Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (6)
- Schneeschuhtour (6)
- Fahrradtour (13)
-
Fußtour (203)
- Bergtour (134)
- Hochtour (6)
- Jogging (16)
- Spaziergang (3)
- Wanderung (44)
-
Skitour (174)
- Langlauf (148)
- Randonnée/Telemark (16)
- Tourenskilauf (10)
Peakbookfreunde

Tverrfjellet
- Datum:
- 23.09.2017
- Entfernung:
- 6,2km
Tur med Kristine til Engerdal. På laurdag køyrde vi inn bomvegen til Tverrfjellsetra og gjekk på Tverrfjellet. Det var ein kort og fin tur. Særleg heldige med vêret var vi ikkje, den var oveskya og skodde. Etter turen overnatta vi i campingvogna på austsida av Engeren.
Oskampen og Knutshøe
- Datum:
- 16.09.2017
Kristine og eg dro på ein ny campingtur, også denne gongen valde vi å campe ved Valtjønna på Jotunheimvegen. Som tur på laurdag valde vi Oskampen. Vi køyrde innover Oskampvegen, og parkerte like ved der råket mellom Oskampen og Storeskag passerer vegen. Vi følgde dette råket til hytta. Frå hytta gjekk vi opp på Sørtoppen og vidare på Oskampen. Nede at ved hytta registrerte vi den vesle toppen ved siden av hytta. Ein fin tur i strålande haustvêr.
På sundag pakka vi sammen campingutstyret og køyrde vidare innover Jotunheimvegen. Knutshøe var målet for turen. Vi satt fra oss vogna like etter bommen, før vi køyrde og parkerte på Vargbakken. Derifrå følgde vi råket opp og ned på Knutshøe. På toppen hadde vi strålande sol, så vi tok ein matpause der. Ein flott tur.
Austhøi og Gråhøe
- Datum:
- 02.09.2017
Kristine og eg kjøpte campingvogn på fredag, og laurdag drog vi på tur. Vi køyrde til Valtjønna langs Jotunheimvegen. Der satt vi att vogna og køyrde vidare til Austhøflågån. Derifrå gjekk vi opp på Austhøi. Den første flata over Austhøflågån var litt blaut og det var ein del kratt. Bratta opp til Austhøi var tung, men fin og gå. Flott vêr på turen. Attende ved Valtjønna gjekk vi ein liten runde ved vatnet, før vi åt middag i vogna.
Etter ei natt i campingvogna, gjekk turen på sundag til Gråhøe i Øystre Slidre. Vi køyrde vidare innover Jotunheimvegen, til Liastølen. Derifrå følgde vi råket opp langs Fossåne mot Gråhøe. Godt å ha råk til å byrje med, da det er mykje kratt nede i lia. Oppe på 1500 meters høgde var det like fint å gå utenom råket. Frå >>>
Besseggen og Buhø
- Datum:
- 26.08.2017
- Entfernung:
- 12,1km
Vi køyrde tidleg frå Nygaard til Jotunheimen. Vi parkerte på Reinsvangen og tok bussen inn til Gjendesheim. Derifrå gjekk vi råket langs Gjende mot Memurubu, vi tok av og gjekk Jo-stigen opp til Besseggen. Flott tur i strålande vêr. På veg heim til Gausdal køyrde vi Jotunheimvegen, der tok vi ein kort tur på Buhø.
Elgklinten
- Datum:
- 14.08.2017
- Entfernung:
- 6,1km
Tur med Kristine på svenskegrensa etter jobb. Vi gjekk først på Eftasberget, før vi køyrde videre og gjekk på Elgklinten og Heiberget. På tur heim grilla og bada vi i Vermundsjøen.
Ramshøgda, Saukampen og Styggskardshøa
- Datum:
- 11.08.2017
- Entfernung:
- 18,2km
Tur i lag med pappa og Kristine. Vi parkerte først ved bommen inn mot Ramshytta, men fann ut at vi eigentleg ville køyre heilt inn. Bommen var ikkje låst, så vi køyrde inn. Frå Ramshytta gjekk vi Rondanestien innover. Vi tok av frå denne og gjekk opp på Store Ramshøgda. Derifrå gjekk vi i terrenget mot Saukampen. Videre frå Saukampen til Styggeskardshøa. Følgde småråk tilbake til Rondanestien, og denne tilbake til bilen. Ein tur med mykje bra råk, og der vi måtte gå utan råk, var det godt terreng å gå i. Flott utsikt på turen, men litt skyar. Vêret var nokså godt, men tildels sterk vind.
Irland - Slieve Donard
- Datum:
- 08.08.2017
- Entfernung:
- 9,5km
Siste dag i Irland, og høgaste fjell i Nord-Irland var målet. Vi parkerte på ein stor parkeringsplass i Newcastle og følgde bekken Glenn River opp. Det var eit flott råk, og det var mange andre som var ute og gjekk. På omlag 580moh var vi opp i skardet mellom Slieve Donard og Slieve Commedagh. Derifrå følgde råket The Mourne Wall opp til toppen. Ein flott topp, og flott utsikt. Dette vart ein veldig bra avslutning på ferien vår i Irland.
Irland - Causeway Coast og Binevenagh
- Datum:
- 07.08.2017
- Entfernung:
- 4,8km
Denne dagen var målet å utforske Causeway Coast, nordkysten av Nord-Irland. Dette var eit heilt fantastisk område, og vi tok mange og lange stopp. Den første stoppet var ved ei lita kyrkja like etter Londonderry. Neste stopp var toppen Binevenagh. Klippeveggen på toppen tok seg bra ut frå bilvegen frå vest, men det var ein litt kjedeleg topp å gå på. Vi parkerte nordaust for toppen, og følgde ein bilveg nesten heilt opp, før vi måtte gå på eit blautt jorde til toppunktet. Dei neste stoppane vart meir vellykka; slottsruinen Dunluce Castle, basaltsøylane i Giant's Causeway, borgruinen Dunseverick Castle, stranda White Park Bay og hengebroa Carrick-a-rede.