Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Piggjafjellet og Husafjellet frå kraftstasjonen

Datum:
23.02.2023

Om lag 2 timar på tur utan nærare tidtaking. Opp om Fossabrekka, og oppom Piggjafjellet som verken hadde navn på kartet eller sti sist gang eg var der. Det var truleg for 30 år sidan då eg óg var over toppen av Husafjellet. Retur om Kjellbrekk og Selemork, der eg såg ein hønsehauk i flukt. Både Husafjellet og Piggjafjellet er nok gamle navn som er brukte i Selemork/Seljeskog, der Husafjellet ligg nærast garden/huset og Piggjafjellet reiser seg ganske kvast, som ein pigg mot himmelranda. Sistnevnte vart óg kalla Stempiggjen etter Stemmen, utløpet av Tømmervatnet.

Karte    

Vardaheia og Kammen frå Sandvikvegen

Datum:
19.02.2023
Karte    

Hambornuten frå Tysingvatnet

Datum:
18.02.2023

Etter føremiddagstur til Junkervarden/Tveitaråheia vart det god tid til ein ettermiddagstur til Hambornuten. Greit med merka sti opp bratta i sørvest. Såg fleire havørner i luftig svev, og endåtil eit fullvakse og kaklande par i kurtise rett over toppen mens me hadde matpause eit stykke nedanfor. Skremde óg opp eit par orrhøner og fekk sjå ein liten flokk korsnebbar på nært hald.

Karte    

Junkervarden/Tveitaråheia frå Økstrafjordvegen

Datum:
18.02.2023

Til topps på Jelsa normalvegen frå sørvest. Finverstur etter uver med orkan i ytre strøk dagen før. Fint dryss med nysnø over ca. 400moh, men i sørhellinga på returen var det helst vårleg når sola var framme. Framifrå utsikt frå ein såpass høg rygg så langt ute.

Karte    

Selsnuten frå Erøy

Datum:
17.02.2023

Første gang til topps på Erøy, 50 min på tur, for det meste på traktorveg.

Karte    

Salane frå Målandsdalen

Datum:
14.02.2023

Håp om skiføre på Målandsheia, men det var bare å gløyma. Skia måtte settast att eit stykke innanfor demninga i Sagåna, så det vart fottur til topps på Salane i staden. 2 ¼ timar på tur i fint, men overskya ver.

Karte    

Arafjella frå Snørteland

Datum:
13.02.2023

1 time 20 min på tur i stilt og fint ver etter solgløtt tidlegare på dagen. Opp om Løkjen, ned om Reiarsvatnet

Karte    

Toppraid ved Ålfjorden

Datum:
11.02.2023

Snaut 2 ½ timer på tur inkludert kjøringen mellom toppene, uten nærmere tidtakning. Først Alnaåsen fra Alnavegen, greit til topps bak nr. 92 (øverste hus til venstre) hvor det faktisk var merket sti med små røde merker i trærne. Så Vardåsen fra Årvikvegen, langs greie traktorveger fra parkering ved et sagbruk. Dette ble lengste eappe med ca. 5 km t/r. Til slutt Krakefjellet fra toppen av Gangstøvegen, stedvis bratt og kronglete. Her måtte alle fire til hjelp oppover og "bakbremsa" nedover. Ikke noen tur med nye Gore-tex klær dette, nei!

Karte