Frå telt i Nedre Russglopet til Glitterheim (10.08.1992)
Besuche anderer PBE | Glitterheim (1.390m) | 10.08.1992 |
---|
Sommartur i Jotunheimen 1992, dag 2
Denne dagen var det delvis nye stiar for meg, mellom teltplassen i Russglopet og overgangen til Veodalen ved Austre Hestlægerhø. Framleis i finver med relativt høge skyer fekk me ein heller lett tur, og på Glitterheim nytta me like godt høvet og la oss inne på sovesal.
Om kvelden tok eg meg ein tur opp til Steinbuvatnet for å rekognosera litt før morgondagens tur, som me tenkte å legga stilaust gjennom Storeglupen. Dette mest fordi eg gjekk normalvegen gjennom Vesleglupen med mor og far for berre 2 år sidan .
Benutzerkommentare