Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Topptur til Ruten

Datum:
10.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:18h
Entfernung:
10,8km

Tidleg sundag morgon koka eg kaffi og smurte nistepakke, vi skal på topptur til Ruten i Hemne. Etter ein vinter med heller skuffande treff på tidspunkt for fri og føre for nedoverski var det endeleg klart for årets fyrste orntlege topptur. Når eg kjika på graderstokken lurte eg eigentleg litt på kvifor eg ikkje berre hadde rulla meg over og sove berre "eeeein time til". Nei, her var det berre å hoppe rett i ullundertøyet og pakke balaclava og ekstra lag med fleece i sekken. Skyssen kom og den halvannen times lange bilturen til Hemne var ikkje stort å fortelja om. Heimdal, Buvika, Børsa, Orkanger, Hemne! Her var det -17 og i skuggesida. Vi satt lenge i bilen og kvia oss for å gå ut. Telemarksstøvlane blei dratt på under tronge kår i baksetet. Fellane blei dratt på, >>>

Karte    

Påsketur til Loftet

Datum:
08.04.2012
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark

"Vi skulle på påsketur!" Nokre tradisjonar er eldgamle. Andre er av relativt ny dato. Min nyaste tradisjon er å koma meg over 2000 meter i løpet av påska. Det er vel eigentleg ein draum eg har hatt sidan eg og Onkel Per gjekk rundt Tverrådalskyrkja, og toppa ut Søre Tverrådalskyrkja ei påske (eg må finne ut årstal for denne turen, trur det var ein gong på 90talet..). Påska 2012 var eg i alle fall i gang, og eg håpar at om eg ikkje greier å koma meg over 2000 kvar påske, at eg i det minste får ein skikkeleg topptur i det minste. Påska 2013 var det altså Loftet som stod for tur. Loftet er jo ein særs klassisk topptur for alpinski. Førhaldsvis grei oppstigning, og eit skikkeleg javnt og langt renn ned utan særleg daudtid. Vi dura avgarde ganske tidleg oppover Bøverdalen >>>

Karte    

Topptur til Storhornet

Datum:
27.02.2010
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark

Denne vintern hadde eg kjøpt meg orntleg telemarkutstyr for fyrste gong. Tidlegare spede forsøk på alpinkjøyring har vore i det vesle trekket på Grotli med atomic-plankar og lærstøvlar. No hadde tida endeleg kome for å testa utstyret på "orntleg" topptur. Storhornet er vel anbefalt som nybyrjartoppa over alle her i midt-Norge. Så vi bila i veg ganske tidleg laurdagsmorgon, sidan vi skulle på konsert (og eg skulle ha vors..) om kvelden. Vel framme ved parkeringa var det strålande vær og vi blei gode og gira i kropp og sinn. Vi la iveg oppover med stor iver og glede. Fint føre oppover skogen og eit godt stykke oppover fjellet. Etterkvart byrja nye skistøvlar å gnaga på hælen, og gnagsår kombinert med at været slo litt om og det blei godt med vind og snødrev rundt >>>

Karte