Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Dyranibba frå Aksland (P-plass vest for tunnelen)

Datum:
28.04.2023

Andre turen denne dagen med toppsamling i Vindafjord gjekk til Dyranibba ovanom Aksland og starta i 15-tida. Som turen til Akslandsnuten i 2018 og forsøket på Dyranibba i 2021 starta eg vest for tunnelen og følgte den fine og bratte vegen/stien opp i Skåleskard, som gjekk unna på bare 25 min til det gamle leet der. Etter finver på første turen til Høgafjellet hadde det nå begynt å snøa, men snøen la seg heldigvis ikkje og det var grei sikt på heile turen. Det kuperte lendet vestover til topps gjekk greit, og eg klarte å holda høgda relativt godt. Vel framme ein snau time etter turstart var det heldigvis litt sikt på den svimlande stupkanten, men sjølvsagt ikkje så fin utsikt som toppen fortener. Retur same veg og 1 ¾ timar på tur. Netto 400 hm må nok ha snaut 100 hm tillegg pga. det kuperte terrenget, altså snaut 500 hm i sum.

Karte    

Høgafjellet frå Stokkadalen

Datum:
28.04.2023

Endå ein dag med toppsamling i Vindafjord, og med realistisk håp om å fullføra pf≥100m lista med dei tre siste toppane. Første turen gjekk til Høgafjellet med start frå Stokkadalen kl. 1130, same start på turen som til Kjort der eg har vore to ganger. Det finst sikkert utgangspunkt for kortare turar til Høgafjellet, men turstart på Torstveit eller for den del Skigelstrand frista ikkje. Traseen opp til Kolltveitskardet var altså velkjend, og dei 300 hm gjekk greit unna på ein snau halvtime. Herifrå gjekk det stilaust og småbratt opp på første høgdedraget på om lag 530moh. Her fekk eg toppvarden i syne første gang, og som venta var det eit stykke bort dit. Dersom eg skulle holda høgda nokonlunde, burde eg gå i ein bue på om lag 2 km, og i tillegg var det som venta nokre >>>

Karte    

Raudnesvarden frå Stråtveitvegen P-plass

Datum:
17.04.2023

Om lag 1 ½ time på lettgått tur i stilt og flott vårver. Parkerte ved bommen på Stråtveitvegen og gjekk opp til vassverkdemninga i Raudnesvatnet. Herifrå i nokså rett linje vestover og opp på den sørvestlege utløparen frå toppen. Øverst i skardet snaut 50 hm under toppen tok eg først rett opp, så austover eit tydeleg drag og lett til topps frå søraust på 45 min. Etter eit par utsiktsbilder returnerte eg same veg. Skulle gjerne hatt sykkel og spart 10-15 min på den kjedelege skogsvegen. Ikkje liv å sjå, men litt vårsong i skogen.

Karte    

Tiuråsen og Sønnanåheia frå Bakkedal

Datum:
16.04.2023

Tredje turen denne dagen med toppsamling i Vindafjord starta kl. 1315 frå Bakkedal ved Rv. 46. Etter tilnærma blå himmel på morgonturen og gråver på føremiddagsturen var det nå blå himmel att, og i fint driv oppover traktorvegen mot Ternevatnet silte sveitten. Målet med turen var sjølvsagt skogtoppane Tiuråsen og Sønnanåheia, sant å sei altfor enkle til å ta i dette finveret, men eg hadde plan om å koma meg på meir eksponerte Høgafjellet frå Stokkadalen seinare denne ettermiddagen. Til Tiuråsen følgte eg den gode traktorvegen om lag til 300m-koten der eg tok ut i terrenget på ein overgrodd veg som svinga seg opp mot toppen. Der var eg oppe etter snaut 40 min. gange, jamvel til bra utsikt over Vikedal. Kursen vart lagt sørvestover fjellryggen i overraskande kupert lende, særleg var det nokre vegvalg >>>

