Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Skitour (4)
- Tourenskilauf (4)
Lauparen frå Lauparlengda
- Datum:
- 06.05.2017
Starta turen frå Lauparlengda kl06. Var litt usikker kor mykje det hadde rasa frå berga ned mot dalsida, men linja eg hadde sett meg ut var uberørt. Veldig fin nedkjøring til Trongbotn og var nok heldig med føret.
Frukost ved varden og fekk akkurat sola inn på flanken opp til Lauparen før oppstigninga. Stabile forhold pga kulde på natta og tok raskt skia på ryggen pga glatt skare. Tok på stegjern, men det var ikkje nødvendig da det var enkelt å bryte skarelaget. Rolig til tur opp mot toppen pga ritt seinare på dagen.
Vindstille og flott på toppen! Kunne vore her i mange tima, men ville ta nedkjøringa før sola tok for mykje i sida. Såg ut som det hadde vore to stk tidligare i år, da frå Tresfjord sia.
Nedkjøringa var nydeleg da sola akkurat hadde brutt opp skara, tok samme linja >>>
Overnatting på Sunnmørslauparlengda
- Datum:
- 05.05.2017
Kveldstur mot Lauparen fekk ein vri, blei til overnatting ved varden på Lauparlengda og ikkje i dalen. Vindstille og akkurat nok med berre sovepose.
Rander Topp - Norges flottaste skitopp
- Datum:
- 01.05.2017
Siste dag på Sunnmøre før retur til kvardagen.. Brutalt å ende ei slik magisk langhelg, men da passa det perfekt å ta ein dessert tur til Randers!
Nydeleg ver og sola tok godt oppover lia! Starta turen med 07:50 ferga og fekk fjellet nesten heilt aleine! Var også greit å komme seg opp lia før snøen blei heilt laus.
Flott nedkjøring som alltids og ein behagelig slutt på dagen med labbing frå 300 høgdemeter og ikkje minst deilig friskt bad i fjorden! Ordentlig frå "fjord til fjell" topp!
Kolåstind og Nordre Sætretind
- Datum:
- 30.04.2017
Klassiker av en rundtur. Ikkje mykje folk i fjellet slik ein praktdag, vindstille og sol heile dagen. Flott snø i høgda var det også! På tide å besøke Kolåstinden og var greit å ta den litt tidlig på dagen med tanke på kø utover dagen.
Kvitnyken
- Datum:
- 29.04.2017
Kviledag til Kvitnyken. Enkel topptur med fin nedkjøring.
Flott vårdag og vindstille heile turen. Burde hatt shorts slike daga!
Slogen
- Datum:
- 28.04.2017
Flott tur til Slogen!
Meir vind enn dagen før, men tidvis nydeleg vårvarme i sola! Vinden gjorde sitt til at kulde holdt seg og frå toppen og ned til hytta var det fantastisk puddersnø!