Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Frå Liarvatnet til Svartavatnet om Forenes- og Longavatnet

Datum:
31.01.2026

Endeleg – etter meir enn ein månad med mange minusgrader – var det trygt å gå på isen på Liarvatnet. Og med Jarle si hytte ved Forenesvatnet booka for helga, var det bare å legga ut på tur. Lørdagen sette me ein bil i Målandsdalen med plan om å avslutta der neste dag, og kjørte så rundt til Dalen. Det var meldt kaldt og fint vêr for helga, men kraftig austavind med både storm- og orkankast i høgda, så me var helst "rundkledde" ved turstart kl. 1020. Ein av oss nytta skeiser og to av oss broddar over vatnet, og det var ikkje fritt for at motvinden baud oss motstand. Det var óg tydeleg at isen innanfor Tunglandsneset var av det nye slaget – det er her inne vatnet er mest seinfrose. På Forenesvatnet var det inga tvil om at isen var både gammal og trygg, og ein >>>

Karte    

Sandvevarden heimefra

Datum:
24.01.2026

Finverstur med Pelle, tilnærma frosne myrer etter ei god stund med frost. 1 time til topps og litt over 2 timar på tur utan nærare tidtaking, om lag 10 km til saman. Ingen dyr eller fuglar å sjå.

Karte    

Tunglandsfjellet frå kraftstasjonen

Datum:
20.01.2026

Klassisk vintertur, bratt opp frå kraftstasjonen med retur om skogsvegen på baksida. 1 time 10 min på stadvis holkeføre etter vinteren som var på visitt like etter nyttår. Ei vakker toppmeis liva opp på toppen – kor ellers?

Karte    

Frå Forenesvatnet til Tysdal på ski

Datum:
11.01.2026

Søndag morgon ved Forenesvatnet etter ei stjerneklår og kald natt, var det ein uvanleg vakker, rosa vesthimmel og ennå lite vind. Men me visste at kraftig vindauke med stormkast var meldt utpå ettermiddagen, så alt kl. 0950 var me av gårde frå hytta. Me ville unngå kriginga oppover mot Brogaheia som me hadde erfart dagen før, så derfor la me returen langs nordsida av Forenesvatnet mot Tysdalsheia. Det fekk heller våga seg at ein av oss måtte gå 4 km opp til Boremyr etter bilen! Me fekk ein flott tur på isen langs vasskanten og vidare oppover Tysdalsheia. Her var det ganske bra skiføre – sjølvsagt på dei frosne myrene – men óg over lyngtuer og einerkratt var det godt med skia til hjelp. Det var ein god del dyrespor, i alle fall av hjort og truleg rådyr, og både urin og skit av ein retteleg >>>

Frå Målandsdalen til Forenesvatnet på ski

Datum:
10.01.2026

Endå ein fin tur til Jarle si hytte ved Forenesvatnet, og endå ein gang ville ungdomane vera med , men nå sjølvsagt på ski. Det hadde ikkje kome noko særleg påfyll av snø sidan dei var over Målandsheia på forrige tur, og me rekna helst med at det var grundig avblåst der oppe etter kraftig vind dagen før. Vind skulle det óg bli neste dag – stormkast utover ettermiddagen – så me la bare opp til eit døgn på tur. Liarvatnet var utruleg nok ikkje islagt etter to veker med dugeleg frost, så me måtte ha Boremyr i Målandsdalen som utgangspunkt. Start frå parkeringa ved Rv. 13 kl. 1120, og på ski med relativt tunge bører brukte me 1 time 25 min opp til demninga i Sagåna, der me endeleg møtte solstrålene. Det var avblåst her som venta, men me tråkla oss opp mot Målandsvatnet utan å vera >>>

Medfjellsvarden heimefra

Datum:
03.01.2026

Flott soltur med gjengen. Ennå for lite is til å gå over myrer og vatn.

Karte