Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (2)
- Kayaking (2)
- Fahrradtour (17)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
-
Fußtour (280)
- Bergtour (4)
- Jogging (268)
- Spaziergang (2)
- Wanderung (6)
-
Skitour (120)
- Langlauf (16)
- Randonnée/Telemark (88)
- Tourenskilauf (16)
Langtur i Eidefjella
- Datum:
- 09.08.2014
- Tourlänge:
- 10:34h
- Entfernung:
- 28,8km
Denne turen har eg tenkt på ei stund, og denne helga skulle det skje! Eg vakna til blå himmel kl.6.20, og då var det berre å kome seg raskast mulig ut. Eg fekk skyss til Syltesætra, og det var godt å vere i gang med turen. Etter 56 minutt stod eg på Kvannfjellet. Her vart det ei lita pause, medan eg vart underhaldt av ein nysgjerrig røyskatt.
Ned frå Kvannfjellet var det enkelt, og eg måtte ned til ca 500 moh før eg starta på bakkane opp mot Heklatindan og Luten. Lettgått her også. Etter 2 t og 31 min stod eg på Luten.
Ned frå Luten er det ein graskledd og bratt bakke, men fint å gå. Eg såg sauer nedi bratta, og sidan dei kunne ferdast der so rekna eg med at eg sjølv også klarte det...
Vidare over to småtopper før ein bratt bakke opp mot Sørtussen. Ankom toppen etter 4 >>>
Romsdalshornet
- Datum:
- 01.08.2014
SturlaS (Sturla Sandvei) hadde planer om tur til Romsdalen, og eg meldte meg som frivillig til å bli med opp nordveggen på Romsdalshornet.
Dagen starta med regn, og eg møtte Sturla i Vengedalen kl.7.30. Vi bestemte oss raskt for å gjere eit forsøk, tross regn og skodde.
Sturla er ein dreven klatrer, og eg lot han glatt få lede alle taulengdene. Det gjorde han utan problemer, og etter nokre timar var vi på toppen. Veldig skiftande vær, men på toppen var vi heldig og fekk eit gløtt av sol.
Etter 5 raske rappellar var vi nede igjen i Gapet, og da var det berre å rusle nedover ura og tilbake til bilen.
Dønttinden
- Datum:
- 26.07.2014
- Tourlänge:
- 9:11h
- Entfernung:
- 38,1km
Planen i dag var å jogge mest mulig inn mot Dønttinden via Langfjelldalen. Derfrå ville eg gå via diverse topper og ende opp på Skarfjellenden.
Eg klarte å halde oppe eit bra tempo, og jogga mesteparten inn til Langfjellvatnet. Etter dette var det bratt opp til Dønttinden. Pga skuffande dårleg ver og sliten kropp so bestemte eg meg raskt for å droppe resten av toppane og ta same vegen tilbake.
Kvanndalstinden
- Datum:
- 24.07.2014
- Tourlänge:
- 14:09h
- Entfernung:
- 23,2km
Fantastisk flott tur i lag med Ole-Petter. Vi gjekk dessuten turen i lag med eit hyggelig par frå Østerrike. Men dette var ikkje rette dagen å gløyme att kameraet heime på...Resultatet vart dårlege mobilbilder.