Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (6)
- Schneeschuhtour (6)
- Fahrradtour (13)
-
Fußtour (203)
- Bergtour (134)
- Hochtour (6)
- Jogging (16)
- Spaziergang (3)
- Wanderung (44)
-
Skitour (174)
- Langlauf (148)
- Randonnée/Telemark (16)
- Tourenskilauf (10)

Lassekampen
- Datum:
- 26.07.2025
- Entfernung:
- 10,1km
Tur nummer to for dagen, etter Vangstulkampen . Vi parkerte nedenfor den flotte Åkresetra. Derifrå gjekk vi gjennom setertunet, og så på godt råk til like etter at vi gjekk over elva Gryta. Derifrå gjekk vi i ein del kratt opp til toppen, ruta vi tok ned att hadde mykje midre kratt, og var mykje betre å gå. Fin utsikt frå toppen, og ein ganske så fin tur.
Vangstulkampen
- Datum:
- 26.07.2025
- Entfernung:
- 7,8km
Kristine og eg drog i frå Gausdal om lag klokka ni. Henry og Else Margrethe vart med besteforeldra. Parkerte ved Sikkilsdalsseter, og gjekk i veg på brukbart råk oppover skogen. En drug motbakke, med formen vi er i for tida. Fantastisk utsikt frå toppen, ein riktig flott tur.
Etter turen køyrde vi til den flotte Åkresetra, for å gå på Lassekampen .
Hærfjellet
- Datum:
- 25.07.2025
- Entfernung:
- 1,0km
Tur på Hærfjellet med Henry, Kristine og pappa. Vi skulle på Nysetra med ved. Henry fekk sitte på med bestefar i traktoren, og han gjekk saman med Kristine frå Hærfjellet til Nysetra.
Hærfjellet
- Datum:
- 19.07.2025
- Entfernung:
- 1,1km
Tur på Hærfjellet, og til Nysetra, saman med Henry, Kristine, tante Sigrid og pappa.
Storhøe og Brånåhøe
- Datum:
- 18.07.2025
- Entfernung:
- 15,2km
Vakna opp i bilen langt på dag etter ein god natts søvn, etter turen på Skaihøe dagen før. Vi køyrde først ned i Vågåmo for frukost, før vi drog inn bomvegen mot Blåhøe. Vi parkerte på parkeringsplassen ved Køyring og gjekk i vegen oppover mot Storhøe. Råket var ikkje så bra som vi hadde håpa på. På veg oppover var vi innom den koselege Gjetarbue, der det var mykje ammeku. Vidare gjekk vi på råk opp til Klovningssteinen, og utan råk opp til toppen.
Frå Storhøe gjekk vi utan råk over til vesttoppen på Brånåhøe. Der trudde vi at det skulle bli råk, men det var veldig dårleg. Råket ned at frå høgaste toppen på Brånåhøe derimot, var veldig bra. Frå Jettjønne gjekk vi bilvegen ned at til parkeringa på Køyring.
Skaihøe
- Datum:
- 17.07.2025
- Entfernung:
- 10,8km
Tur med Kristine. Else Margrethe og Henry vart at hos farmor og bestefar på Nygaard, og Kristine og eg drog til Vågåmo. Etter ei lita pause der, drog vi til parkeringsplassen på Liasetra. Vi gjekk litt i feil retning først, men oppdaga det tidleg. Greit råk oppover, men ein del kratt som vaks inn i det. På om lag 1300moh vart råket borte.
Dette var ein enormt varm dag, så vi ville bade i Blakkstjønne. Vi gjekk eit lite stykke på sørsida av vatnet før vi fann ein grei badeplass. Ikkje det finaste vatnet å bade i, da det var langgrundt og gjørmebunn, men veldig godt med eit avkjølande bad.
Vidare gjekk vi rundt vatnet, og opp på toppen. Flott utsikt, men disig i varmen. Ned att gjekk vi meir rett mot Liasetra.
Etter turen åt vi middag i Vågåmo, og fann ein overnattingsplass i >>>