Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (6)
- Schneeschuhtour (6)
- Fahrradtour (13)
-
Fußtour (203)
- Bergtour (134)
- Hochtour (6)
- Jogging (16)
- Spaziergang (3)
- Wanderung (44)
-
Skitour (174)
- Langlauf (148)
- Randonnée/Telemark (16)
- Tourenskilauf (10)
Peakbookfreunde

Storhornet
- Datum:
- 29.09.2018
- Entfernung:
- 3,3km
Ny tur til Harstad. Eg henta nye sko på Sport 1, og vi var på handletur før vi køyrde nordover frå byen. Vi drog forbi Møkkeland og Grunnvassbotn og parkerte ved ein traktorveg. Vi følgde traktorvegen eit stykke, før vi gjekk oppover mot toppen. Litt oppe i lia kom vi inn på eit råk vi hadde lest skulle gå der. Vi følgde det fram til det vart borte i snøen, og vi følgde det ned at. Ein del vind og snøvêr på turen og lite utsikt på toppen, men ein fin tur.
Raudurdtinden
- Datum:
- 28.09.2018
- Entfernung:
- 7,9km
Vi køyrde til Myklebostad på Tjeldøya etter jobb, og derifrå gjekk vi på bra råk opp til Raudurdtinden. Flott utsikt på toppen.
Harstad
- Datum:
- 27.09.2018
- Entfernung:
- 4,0km
Tur til Harstad etter jobb. Eg fekk klyppa håret og levert fjellskoa mine på Sport 1. Etter stoppen i byen køyrde vi opp på Samaåsen. Vi parkerte like før vegen stoppa og gjekk på godt råk bort til toppunktet. Fram og tilbake frå bilen brukte 10 minuttar på dei 700 metrane.
Etter turen på Samaåsen drog vi til Åsegården og gjekk på Kjelhusåsen. Det var bra råk heilt opp, og på toppen var det ei lita hytte. Det snødde ein del på turen opp, men det la seg ikkje noko særleg snø på bakken.
Hornet
- Datum:
- 24.09.2018
- Entfernung:
- 7,5km
Tur etter jobb. Vi køyrde til Skoddeberghytta på grensa mellom Evenes og Skånland. Plan var eigentleg å gå på Tverrfjellet på 782moh, men ein del snø og litt sein avgang førte til at vi endra plan. I staden gjekk vi på den 300 meter lågare Hornet. Myra i starten av turen låg under vatn, og med låge joggesko art det ein blaut fornøyelse for min del. Det vart fint å gå da det vart meir stigning. Flott utsikt på toppen, men litt overskya.
Gavlen
- Datum:
- 22.09.2018
- Entfernung:
- 6,1km
Kristine og eg vart invitera til Jorunn og Tor Erling på Senja, så fredag efta køyrde vi nordover. Vi skulle til Gavlen, så Tor Erling henta oss med båt i Botnhamn. På Gavlen var også tante Sigrid.
Laurdagen starta med dårleg vêr, men det bedra seg litt utover dagen. Vi fekk ein flott tur opp til Gavelvatnet heile gjengen, med niste, sjokolade og bål. Kristine, Tor Erling og eg gjekk opp på Vasslibruna medan dei andre gjekk rett ned at til Gavlen. Etter turen plukka vi poteter og gulrøter, før vi konkurrerte i løpet «Gavlen opp og ned».
Sundag var vêret fortfarande dårleg. Vi drog frå Gavlen, og køyrde ein runde rundt Senja, med tur på Knuten ved Mefjordvær. Det var ein kort, men flott tur. Med på turen var Jorunn, Sivert, tante Sigrid og Kristine. Etter turen hadde vi >>>
Liakollen
- Datum:
- 17.09.2018
- Entfernung:
- 7,5km
Tur etter jobb. Vi hadde eigentleg tenkt oss på Tjeldøya, men vi hadde gløymd turskoa heime, så da vart det tur på veg. Vi parkerte ved bommen, og gjekk vegen oppover. På veg ned at gjekk vi bortom Rausdandkollen.
Toppar i Liland
- Datum:
- 16.09.2018
- Entfernung:
- 10,8km
I dag var det spådd overskya og regn. Vêrmeldinga slo til, og det var ikkje spesielt freistande turvêr. Vi ville uansett ut på tur, og valet fall to låge toppar ved Liland i Evenes. Vi parkerte ved skolen i bygda, og gjekk på godt råk til Lilandsveten. Frå Veten gjekk vi på råk ei stund, før vi fann ut at vi ville gå stuttaste veg til Snaufjellet. Frå Snaufjellet følgde vi delvis råk til Rømmeråsen. Like nedunder Rømmeråsen kom vi inn at på dei merka råka frå Liland.
Storhornet
- Datum:
- 15.09.2018
- Entfernung:
- 16,4km
Sein frukost før vi drog heime frå. Vi køyrde til Borkenes i Kvæfjord. Turen gjekk på godt råk opp til Rødmålheia. Derifrå gjekk vi utan råk, men på godt underlag, til Storhornet og Nontind. Frå Nontind følgde vi lengje råk nedover. Dette råket gjekk etter kvart i feil retning, så vi gjekk ei lita stund utan råk før vi kom inn på eit nytt råk. Nesten nede tok vi turen oppom Surenåsen. På veg opp fann vi litt kantarell til middagen, vi plukka også litt blåbær til dessert. Fin tur i eit flott turområde, og det var mange folk som var ute og gjekk. Fint vêr tidleg på turen, men det vart gradvis dårlegare.
Rismålstind
- Datum:
- 12.09.2018
- Entfernung:
- 16,9km
Tur etter jobb. Vi køyrde i retning Bogen i Evenes, og tok av bomvegen inn mot Laksåvatnet. Vi følgde bra råk opp til Nedre Skinnstakkvatn, derifrå vart råket dårlegare. Vi gjekk rundt Luggevatnet før vi gjekk oppover mot Rismålstinden. Litt oppe i sida kom vi inn på eit merka råk til toppen. Ned frå toppen prøvde vi å følgje ryggen mot Søre, men måtte ta nokre omgåingar på venstre side. Vi tenkte eigentleg også å følgje ryggen opp til Søre, men det såg ganske bratt ut, så vi gjekk litt i flanken i starten. Det var fint å følgje flanken ned til Nedre Skinnstakkvatn. Vi hadde strålande vêr og flott utsikt heile turen. Ettersom vi brukte lang tid på turen og kom oss seint i gang på grunn av jobb, vart det ganske mørkt før vi var attende i bilen.
Lødingsaksla
- Datum:
- 10.09.2018
- Entfernung:
- 11,0km
Tur etter jobb. Vi køyrde til Lødingen og parkera på fotballstadion. Derifrå gjekk vi på godt råk ein flott runde over Lødingsaksla. På vegen registrerte vi nokre grøne toppar. Litt overskya vêr, men fin utsikt.