Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lundsfjellet og Nøta

Datum:
28.01.2014
Tourlänge:
1:40h
Entfernung:
5,0km

Alt håp er som kjent ute, og då kan ein ikkje berre sitje og gnure på eit kontor og sjå ut på solfylte fjelltoppar! Derfor slutta eg tidleg i dag, og satte kursen mot Vågstranda. Eg hadde sett meg ut to skogkledde åsar som kunne passe fint i dag. Nesten heile Lundsfjellet er verna som barskogreservat, og eg var ganske spent på både naturen og om eg ville få noko utsikt. Eg parkerte nedanfor garden i Brudeskaret, og fulgte merking mot Lundsfjellet og Helgestø. Raud merking heilt til topps, men stien er ellers noko utydeleg og eit bevis på lite ferdsel. På toppen fekk eg gløtt av både fjord og fjell, og spesielt var utsikta mot Venjestindan og Trolltindan flott. Artig med trolsk skog i forgrunnen og majestetiske toppar i bakgrunnen. Etter å ha returnert ned same vegen til Brudeskaret >>>

Karte    

Kjølen

Datum:
26.01.2014
Tourlänge:
1:42h
Entfernung:
6,5km

I dag vart det ein søndagstur heim til Stordal, og då passa det fint å stoppe på Ørskogfjellet og ta ein liten avstikkar i solskinnet.

Karte    

Oksen

Datum:
25.01.2014
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:38h
Entfernung:
9,8km

Eg fulgte grusveg opp til Hatledalen og "T-krysset" midt på myra. På kartet står det at vegen hit er stengt med bom, men eg såg ingen bom.. Herfrå var planen å følge grusvegen vidare i retning Hatlesetra, men tilfeldigvis traff eg ein kar som tipsa meg om å følge en traktorveg rett nordover fra det nevnte krysset. Denne gjekk etterkvart over til sti, og tok meg opp til Slettskaret. Herfrå var det enkelt til topps via nordaustegga. Joggesko med broddar var ypperleg fottøy i dag...ein skulle ikkje tru det var slutten av januar.. Returen gjekk tilbake til Slettskaret, og derfrå tok eg turen bortom Eidsfjellet, og vidare ned til Kolåsen. Dei to sistnevnte var fine skogstoppar, med mykje innslag av store, trollske furutrær. Kanskje bra plassar for å oppleve orreleik? Det >>>

Karte    

Nesaksla

Datum:
20.01.2014
Karte    

Litleoksen og Randsetfjellet

Datum:
18.01.2014
Tourlänge:
2:34h
Entfernung:
6,2km

Mykje vind og grått ver gjorde at vi helst ville unngå dei høgaste toppane i dag. Valget vart dermed Litleoksen på Rødvenhalvøya. Parkerte ved Landresetra (bomveg, 30 kr betalast med giro), og fulgte merka sti til topps. Litt isete innimellom, og sterk vind på toppen. Flott utsikt utover fjorden, og mot Vågstranda og Vestnes. Opphaldet på toppen vart kort, så nistepakken sparte vi til vi kom litt ned i skogen. Etter å ha returnert til bilen tok eg ein snartur oppom Randsetfjellet, og denne var verdt å få med seg.

Karte    

Stegjernstur til Klauva

Datum:
11.01.2014

Eg parkerte ved skytebana litt over kl.8, og før eg gjekk ut av bilen viste gradestokken -11 grader. No ligna endeleg januar på seg sjølv! Eg pakka trugene på sekken og rusla med hodelykt i retning Loftskarsætra. Rett før sætra var det veldig isete og glatt, og eg bestemte meg raskt for å ta på stegjerna. Videre oppover i retning skaret mellom Skarven og Søre Klauva er det tungt og bratt, og utsikta bak meg lokka meg til å ta mange pauser. Oppe i skaret la eg frå meg trugene, dei kom eg ikkje til å få bruk for. Videre opp mot Søre Klauva er det enkelt, og undervegs måtte eg ta av stegjerna pga lite snø. Det vart ingen lang pause på toppen, sidan eg skulle vidare mot Klauva. På veg ned til skaret måtte stegjerna på og isøksa fram, og med slikt utstyr gjekk det fint å kome >>>

Karte    

Presten, Prosten og Blåtindane

Datum:
04.01.2014

Under lunsjen på fredag kom to kollegaer og spurte om eg var interessert i ein fjelltur i Måndalen i helga. Det var eg sjølvsagt veldig lysten på, og turmålet (Prosten, Svartevassegga og Trolltinden) høyrdest veldig spennande ut! Vi parkerte ved Moen i Måndalen i 8-tida, og var raskt i gang oppover skogsvegen i retning Mosetra. Oppe på setra pakka vi ned hodelyktene, og satte kursen mot Vassfjellet. Her fann vi raskt ut at stegjerna måtte på, og vi traska oss i fint driv opp til Vassfjellet. Her vart vi møtt av flott utsikt, men også sterk vind. Egga vidare opp mot Presten og Prosten såg litt ekkel ut, spesielt på det vinterlege føret, men ting er ofte lettare enn det ser ut på litt avstand, og i 12-tida stod vi endeleg på Prosten. Etter ei kort matpause bestemte vi oss for å >>>

Verahornet

Datum:
01.01.2014
Karte