Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (2)
- Kayaking (2)
- Fahrradtour (17)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
-
Fußtour (280)
- Bergtour (4)
- Jogging (268)
- Spaziergang (2)
- Wanderung (6)
-
Skitour (120)
- Langlauf (16)
- Randonnée/Telemark (88)
- Tourenskilauf (16)
Peakbookfreunde
Olaskartinden
- Datum:
- 28.07.2013
Eg parkerte øverst i Venjesdalen, og fulgte sti som går opp forbi Hornvatnet og vidare mot Halls renne. Der svaene starter tok eg til venstre opp i botnen og kryssa den vesle elva og fortsatte på sti i retning Olaskarvatnet. Litt før vatnet tok eg mot høgre, og peila meg inn rett på nordegga mot Olaskartind.
Eg var litt usikker på korleis egga var, men hadde lyst å gi den eit forsøk. Egga viste seg å vere litt bratt enkelte steder, men det var berre snakk om klyving og eg kom meg greit opp. Oppe på øverste del av egga skråa eg nedover mot Hornaksla. Fantastisk utsikt ned til Romsdalen og over mot Trollveggen/Trolltindane. Vidare var det enkelt opp til Olaskartind, der det var veldig fin utsikt innover mot Svartevatnet og Kalskråtind.
Returen gjekk ned mot Olaskarvatnet på austsida >>>
Store Venjetinden
- Datum:
- 25.07.2013
Denne toppen har eg utsikt til frå huset vi bor i, og derfor har eg hatt veldig lyst å kome meg på den sidan vi flytta hit 1.juni. I dag tok eg fri kl.14, og satte kursen mot Venjesdalen. Parkerte ved enden av vatnet, fylte opp vannflaskene, og satte i gang oppover. Første etappen går rett og slett ut på å gå ca 1000 høgdemeter oppover. Først langs ei slags ravine, og etter kvart inn i ei renne som fører opp til ryggen på ca 1500 moh.
Eg var usikker på den nøyaktige ruta vidare, so eg satte meg ned og spiste litt mat og studerte nokre andre som var på veg ned. Etter å ha prata med dei fekk eg vite at det beste var å gå over ryggen og litt ned i sørsida. Her var det enkelt eit stykke oppover, før eg kom opp att på ryggen litt lenger oppe - der svaene oppover starter. Herfra >>>