Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Taraldsviktinden

Datum:
31.08.2018
Entfernung:
8,5km

Tur med Kristine etter jobb. Vi parkerte i vegkanten der råket mot Taraldsviktinden byrja. Råket gjekk fyst på veg og traktorveg, før det gjekk oppover mot toppen. Råket var bra i starten, men etter kvart virka det som om dei hadde festa ein GPS-sendar på ein sau, og følgd sporet etter den. Greitt å gå opp uansett. Flott utsikt på toppen.

Karte    

Flatfjellet, Nordfjellkjølen og Brattfjellet

Datum:
29.08.2018
Entfernung:
12,8km

Tur etter jobb. Vi køyrde til Trøsemark med planer om å gå på Brattfjellet og Nordfjellkjølen. Vegen innover var stengd med bom, så vi forandra planen. Vi følgde råk mot Flatfjellet. Råket gjekk i feil retning, og vi var like ved å gå rett opp skogen da vi møtte to damer som fortalde at råket tok av oppover mot varden om ikkje lenge. Frå varden gjekk vi utan råk til toppen. Derifrå gjekk i i terrenget over Nordfjellkjølen og Brattfjellet, før vi gjekk grusvegen tilbake til bilen. Flott tur.

Karte    

Setertind

Datum:
28.08.2018
Entfernung:
12,3km

Tur etter jobb. Vi drog rett frå skulen til Sandtorg idrettsplass. Derifrå gjekk vi i flott råk til toppen. Fint vêr heile turen. Oppe på toppen var det fantastisk utsikt i alle retningar, spesielt innover Hinnøya. Vi møtte fleire folk på turen, blant andre eit par frå Tyskland/Sveits.

Karte    

Hårberget

Datum:
27.08.2018
Entfernung:
4,1km

Kort tur etter jobb.

Karte    

Veggfjellet

Datum:
26.08.2018
Entfernung:
10,9km

Vi var litt slitne etter langtur dagen før, så vi fann ein tur med få høgdemeter. Valet fall på Veggfjellet i Evenes. Det var litt sur vind på turen, men elles fint vêr. Stigninga opp til toppen var forholdsvis lett, men han var lang. Flott utsikt på toppen, og koseleg grillhytte.

Karte    

Middagstinden

Datum:
25.08.2018
Entfernung:
14,6km

Tur til Kvæfjord. Vi parkerte på Hundsætran parkering og følgde råk og traktorveg opp til Vebbestadvatnet. Derifrå gjekk vi ryggen opp til Middagstinden. Flott utsikt på toppen. Før turen hadde vi eigentleg tenkt til å gå på Salfjellet frå Middagstinden, men undervegs på turen såg vi ryggen opp mot Tverrfjellet, og vart einige om å prøve ut den. Ryggen var morosam og fin. Oppe på Tverrfjellet forandra terrenget seg fullstendig. Det var eit stort platå med gras. Vi jogga ned i skaret mot Horntindan, før vi gjekk til toppen. Like før vi var på toppen satt skodda inn. Den vara heilt til vi var langt på veg ned. Frå høgaste Horntindan følgde vi raudmerka råk til nordvestre, hadde det ikkje vore tjukk skodde hadde vi prøvd litt meir på å følgje ryggen. Det vart ein >>>

Karte    

Siriskolten

Datum:
22.08.2018
Entfernung:
8,2km

Tur med Kristine etter jobb. Godt råk heile vegen, og fint vêr.

Karte    

Jotind

Datum:
21.08.2018
Entfernung:
14,5km

«Kort tur etter jobb». Det var meininga denne kvelden. Medan vi åt nokre kakuskivar og planla tur såg vi på å gå på Brattfjellet og Nordfjellkjølen, to toppar på 400 og 500 meter i Skånland. Dette forandra vi til Siriskolten på om lag 658 moh på Tjeldøya i det vi drog. Men like før vi kom til brua over til Tjeldøya dukka Jotind opp, og vi forandra nok ein gong. Utan å ha sett skikkeleg på kartet kor langt det var gjekk vi i vegen mot Jotinden. Vêret var ikkje det heilt store. Det var overskya, litt vind og det kom nokre regndropar av og til i byrjinga av turen. Råket var veldig godt til å begynne med, men etter der det delte seg, på om lag 300 moh, vart det dårlegare. Vi mista og fann det at mange gonger, og det var berre spredt varding. Da vi kom opp på omlag høgd >>>

Sandfjellet

Datum:
20.08.2018
Entfernung:
4,0km

Kort tur etter jobb. Godt råk heile vegen, men måtte gå utanom på toppunktet. Fyste topp i nord utan utsikt, men nokre utsiktspunktar på veg ned at.

Karte    

Toppar i Harstad

Datum:
18.08.2018
Entfernung:
10,0km

Stangebandet Return spiller på Bakgården i Harstad laurdag kveld, så Kristine og eg tok turen inn til byen. Før konserten ville vi på ein fjelltur, og valet fall på Vardheia og Hinnstein. Vi parkerte ved fotballbana på Medkila, og gjekk på bra råk opp til Maistua. Maistua var under oppussing, så det vart ikkje nokon tur innom der. Vidare skreiv vi oss inn i boka på utsiktspunktet nedunder Heia. Bok var det også på båe Vardheia og Hinnstein. Vi gjekk på bra råk heile turen, unntatt ned at det brattaste partiet frå Hinnstein. Det vart ein veldig fin tur, og også i dag fann vi molte. Etter turen dusja vi på ein campingplass utanfor Harstad. Så drog vi inn i byen og handla på eit kjøpesenter, før vi gjekk til sentrum og åt middag og høyrde på Halie og Return. Vi forlot >>>

Karte