Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (6)
- Schneeschuhtour (6)
- Fahrradtour (13)
-
Fußtour (203)
- Bergtour (134)
- Hochtour (6)
- Jogging (16)
- Spaziergang (3)
- Wanderung (44)
-
Skitour (174)
- Langlauf (148)
- Randonnée/Telemark (16)
- Tourenskilauf (10)
Peakbookfreunde

Astridbekken
- Datum:
- 17.03.2017
- Entfernung:
- 21,8km
HHT-tur Sjusjøen - Gåsbu
- Datum:
- 04.03.2017
- Entfernung:
- 60,1km
Kristine og eg skulle være med på turen HHT arrangerer frå Sjusjøen til Gåsbu, så me reiste frå Hamar til Gåsbu kvart over sju og tok buss frå Gåsbu klokka åtte. Vel framme på Sjusjøen kom me oss i gang langs Birkebeinerløypa noko før halv ti. Me tok av frå Birkebeinerløypa etter omtrent ein kilometer, og gjekk i søraustleg retning. Den vanlege traseen fortsette rett fram i mellom Mostfjellet og Sollifjellet. Me hadde eigentleg tenkt oss oppom Sollifjellet, men me orka ikkje brøyte gjennom tjue centimeter laussnø. Derimot følgde me løypa over Mostfjellet og Snørvillen, her går heldigvis skiløypa over toppane. Gjekk deretter den kortaste vegen til Ljøsheim, og der gjekk me oppom det høgaste punktet. Vidare forbi Hamarsætra og Prestsætra til Lavlia. Etter Lavlia tok >>>
Trysil - dag 2 - Kampflåhøgda
- Datum:
- 26.02.2017
- Entfernung:
- 26,0km
Siste dag i Trysil, og siste dag av ferien. Me sov lengje og åt god frukost, før me pakka ut i bilen og gjekk i vegen på skitur. I løpet av natta hadde det komme nesten ti centimeter med nysnø. Det første korte strekket, var ikkje køyrd, men det tok ikkje lang tid før med kom til maskinkøyrde spor. Også denne dagen gjekk me i vegen i hop alle fire, før me sa takk for samværet og skilde lag like nedanfor Nyvangssetra. Siri og Benedicte skulle gå ein litt kortare runde før dei køyrde heim, medan eg og Kristine hadde tenkt oss på Kampflåhøgda.
Då vi passerte Nyvangssetra vart det slutt på dei maskinkøyrde spora, men heldigvis hadde det gått nokon før oss og brøyta. Me kunne følgje sporet deira heilt til krysset nedunder Eltdalsskardet, derifrå måtte me brøyte sjølve. >>>
Trysil - dag 1 - Eltdalsskardet
- Datum:
- 25.02.2017
- Entfernung:
- 21,5km
Første dag i Trysil vakna me opp til strålande sol Etter ein veldig god frukost gjekk me i veg på ein skitur. Først gjekk me i lag alle fire opp til Nyvangssetra, ein koseleg rasteplass like nedunder tregrensa. Ein liten stund etter Nyvangssetra skilte me lag. Benedicte og Siri fortsette i skiløypa, medan eg og Kristine tok av frå sporet og gjekk mot Eltdalsskardet. På veg mot toppen økte vinden kraftig og det skyast over. Da vi kom på toppen var utsikta nesten borte og det var bitande kaldt. Me hadde eigentleg tenkt til å prøve å gå på Kampflåhøgda, men slo det frå oss. Me møtte igjen Benedicte og Siri like ved Promillegropa, og gjekk tilbake til hytta. Mot slutten av turen begynte det også å snø ein god del. Sjølv om veret ikkje vert det beste, vart det likevel ein fin >>>
Skallberget
- Datum:
- 24.02.2017
- Entfernung:
- 33,5km
Kristine og eg var invitert på hyttetur til Trysil denne helga. Me starta dagen roleg heime i Hamar, før me køyrde i veg. Me hadde planlagt først ein kort pause i Elverum, og så ein skitur på vegen mellom Elverum og Trysil. Valet falt på Skallberget. Det vart ein fin tur i strålande solskin, men det var kolossalt sterk vind og ganske kaldt. Etter skituren drog me vidare til Trysil, til ein moderne, men veldig koseleg hytte. Dagen vart avslutta med god pizza og spill.
Nysetra dag 3
- Datum:
- 21.02.2017
- Entfernung:
- 32,7km
Den tredje og siste dagen på Ginahytta. Me gjekk først til Værskei og til Kittilbu. Derifrå gjekk me Blestervegen og opp på Blesterråkvarden og Kjettberget. Vidare gjekk me over Prestkjerringa og Mysmørhelje tilbake til Ginahytta. Kort rast der, før me tok på oss sekkane og gjekk tilbake til Astridbekken. Ein veldig hyggeleg hyttetur.
Nysetra dag 2
- Datum:
- 20.02.2017
Dagen starta med frukost og spill, før me gjekk i vegen på skitur. Me starta med å gå mot Prestkjerringa. Først gjekk me på Toftfjellet og så på Mysmørhelje. I staden for å gå på Prestkjerringa, tok me løypa mot Skjellbreida. Me var oppom Rævskorotjernhaugen før me køyrte ned Rævskorodalen. Frå Skjellbreida gjekk med til Boroseter, og vidare til Torpavegen. Me gjekk ein runde på sørsida av Torpavegen, og var oppom Fjellmyrhaugen, ein nokså stusseleg topp. På veg tilbake til Boroseter gjekk me oppom Sør for Erstjernet, nok ein litt stusseleg topp. Tilbake til Nysetra var det langt, men fint å gå. Stort sett fint vær på denne turen.