Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Familietur til Lusaskar, Leikanger

Datum:
07.08.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
6,8km

Det starta bra, med ein pissetrengt hund som blauta ut buksa til kona i forsøket på å kome seg fortast mogleg ut av buret. Då hadde altså vi køyrd heilt opp Njøsadalen til stølen Skagasete. Bortsett frå dette gjekk det i godt driv i overkant av 3 km fram til Lusaskar. Det var litt veklsande ver med sur austavind til tider, som resulterte i av- og påkledningar til det kjedsommelege. Men på toppen var det lett å finne le. Returen inkluderte litt leie føter, litt surmuling, litt grining og eit lengre do-besøk. Takk Gud for sjokolade. Likevel ein fin familietur, der til og med minstemann fekk utfodra beina i kupert terreng.

Karte    

Stedjeåsen-Hella, Dag 2

Datum:
17.07.2021
Entfernung:
21,0km

Første natta i telt var, som vanleg er på slike turar, av svært varierande kvalitet. Vi vakna elles til ein overskya himmel og ein litt bister vind. Eit tydeleg forvarsel på kva som skulle kome. No gjaldt det å finne den raskaste ruta nordover mot Synnevaskjer, via fjellryggen på vestsida av Store trastadalsvatnet. Tanken var god, men gjennomføringa var elendig. Av ein eller anna merkeleg grunn, kanskje som følgje av mangelfull kartlesing og sondering i terrenget, kom vi alt for langt mot vest og gjekk rett på hytta (eller rønna) Trastå på vestspissen til Henjadalen. På eit tidspunkt var Eirik til og med på veg nedover mot Friksdalen i full fart, i den tru at dette var Trastadalen. Jadda, gutta på tur dette! Hadde vi ikkje kome inn på ein sti i riktig retning, som for øvrig >>>

Stedjeåsen-Hella, Dag 1

Datum:
16.07.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
18,5km

Oppfølginga av suksessen frå i fjor (les: Fodnes-Tangen) var planlagt med tre overnattingar frå Sogndal sentrum til Hella fergekai (også i Sogndal kommune). Første dagen skulle Stedjeåsen og Hagafjellet forserast, via Øvstedalen og med overnatting ved Fjærlandssete. Andre dagen skulle vi gå opp Synnevaskjer (1544 moh), og vidare over Myrdalsbreen/Voggebreen og ned Skarholten til Grindsdalen. Deretter, på dag tre, skulle vi finne ei rute forbi Stav og (opp på) Hest, før vi svingte sør-vest ned Storholten og ned til Hella. Nokså greitt, tenkte vi. Ruta var sjølvsagt krevjande og hadde sine udefinerbare utfordringar, men slik var det med førre tur og. Einaste var kanskje breen, som kunne verte "interessant". Likevel var det ingen sure miner. Vi var rett og slett proppfulle >>>

Karte    

Terrengsykling frå flyplassen

Datum:
13.06.2021
Tourcharakter:
Fahrradtour Gelände
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
20,0km

Forsøk på Breistølfjellet

Datum:
29.05.2021
Entfernung:
3,5km

Hyttetur med "bergensarane" endte med flatfyll og personskade på fredags natta. Men jammen klarte to av oss å presse oss opp nokre høgdemeter dagen derpå likevel. Ikkje dårleg berre det, og difor også kvalifisert for boki.

Karte    

Bomtur på Øystre Fagerdalshøe

Datum:
29.04.2021
Entfernung:
5,7km

Tur til Beitstølen i permisjonen med ein god kollega er kjekke greier. Med godt mot sette vi av garde frå bilvegen innover hardpakka snø. Smart som eg var fjerna eg setet i pulken, slik at minsten heller skulle få liggje på skrå og sove. Det han likte han svært dårleg. Når vi var komne ca halvveges var det berre å gi opp. Minsten var sint som ein tyrk og la ned klar protest på vegen vidare. Ikkje fan om han ville liggje (skrått) i pulken. I all forvirringa gløymde eg sjølvsagt å ta av meg fellene og heldt på å tryne ned fjellsida rett ved nokre andre turgåarar. Viss det hadde skjedd hadde vel minsten gått fullstendig av hengslene.

Karte    

Fisketjernnuten med fjellski og pulk

Datum:
28.04.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
4,5km

Kjekk, liten tur med kollega Erlend på permisjonstur med gutta. Flott ver og alle ved godt humør. Var faktisk ikkje ein ting som gjekk gale her. Utruleg, men sant.

Karte    

Amlaholten

Datum:
18.04.2021
Entfernung:
4,7km
Karte    

Skivebom på Vardeggi, Gaularfjellet

Datum:
02.04.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
3,0km

Eg og brodaren Eirik hadde tenkt å ta Vardeggi på ski/rando. Vi satsa på ein rett-opp og rett-ned tur, og fekk difor 320 knallharde høgdemeter frå bilen. Men fjellet ville det annleis. Det var frisk bris når vi starta og stiv kuling då vi bestemte for å gi tapt. Storm, nærmast. Kastevindar og hylande kattungar. Nærmast Ragnarok, viss eg skal smøre godt på.

Skikkeleg bra pulketur til Høgehaug

Datum:
19.03.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
10,0km

Her vert det plusspoeng på han far. Med minsten i pulken, hunden i band og jentungen hengande bakpå med langrensski (som ho gjekk på av og til), var det duka for ein dugeleg fiasko og/eller katastrofe. Men, neida. Med unntak av slitet, som eg uansett hadde stålsett meg på, og det at minsten sjølvsagt sølte drikkevatn på seg i 10 minusgrader, gjekk alt etter planen. Sølinga resulterte forresten i eit lynraskt klesskift - ein prestasjon eg var særs nøgd med. Elles var det rimeleg god stemning heile vegen til topps. På toppen byta jentungen til slalomskia (som vi hadde med oss), og så bar det rett ned til nysteikte vafler i Dalalåven med hunden i hælane. Ingen fall, hyl eller skrik. Det er nesten så ein sjølv får ei tåre i augekroken.

Karte