Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (6)
- Schneeschuhtour (6)
- Fahrradtour (13)
-
Fußtour (203)
- Bergtour (134)
- Hochtour (6)
- Jogging (16)
- Spaziergang (3)
- Wanderung (44)
-
Skitour (174)
- Langlauf (148)
- Randonnée/Telemark (16)
- Tourenskilauf (10)
Peakbookfreunde

Horntinden og Raudbergkampen
- Datum:
- 16.04.2020
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Entfernung:
- 12,8km
Tur med Kristine etter jobb. Vêret var pent og det var spådd avtakande vind utover dagen, da vi drog i frå Slidre. Oppe ved Tyin var det framleis sol, det var eit par kuldegradar, men det var ganske sterk vind. Vi hadde vore usikre på korleis snøforhalda var, så vi hadde med både trugar, langrennsski og toppturski. Valet fall på langrennsskia, det var eit godt val, det var stort sett gode snøforhald. Det hadde vorte mykje av og på med feller på toppturskia, og det hadde vore tungt. Truger kunne ha vore eot greitt alternativ, men det er kjekt å kunne gli på dei lange strekkane.
Vinden avtok ikkje slik som det var spådd, og det var heile tida litt surt vêr, spesielt på toppane. I dei siste brattane opp til Horntinden og Raudbergkampen var det ikkje særleg føre for langrennsski, >>>
To skiturar i Øyerfjellet
- Datum:
- 12.04.2020
- Tourcharakter:
- Langlauf
Tur 1: Storhaugen
2 t, 54 min - 20,6 km - 350 hm
Skitur i delvis nykøyrde og fine løyper, og delvis i gamle løyper med veldig sugeføre.
Tur 2: Sjøsæterfjellet
29 min - 2,4 km - 110 hm
Vi køyrde litt vidare innover vegen. Kort skitur rett opp og ned på Sjøsæterfjellet.
Skardfjellet og Gråhø i Skåbu
- Datum:
- 10.04.2020
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Entfernung:
- 17,7km
Skitur med Kristine og pappa. Johannes og Sivanja gjekk på truger. Strålande påskevêr; sol og vindstille. Fantastisk utsikt heile turen. Ganske fint å gå utanom løypane, hard skare, men litt skavlete nokre plassar.
Skitur frå Astridbekken
- Datum:
- 09.04.2020
- Tourcharakter:
- Langlauf
Skitur med pappa og Kristine. Vi gjekk opp til Verskei, ned til Kittilbu og opp til Værskei igjen. Pappa og eg gjekk oppom Hærfjellet. Knall harde spor, og skare utanom løypane.
Skitur på Kvitingen
- Datum:
- 08.04.2020
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Entfernung:
- 16,4km
Kristine og eg hadde eit hyggeleg treff med Inger Margrethe og Odd ved Mjøsbrua, og tenkte at det passa med ein ny topp sør i fylke etter det. Valet fall på Kvitingen som det var køyrd løype på dagen før.
Skiløypa var ikkje all verden til å byrje med; vi måtte ta av skia nokre plassar, og det var stadvis hardt og isete. Men over 600moh var det ganske bra føre. Ikkje så mykje utsikt frå toppen, og litt vind.
To turar i Nordre Land
- Datum:
- 06.04.2020
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Entfernung:
- 12,7km
To turar i Nordre Land, på veg frå Slidre til Gausdal.
Tur 1 gjekk til Gjevlehaugen nordaust for Dokka. Vi køyrde bomvegen inn til Snauhaug skistadion. Derifrå gjekk vi i skiløypa opp til myra nedunder Fjerdingslia. Vi tok av frå løypa, gjekk over myra, og bratt og kronglete skog opp til Fjerdingslia. Derifrå var det fint å gå vegen opp til krysset nedunder toppen. Litt bratt og kronglete opp til toppen, men helt greit. Bok å skrive seg inn i på toppen, og faktisk ganske bra utsikt. Nesten same veg ned, men vi følgde vegen lenger, for å slippe den kronglete skogen nedunder Fjerdingslia. Vi gjekk så oppom ein liten topp til, som eg valde å kalle Fjerdingslihaugen.
Tur 2 gjekk til Turrtind. Etter eit lite opphald i Dokka, køyrde vi til Vest-Torpa. Da vi var der like over jul parkerte >>>
Skitur på Eggeåsen
- Datum:
- 05.04.2020
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Entfernung:
- 10,1km
Skitur på Eggeåsen med Kristine. Gjekk utanom løypane opp på toppane. Oppretta Håliåsen aust og Nord for Grådinjordet.
Toppunktet på Håliåsen ligg 200 meter aust for triggpunktet (der nåla er). Høyeste punkt er 964 moh, og primærfaktor er 62 meter.
For toppen Nord for Grådinjordet viser kartet med 20m koter viser 930moh, medan kart med 1m koter viser berre 926moh.
Skjellingshovde
- Datum:
- 22.03.2020
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Entfernung:
- 35,4km
Lang bilkøyring for å komme seg på tur i dag. Bilvegen opp Etnedalen til parkeringsplassen ved Orrhaugen var bratt, svingete og stadvis glatt. Bomveg 80 kr.
Skiløypene vart køyrd opp på torsdag, men var framleis perfekte. Det gjekk radig til å byrje med, vi brukte to timer på dei 16,4 kilometrane opp til Vesle Skjellingshovde. Der gjekk vi ein tur opp i tårnet, eg synes slike tårn er litt ekle, men utsikta var storslått, og hytta på toppen var triveleg. Vi åt niste på “solbenken” på toppen før vi gjekk mot Store.
Turen opp mot Vesle vart strabasiøs. Tett skog, snø vi sank igjennom og stadvis bratt terrengeng gjorde turen tarren og ufjampeleg. Eg var kjei, og fornøgd (men mest kjei), på toppen. Nedturen starta betre, men det vart fort ulendt terreng. Det var kolossalt godt >>>
Skurvehovda frå Vaset
- Datum:
- 06.03.2020
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Tourlänge:
- 1:38h
- Entfernung:
- 10,7km
Skitur etter jobb. Flott vêr, og flotte løyper. Brøyta den korte vegen frå løypa opp på Skurvehovda. Som dagen før skulle vi køyre ned alpinbakken, men allereie i første sving kløna eg det til. Eg datt og øydela bindinga på ski. Resten av bakken vart køyrd med ein ski, så det vart fleire fall nedover.
Valtjernet frå Vaset
- Datum:
- 05.03.2020
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Tourlänge:
- 2:35h
- Entfernung:
- 18,8km
Ettermiddags tur på ski med Kristine. Strålande flott vêr. God temperatur fyrste del av turen, men etter solnedgongen ved Valtjernet vart det bitande kaldt. Vi gjekk oppom Saukollen, før vi køyrde ned alpinbakken til bilen. Veldig gode forhold i bakken for langrennsski. Flott tur.