

Karte    

Kiståsen/Slettafjella frå Stranddalen til Saurdal

Datum:
12.03.2023

Søndagen i Stranddalen vakna me til overskya, men stilt ver etter vind og føyke kvelden før, så alle spora var derfor borte. Etter frukost og utvask la me vegen ned same løypa me hadde kome opp på fredagen, men med ein flott avstikkar til topps på Slettafjella, det småkuperte platået sørvest for Saurdal. Det var finaste silkeføret i den djupe og urørte nysnøen, og det var herleg å vera på tur. Me hadde godt ver heilt til me var oppunder toppunktet, då drog det seg til med litt vind og føyke. Artig at me her var tilbake på tilnærma 1000 moh, same høgda me hadde starta på i Stranddalen. Etter eit flott nedrenn i djupsnøen var me tilbake ved bilen etter 3 ¾ timar på tur.

Karte    

Ravnanuten frå Stranddalen

Datum:
11.03.2023

Lørdagen i Stranddalen vakna me til brukbar sikt og betre ver enn meldt, men me kunne ikkje kjenna oss trygge på at det ikkje ville dra seg til med snøver og vind, og dermed snøføyke. Me la derfor lista ganske lågt og ville få med oss dei enkle toppane Ravnanuten og Pjåkavassheia austover frå hytta. Me følgte spora etter dei fire karane frå Ungarn fram til 1006-vatnet og tok oss greit opp til toppen av Ravnanuten frå aust. Høgdepunktet utanom sjølve toppen var då me såg ei simle og ein kalv kryssa Pjåkavassdalen. Dei var tydeleg vare oss sjølv om me var bortimot 1 km vekke, og me såg sjølvsagt ikkje meir til dei. Vidare fekk me ein fin tur gjennom den markerte Pjåkavassdalen sjølve og kryssa dermed dyrespora. Vel framme ved vasskanten på 1066 moh tok me oss ein matpause >>>

Karte    

Stranddalen frå Saurdal

Datum:
10.03.2023

Etter fullklaff med helgeturar til Jonstølen og Krossvatn dei to forrige seinvintrane vart det ei åpning for tur til Stranddalen lengst sør i Dyraheio denne marshelga. Denne gangen var det ikkje meldt godt ver med unntak av fredagen, så me ville i alle fall få med oss godveret og dagslyset på vegen opp frå Saurdal kraftstasjon/Kjetilstadlia. Akkurat det minte meg om forsøket vårt på same turen påsken 1993, då me ikkje kom stort lenger enn til å pakka utstyret ut av bilen før me stakk halen mellom beina og kjørte til Mosvatnet og gjekk den korte vegen inn til Mostøl i staden. Det var slik vind den dagen at turen opp til Stranddalen på 1000moh ikkje var tilrådeleg på nokon måte, sjølv langs kvista løype. Det vert ikkje kvista til Stranddalen før påsketider, men denne ettermiddagen holdt me >>>

Karte    

Vadhytta og forsøk på Bukkanibba fra Eikåsvegen

Datum:
09.03.2023

Etter snøfall de siste par dagene ble det vassing i 8-10 cm nysnø helt fra "hovedvegen" nedenfor Eikås på ca. 110 moh, forbi parkeringsplassen 1,1 km lenger oppe og videre 1,4 km inn til den nye dagsturhytta i Vindafjord, Vadhytta. Herifra ble det stiløs bushing mot turmålet Bukkanibba, men jeg gav meg på ca. 440 moh og 800 m i luftlinje fra toppen. Dette pga. at det begynte å minke på dagslyset og at det drev inn noen snøfylte skyer. Hadde jeg hatt med hodelykt og GPS, så hadde jeg nok ikke feiget ut. Det ble til sammen 1 ¾ time på fin trimtur.

Karte    

Piggjafjellet og Husafjellet frå kraftstasjonen

Datum:
23.02.2023

Om lag 2 timar på tur utan nærare tidtaking. Opp om Fossabrekka, og oppom Piggjafjellet som verken hadde navn på kartet eller sti sist gang eg var der. Det var truleg for 30 år sidan då eg óg var over toppen av Husafjellet. Retur om Kjellbrekk og Selemork, der eg såg ein hønsehauk i flukt. Både Husafjellet og Piggjafjellet er nok gamle navn som er brukte i Selemork/Seljeskog, der Husafjellet ligg nærast garden/huset og Piggjafjellet reiser seg ganske kvast, som ein pigg mot himmelranda. Sistnevnte vart óg kalla Stempiggjen etter Stemmen, utløpet av Tømmervatnet.

Karte    

Vardaheia og Kammen frå Sandvikvegen

Datum:
19.02.2023
Karte    

Hambornuten frå Tysingvatnet

Datum:
18.02.2023

Etter føremiddagstur til Junkervarden/Tveitaråheia vart det god tid til ein ettermiddagstur til Hambornuten. Greit med merka sti opp bratta i sørvest. Såg fleire havørner i luftig svev, og endåtil eit fullvakse og kaklande par i kurtise rett over toppen mens me hadde matpause eit stykke nedanfor. Skremde óg opp eit par orrhøner og fekk sjå ein liten flokk korsnebbar på nært hald.

Karte