Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Vardhusheia, Husaheia m.fl. på ski frå Målandsdalen

Datum:
26.02.2024

Med perlevêr meldt denne eine dagen i vinterferien måtte det bli ein spontan fridag, og berre litt over ei veke sidan sist tur gjekk vegen endå ein gang til Målands- og Brogaheia. Det hadde nemleg kome eit godt dryss med etterlengta nysnø rett før helga, så føret oppe på heia burde vera framifrå. Det var isete oppover traktorvegen frå Boremyr, og eg tok ikkje på meg skia før eg var oppe ved den øvste brua. Opp til demninga i Sagåna gjekk det radig på om lag 50 min, og sidan sist var det blitt greit, men litt tungt skiføre i terrenget heilt herifrå. Vel oppe i sola ved Målandsvatnet bytta eg frå lange til korte feller, og sørover heia var det reint herleg å vera på tur, med lett føre, sol og stilt vêr som det var. Eg gav meg god tid og studerte både dyrespora og vårløysinga >>>

Karte    

Boknafjellet fra P-plass

Datum:
19.02.2024
Karte    

Vardhusheia, Bergeheia og Krunefjell på ski frå Målandsdalen

Datum:
17.02.2024

Dette vart ein blåkopi av den flotte romjulsturen til Målands- og Brogaheia, men sjølvsagt med heilt andre snøforhold. Sidan då har vintervêret vore svært vekslande, med store menger snø følgt av både krafig vind og regn i fleire omgangar. Men denne dagen var det meldt eit flott vêrvindu som måtte nyttast, og at det ville vera godt skiføre oppe på Målandsheia var ganske sikkert. På stort sett snøfri traktorveg gjekk turen opp til demninga i Sagåna på tilnærma rekordtid, knapt ¾ time frå bilen ved Rv. 13. Heller ikkje her var det skiføre, derimot helst vårlege forhold, men halvvegs opp til Målandsvatnet kunne eg ta på skia. Det var som venta skareføre, men heldigvis ikkje isete, så langfeller var utan tvil rette løysinga for å få feste. Det var både stilt og sol, så over Målands- og >>>

Karte    

Tunglandsfjellet frå Kraftstasjonen

Datum:
14.02.2024

Flott morgontur på råtnande snødekke. Syngande blåmeis ved turstart og fossekall par i kurtise ved kraftstasjonen. Gjekk både opp og ned den (for meg) nye stien vest for Dalsskardhammaren, 1 ¼ time på tur.

Karte    

Førlandsåsen frå Dalavegen

Datum:
09.02.2024

Flott snøvassetur, men kraftig føyke i vindråsene. 1 time 25 min på tur seier litt om at det var tungt!

Karte    

Syreglånå og Syreneset fort fra Skådel

Datum:
04.02.2024

Fin tur i blesten, såg ein hønsehauk i flukt.

Karte    

Falnes/Trivarlia fort heimefra

Datum:
03.02.2024

Langtur heimefra om Beiningen, fortet og Litlavatnet. Mange fine fugleobservasjonar, tre havørner (ei juv. og to ad.), to musvåkar og ein storfalk i flukt!

Karte