Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Skitur til Målia

Datum:
29.12.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
2:10h
Entfernung:
24,3km

Skitur aleine medan Kristine hadde besøk av ei venninne. Framleis litt lite snø, men temmeleg godt skiføre likevel.

Karte    

Rindåsen og Kinnkølen

Datum:
27.12.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
12,3km

Johannes, pappa, Kristine og eg drog opp på Rindåsen, da løypekøyraren hadde køyrd opp løyper dagen før. Det var flotte skiforhald på vegane, men litt for lite snø i løypane som går i terrenget. Kristine, pappa og eg gjekk oppom toppunktet på Rindåsen, og vi brøyta opp løype til Kinnkølen. Flott vêr. Utsikta ser ein lite av på Kinnkølen, men på Rindåsen og på Kinna er det flotte utsiktpunkt.

Karte    

Prestkjerringa

Datum:
25.12.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
3:10h
Entfernung:
20,0km

Skitur frå Værskei med pappa. Lite snø i fjellet, og lite skiløyper. Vi gjekk skiløypa frå Værskei til Nysetra. Derifrå brøyta vi til Prestkjerringa. Vi sank litt i laussnøen, og det var mykje kratt, men det var eigentleg greitt og fint å gå. Vi gjekk over Gammelhans og Myssmørhelje til Prestkjerringa, men vi gjekk ikkje oppom dei på returen. Oppe på Prestkjerringa møtte vi på eit par som hadde gått på truger frå Flugstadsetra. Flott vêr, og ikkje så mykje vind som det var spådd.

Karte    

Skitur til Hærfjellet

Datum:
24.12.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
1:33h
Entfernung:
15,3km

Skitur frå Værskei med Johannes og pappa. Lite snø i fjellet, så det er få løyper som er køyrd. Vi gjekk frå Værskei og ned til Staumseterkrysset, og opp til Nysetervegen. Den gjekk vi inn til Nysetra, før vi snudde og gjekk til bommen. På turen attende gjekk vi oppom Hærfjellet, ikkje dei beste forhald opp dit, men det gjekk greitt. Flott vêr for skitur.

Karte    

Skitur på Rokosjøen

Datum:
23.12.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
1:36h
Entfernung:
14,4km

Skitur med Kristine på veldig flotte scooterspor på Rokosjøen. Flott vêr.

Karte