Frå Forenesvatnet til Tysdal på ski (11.01.2026)


Søndag morgon ved Forenesvatnet etter ei stjerneklår og kald natt, var det ein uvanleg vakker, rosa vesthimmel og ennå lite vind. Men me visste at kraftig vindauke med stormkast var meldt utpå ettermiddagen, så alt kl. 0950 var me av gårde frå hytta. Me ville unngå kriginga oppover mot Brogaheia som me hadde erfart dagen før, så derfor la me returen langs nordsida av Forenesvatnet mot Tysdalsheia. Det fekk heller våga seg at ein av oss måtte gå 4 km opp til Boremyr etter bilen!

Morgonidyll i paradiset!
Morgonidyll i paradiset!
Klare for retur!
Klare for retur!

Me fekk ein flott tur på isen langs vasskanten og vidare oppover Tysdalsheia. Her var det ganske bra skiføre – sjølvsagt på dei frosne myrene – men óg over lyngtuer og einerkratt var det godt med skia til hjelp. Det var ein god del dyrespor, i alle fall av hjort og truleg rådyr, og både urin og skit av ein retteleg sværing som må ha vore ein elgokse.

I fint driv langs kanten på Forenesvatnet
I fint driv langs kanten på Forenesvatnet
Ditto
Ditto
Brukbart skiføre oppover Tysdalsheia
Brukbart skiføre oppover Tysdalsheia
Fornøgd på tur, her med Reinaknuten som bakteppe
Fornøgd på tur, her med Reinaknuten som bakteppe
Frå same staden, der me passerer vest for Fonna og Krunefjell
Frå same staden, der me passerer vest for Fonna og Krunefjell
Skogens konge, mon tru?
Skogens konge, mon tru?
Tilbakeblikk mot Tysdalsheia med Solknuten og Heiahodnet kjenneslege
Tilbakeblikk mot Tysdalsheia med Solknuten og Heiahodnet kjenneslege

Me sikta oss inn mot toppen av traktorvegen som me nådde kl. 1125, etter 1 time 35 min i ganske jevnt tempo frå hytta. Her skilde me lag ved at eg raska på nedover til Tysdal der eg sette att utstyret før traskinga vidare opp til bilen. Det tok 30 min ned til gards og 40 min langs Rv. 13, og dermed blei det 2 ¾ timar på tur, og me var trygt nede før uvêret slo til i høgda.

Det var lite liv å sjå denne dagen óg, men nede i Målandsdalen såg eg i alle fall ei ørn i luftig svev, truleg ei havørn.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.