Bivuakk ved myra i skogen (08.03.2024)


12 timar i posen, eller posane(!), under stjernevrimmelen.
Jupiter i vesterled.
Stjerneskudd i same retning.
Orion, etter kvart Karlsvogna.
Nesten heile Vintersekskanten.
Kattugla tuta nært ved i fleire omgangar.
Hubroen like så, men lenger vekke.
Ymse dyreskrik i natta, og eit av dei i dødskamp?
Litt søvn!
Vakna til ravnerop og song frå raudstrupen.
Rim på vindsekken og underlaget.
Is-snerpe på myrene og frose i vannflaska.
Ei stor naturoppleving rikare, eit kvarter heimefrå.

Utsikt frå soveposen like før soloppgang
Utsikt frå soveposen like før soloppgang

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.