Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Jamnarheia frå Songesandvegen

Datum:
18.10.2021

Dagens andre tur var kortreist ved at eg bare kjørte frå Leiken og opp til høgaste punktet på Songesandvegen ved Sandvatnet og gjekk opp på Jamnarheia, om lag 40 min. på tur i overskya og vindfullt ver.

Karte    

Risåsknuten, Veraheia og Kubbåsen frå Leiken

Datum:
18.10.2021

Denne spontane fridagen var det meldt finver med litt vind og fare for regn utpå ettermiddagen. Første turen for dagen vart lagt til eit knippe toppar sør for Songesandvegen i Lyngsheia. Med tidleg start frå Leiken og den T-merka stien til Bakken var planen å få til ein rundtur over dei tre toppane med pf≥50m i området, Risåsknuten, Veraheia og Kubbåsen ovanom Folkehjelpshytta. Utruleg nok heilt nytt terreng for meg, med unntak av ein skuletur på ski tilbake på 80-talet! Det var frost og derfor glatt på berg og steinar, så eg måtte fota meg med litt kløkt. Vel inne ved den vesle Lomstjødna tok eg stilaust nordvestover mot Risåsknuten. Eg trudde dette skulle vera ein kjapp oppgang, men så synte det seg at det som var markert som toppen på kartet, ikkje var toppen likevel. >>>

Karte    

På leit etter krigsminne på Brogaheia

Datum:
17.10.2021

Etter dårleg vermelding før helga opprann denne søndagen med sol og vindstilt haustver av beste slag, og det var klart for ein lenge planlagt tur til Brogaheia ovanom Longavatnet. Ikkje er dette bare eit av dei finaste områda i Jørpelandsheia, men det er óg åstaden for eit viktig lokalt krigsminne, nemleg eit alliert våpenslepp i november 1944. Det er restar av dei 24 stålcontainerane som landa på Brogaheia den dag i dag, og eg hadde lyst til å dokumentera staden der dei vart gøymde av motstandskarane frå Jørpeland. Eg hadde ikkje vore ved gøymestaden på 30 år, så det var ganske spennande om eg faktisk ville finna han. Eg starta frå den nyleg utvida parkeringa ved Liarvatnet, som var smekkfullt etter store nedbørsmengder dei siste dagane. Transportetappen inn til Grimsli >>>

Karte    

Kleppsnuten og Osberg frå Åsvegen

Datum:
16.10.2021

Fin grå- og regnverstur i Erfjord, akkurat som meldt. Me kjørte eit stykke opp i Åsvegen for ein runde om Kleppsnuten og Osberg. Følgte den gamle driftevegen opp Åsdalen til Kleppsvatnet og vidare på nordsida nesten inn til Boglandsmyrane. Her tok me bratt opp Nordre Uraskard til platået på snaue 700moh. Her snudde me vestover og opp i skodda til varden på Kleppsnuten. Vidare vestover passerte me sør for Krune og Astridtjødna før me tok ein god matpause i hytteveggen ved Jentefjelltjødna. Her stod ein delvis kvitkledd røysekatt for overraskande underhaldning. Her skein det etter kvart opp, og våte og kalde kunne me gleda oss over stadig betre utsikt nedover mot utsiktspunktet på Osberg. Her følgte me god sti langs ein markert morenerygg. På Osberg var det sjølvsagt rundskue >>>

Karte    

Kiggjafjellet fra Fjellet

Datum:
15.10.2021

Svipptur langs traktorveg fra garden Fjellet og opp fra nordøst. Det eneste faunainnslaget stod en oppskremt enkeltbekkasin for. Var heldig og gikk akkurat klar av regnbygene.

Karte    

Tunglandsfjellet frå kraftsatasjonen

Datum:
01.10.2021
Karte    

Krokavassnuten fra Stemmen

Datum:
30.09.2021

Ca. 40 min. hver veg i gråvær med regn på returen.

Karte    

Arbunuten fra Arbuvollen

Datum:
26.09.2021

40 min opp og 40 min ned i praktfullt høstvær mellom to lavtrykk.

Karte    

Kjelatind fra Godthol/Kjela P-plass

Datum:
25.09.2021

Flott godværstur T-stien sørover langs Kjelavatnet til brua over elva i Vassdalen. Jeg har ikke vært så langt sørover T-stien siden 1991 da vi gikk 1 ½ uke fra hytte til hytte fra Haukeliseter til Nes i Årdal. Et kort stykke etter brua tok jeg av fra stien, krysset et par tverrdaler og gikk stiløst og relativt bratt til topps. Kjempefint rundskue og pause i le for en kald bris fra nordvest før retur samme veg. Om lag 13 km, 550 hm og 5 timer på tur inkludert to gode pauser. To ringtroster, to liryper, noen steinskvetter og tre lemen sto for underholdningen denne flotte høstdagen.

Karte    

Rundtur på Steinfjellet frå Songesand kai

Datum:
18.09.2021

Denne turen til avsidesliggande Steinfjellet ovanom Bratteli/Bakken har stått på gjere-lista mi lenge, og denne fine, men litt vindfulle haustdagen vart det alvor. Eg kunne ha spart anmarsjen frå Songesand kai til Bakken ved å ta Lysebåten, men valde å gå langs fjorden for maksimal fleksibilitet med tanke på tida. Det er uansett god og T-merka sti der, og turen opp til Bakken var unnagjort på bare 45 min. Dette var første besøk for meg på Bakken, utruleg nok. Me var i Bratteli og heilt til Myra frå Preikestolhytta tilbake i 1998, lenge før Bakken var ferdig restaurert, men me fann aldri Bakken den gangen. Nå framstår staden som eit retteleg smykkeskrin, og eg får koma tilbake for overnatting ved eit anna høve. Dei einaste folka eg såg på denne turen, var forresten på Bakken, >>>

Karte