Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Lieblingstouren
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Nordre Maradalstind og Styggedalsryggen
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Lieblingsgipfel
Jendemsfjellet fra Jendem P-plass
- Datum:
- 24.05.2023
Kjapp tur i kraftig blest, så vidt over 1 ½ time på tur. Vi var heldige og gikk klar de kraftige bygene som gikk i området.
Flott vårnatt i bivuakk på Bjønndalsvio
- Datum:
- 20.05.2023
Flott natt i sovepose og vindsekk på toppen av Vio, 1m frå varden på hovudtoppen 885moh. Brukte snaut 1 ½ time frå parkeringa på Skarstøl om Ytre Jordavatnet. Ei stund såg det trugande ut med mørke skyer, men heldigvis kikka både Venus og Karlsvogna fram etter kvart, så det vart ikkje nedbør.
Vakna som venta til blank himmel morgonen etter og tok ein roleg runde om sekundærtoppane 881moh og 882moh før retur same veg som eg kom. Då hadde det lege tett skodde nede i alle bygdene heile føremiddagen. Sjeldan flott observasjon av eit boltit par på Vio, dessutan var det mange fløytande heiloar, ein spelande enkeltbekkasin og ein del skrattande ryper. Ennå svært mykje snø og isdekte vatn i høgda.
Uburen frå Rossabø P-plass
- Datum:
- 01.05.2023
Rart å endeleg koma seg opp på Uburen etter å ha sett på han i 53 år! Eg vart positivt overraska over turen etter kritikken mot herjinga til Lyse i anleggsperioden for det nye fjordspennet. I alle fall var sjølve toppunktet uberørt, og som venta med framifrå utsikt. Eg gjekk ikkje fram mot Høgsfjorden, men returnerte same veg som eg kom. Litt over timen og snaut 350 hm på tur.
Randåsen frå Randåsen P-plass
- Datum:
- 30.04.2023
1 ¼ time og drygt 250 hm på tur på veg til Jørpeland etter turen til Moltenuten . Skjemmande inngrep i området og lite interessant skogtopp med unntak av den fine utsikten over Ryfylkeøyane. Det var tett raudmerking på stiane fram til toppunktet, men såpass uoversiktleg terreng at det lønte seg å vera påskrudd for å finna greit tilbake.
Moltenuten frå Vela
- Datum:
- 30.04.2023
Fin tur til denne framifrå utsiktstoppen som sjølv er kjennesleg frå fleire kantar. Me følgte den sørlege traktorvegen opp frå Vela, og på drygt 300 moh kom me inn på stien som leier vidare til støls. Det var såpass langt på dag at me måtte ha ein matpause her. Snøen møtte me på om lag 500 moh, og då av både den gamle og nye sorten etter bygene som feia over Ryfylke i går. Denne dagen var det derimot meir stilt og grått utan særleg nedbør.
Vel oppe på høgda var det som venta flott utsikt, og me var óg bortom utsiktsvarden før me tråkla oss forbi Lomakjelnuten på vestsida og vassa til topps på Moltenuten i nesten samanhengande snø. Då hadde me brukt litt over 2 ½ timar til varden på 777 moh. Her var det sjølvsagt endå betre utsikt, men óg ein trekk som gjorde >>>
Ørnaknuten frå Preikestolhytta
- Datum:
- 29.04.2023
Dette vart ein fin rekognoseringstur til 676-toppen Ørnaknuten ovanom Ørnabu, rett nok prega av svært vekslande ver. Etter transportetappen opp til Neverdalsskardet tok eg av på den merka stien mot Troppevatnet med stadig finare utsikt over Neverdalen. Alt hit opp hadde det vore eit par korte snø- eller haglbyger, men akkurat nå varma sola i sørhellinga så jakken måtte av. Vel oppe på himlaleitet åpna den fine utsikten seg mot Troppevatnet og -tjødnane, og jamvel til turmålet 2,5 km lenger nord.
Så klarte eg kunststykket å ikkje sjå vegdelet mot Troppevatnet, og i staden fortsatte eg heilt til vegdelet mot Hengjane og Troppeknuten. Det hadde sjølvsagt vore kjekt å sjå att sistnevnte etter over 30 år, men eg tenkte det var best å spara på kreftene etter dei tre turane dagen >>>
Teråsen frå Øvraland
- Datum:
- 28.04.2023
Dagens tredje tur og duka for fullført pf≥100m liste for Vindafjord gjekk til lite prangande Teråsen ved Fjellgardsvatnet med turstart kl. 1720. Som dei fleste andre tok eg utgangspunkt ved Øvraland, men ville ikkje utfordra traktorvegen innover mot Røyravatnet. Ikkje for bilen sin del, men eg likar ikkje å kjøra gjennom tunet til folk. Turen er uansett ikkje lenger enn at det er lett match å gå frå hovudvegen.
Flott landskap var det innover, med den stupbratte Høgeleiken dominerande til venstre, og bakover var det like fint med høgreiste Litlalandsnuten på andre sida av Fjellgardsvatnet. Eg fann opp til Moen ved Røyravatnet og så den tilgrodde skogsvegen som svingar vestover mot Teråsen. I motsetning til fleire andre på PB som har gått for langt innover og møtt på plantefelt >>>