Karte    

Grønlifjellet frå Gislehaugen/Fjellgardsvatnet

Datum:
16.04.2023

Andre turen denne dagen med toppsamling i Vindafjord starta i 10-tida frå Gislehaugen innerst ved Fjellgardsvatnet, same startpunkt som turen til Bjønndalsnuten der me var tilbake i 2015 . Her hadde eg Grønlifjellet att på lista, ein tur som er omtalt som stilaus frå denne kanten, sjølv om det ser ut til å vera sti på kartet. Etter tilnærma skyfri første tur til Ramnafjellet denne morgonen hadde det nå skya over her lenger inne, men det var framleis fint og stilt. Til hjelp over dei snøfennene eg rekna med å møta i høgda, hadde eg med meg skistavar som skulle visa seg å koma til god nytte. Etter nokre få 100m på stien mot Sjurdsstølen og Bjønndalsnuten tok eg beint oppover lia sørover mot toppen. Det var som venta både bratt og tungt, men med høveleg «evighetstempo» gjekk det fint. Dei første snøflekkane viste >>>

Karte    

Ramnafjellet frå Rødne

Datum:
16.04.2023

Det var klart for eit døgn med toppsamling i Vindafjord, og for å ha optimalt utgangspunkt hadde eg med telt. Eg hadde prøvd meg på Ramnafjellet frå Hålandsdalen i fjor haust, men snudde fordi eg ikkje var velkomen. Derfor la eg heller turen til Rødne på andre sida av massivet, og fann meg ein grei teltplass eit stykke etter at eg hadde svingt av frå kraftverksvegen, om lag ved 200m-koten. Det vart ei kald, men interessant natt i vårskogen, med rugdetrekk og kattugleskrik som høgdepunkta. Kattugla var på det næraste bare 10-15 m frå teltet før ho flaug vidare, eit mektig inntrykk! Turdagen opprann med tilnærma blå himmel som meldt, og eg starta kl. 0730 frå teltet. Med dagslyset og all fuglesongen var det ingen vits i å ligga lenger. Eg følgte merka sti til utsiktspunktet >>>

Karte    

Hustveitsåta på ski frå Hustveit

Datum:
14.04.2023

Når kameraten lokka med skitur til Hustveitsåta, var eg lett å be, og som dei to sommarturane la me sjølvsagt starten til Hustveit. Med ganske nøyaktig 1000 hm er dette ein skikkeleg godtur, som let oss heldige oppleva Ryfylkenaturen frå garden via stølen og heilt til høgaste nuten. Veret var godt med skiftande skydekke, men óg med ein kjøleg austavind. Ellers var me spente på kor langt det var opp til snøen, men den viste seg å ligga alt på 400 moh, helst betre enn me kunne venta. Her kom skia på, og eg hadde tatt sjansen på renneski sjølv om det er småkupert deler av ruta. Me holdt oss til sommarruta fram til Stølsvatnet og trengte begge bruene opp hit. Vidare tok me langs sørsida av Øvrastølsvatnet og hadde matpause i le av ein stor stein her. Kameraten hadde vore til >>>

Karte    

Vesle Nup fra Ulevå

Datum:
08.04.2023

Klassisk påsketur til Vesle Nup i perlevær og flotte snøforhold med nysnø i høyden. Om lag 2 timer 15 min opp og 3 ½ timer på tur med to pauser. Solveig, Anker og Pelle 10 mnd var med som kompetent turfølge.

Karte    

Langesænuten, Simleskjåen og Grøhovdnuten fra Arbuvollen

Datum:
07.04.2023

Flott tur opp og ned om Fossen i fint vær og gode snøforhold. Hele solflanken på Grøhovdnuten var snøkledt, så toppen var mulig å bestige på ski; første gang i påsken for min del. En hvitkledd rype eksponerte seg villig like nedenfor toppen, ellers var det ikke dyreliv å se.

Karte    

Aust for Kreklingdyrflotte fra Råsehallet

Datum:
06.04.2023

Til topps etter fjellrunden med familien og Pelle 10 mnd.

Karte