Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Grønsennknippa

Datum:
14.08.2019
Entfernung:
8,4km

Tur etter jobb med Kristine. Parkerte ved dei flotte Grønsennstølane. Fin tur i bra vêr, med godt råk og flott utsikt. Ein bra tur å innleie livet i Valdres med. Vi fann også ein del molte.

Karte    

Klukkargardberget

Datum:
12.08.2019
Tourlänge:
1:48h
Entfernung:
7,5km

Tur heimefrå saman med Kristine etter jobb.

Karte    

Tre turar på Friisvegen

Datum:
09.08.2019

Tur på Friisvegen med Kristine og pappa. Vi køyrde nesten til Storfjellsetra, og parkerte på ein liten parkeringslomme, for å gå fyste tur. Turmålet var Imsdalsvola. Frå parkeringslomma følgde vi godt råk bratt oppover til fleire vardar på om lag 1140moh. Flatt vidare til toppen. På bilturen hadde det regna ein del, men det betra seg medan vi gjekk. Skodda som hadde vore på toppane rundt byrja også å letne. Etter turen på Imsdalsvola køyrde vi attende Friisvegen, og parkerte ved nordaust enden av Åsdalstjønna. Derifrå gjekk vi på Skarvvola. Vi følgde det gode råket til Åsdalssetra innover, før vi gjekk i fint turterreng opp til toppen. Den tredje og siste turen byrja på parkeringa ved Rondanestien. Vi følgde Rondanestien nordover til vi kom til ein turr og fin bekkedal, >>>

Karte    

Astridbekken - Nygaard

Datum:
07.08.2019
Entfernung:
8,8km
Karte    

Storskardhøgda

Datum:
06.08.2019
Entfernung:
4,5km

Tur på veg frå Slidre til Gausdal. Planen var eigentleg å gå på Store og Vesle Skjellingshovde, men det ville seg ikkje. Vi hadde sett at nesten alle går på disse toppane frå sør, men vi tenkte å køyre vegen innover og gå råket som er teikna inn til Store i frå nord. Frå Slidre køyrde vi til Bagn, og derifrå oppover mot aust. Vi tok av frå hovudvegen ved Breidablikk, og køyrde sørover, her vart det fort grusveg. Ved Nedre Braka tok vi av frå denne, og køyrde bomvegen (50kr) innover forbi Myrvang, mot Skjellingshovde. Vegen heiter Tverrvassvegen, og på kartet skal det gå ann å køyre han heilt over til Dokka. Diverre gjekk ikkje det. Ved Skålvatnet kom vi til låst bom, og vi måtte gje opp planen om Skjellingshovde. Vi køyrde attende til bommen inn mot Gravesætrin, >>>

Karte    

Hovde

Datum:
05.08.2019
Entfernung:
1,9km

Kort tur på veg til Vestre Slidre. Køyrde god grusveg innover og parkerte på stor parkeringsplass. Råk/traktorveg til å byrje med. Etter kvart vart det sauråk, før vi gjekk i terrenget mot slutten. Grei tur, men lite utsikt.

Karte    

Ringebufjell

Datum:
04.08.2019
Entfernung:
24,5km

Tur med pappa og Kristine. Vi drog ganske tidleg frå Nygaard, og parkerte på parkeringsplassen nedunder Muen. Pappa var klar til å gå litt før Kristine og meg, så han gjekk i vegen litt før oss. Vi tok litt forskjellige rå til å byrje med, og han gjekk oppom Muen, medan Kristine og eg følgde Rondanestien mot Gråhøgdbu. Ved Mumillom-råket tok vi av frå råket, og gjekk i terrenget opp til Velsmuen, det var veldig fint terreng å gå i oppover. Vi gjekk utanom råk heilt til vi kom inn at på Rondanestien mellom Stulshøgdin V1 og V2. Frå Veslmuen sikta vi oss inn på det som såg ut som toppvarden på Gråvorden, men det var ein varde sørvest for toppen. Vidare gjekk vi på Gråpiggen, der Kristine og eg bygde opp varden medan vi venta på pappa. Deretter gjekk vi vidare mot Grøtørhøgda. >>>

Karte    

Snezka

Datum:
31.07.2019
Entfernung:
13,2km

Familieferie i Tsjekkia. Vi var fire dagar i Praha, så da passa det bra med ein tur til Tsjekkias høgaste fjell, Snezka. Pappa, Johannes, Kristine og eg åt frukost på hotellet klokka halv åtte, og gjekk frå hotellet litt over åtte. Vi gjekk til leigebilfirmaet Europcar, om lag 10-15 min å gå frå hotellet vårt. Derifrå køyrde vi i om lag tre timer. Det var ein del vegarbeid og GPSen sendte oss inn ein stengt veg, så bilturen vart lenger enn han kunne ha vore. Johannes var sjåfør. Vi hadde eigentleg tenkt til å køyre heilt inn til gondolen, men der var det fullt, så vi måtte køyre eit stykke oppover i Pec pod Snezkou. Oppover til toppen følgde vi godt råk frå Pec pod Snezkou til det flotte serveringsstadet på Bouda Ruzohorky. Derifrå var det veg forbi mellomstasjonen på >>>

Karte    

Praha

Datum:
29.07.2019

Familieferie til Tsjekkia. Guro gifta seg med Ondra, og heile storfamilien var invitert. Vi drog nedover den 25.7. Vi var fyst i utkanten av Brno, før vi var i Sloup. Deretter drog vi til Praha. Måndag 29.7 vart det “fjelltur” i Praha. Etter å ha vitja Prahaborgen og Vituskatedralen, tok vi bana opp til Petrin. Kristine og eg droppa å gå opp i tårnet denne gongen. Fin og koseleg familieferie i eit flott land og ein fin by.

Karte    

Svarthaugen i Oppdal og Haldorpiggen ved Otta

Datum:
21.07.2019

To korte turar på veg frå Trondheim til Gausdal. Stor parkeringsplass ved Svarthaugen, og fint råk til toppen. Fin utsikt, men litt overskya. Flotte garder på baksida i Oppdal. Til Haldorpiggen køyrde vi av i Otta og oppover mot Nordlie. Ved Nordlie var vegen stengd med bom, og vegen såg heller ikkje køyrbar ut for bil. Da måtte vi snu og køyre ned at til Otta. Så vi køyrde inn Ottadalen til Dale og oppover forbi Storrusten, og inn bomvegen til Kleirudsætre. Fin veg innover. Parkerte i vegkanten ved starten av råket til Haldorpiggen. Kort tur, med bra råk og flott fjellterreng.

Karte