Irland - Carrauntoohil og Gap of Dunloe (04.08.2017)
Besteigungen | Carrauntoohil (1.039m) | 04.08.2017 13:28 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Cronins Yard (150m) | 04.08.2017 11:18 |
Carrauntoohil
På fredag var Carrauntoohil målet for dagen. Vi køyrde opp til Cronins Yard, og parkerte på den store parkeringsplassen der. Når vi køyrde regna det litt, og når vi gjekk i vegen var toppen dekt av skodde. Vêret bedra seg gradvis utover dagen, og vi fikk flott utsikt. Råket frå Cronins Yard var godt, og det var mange andre som var på veg mot toppen. På omtrent 400 høgdemeter bratna det til, og vi gjekk opp det som heitar Devils Ladder. Det var bratt, og det var meir bekk enn råk, men likevel fint å gå opp der. Oppe frå Devils Ladder hadde vi att omlag 300 høgdemeter til toppen. Denne oppstigningen var ein fin og brei fjellside. På toppen var det mykje folk, og eit stort kors i staden for varde. Vi fann ut at vi ville gå ein anna rute ned att, og gjekk dermed ned ruta som heitar Brother O'Shea's Gully. Dette var ein veldig flott rute, og ikkje så blaut som Devils Ladder.
Like etter at vi hadde gått i vegen ned att frå toppen satte skodda inn, men den forsvant att temmeleg fort. Ein kolosallt flott tur.
Gap of Dunloe
Etter turen på Carrauntoohil køyrde vi mot Gap of Dunloe, eller Dunloe-passet. Vi parkerte ved eit serveringssted, og gjekk i vegen mot passet. Flott natur, men vi gjekk ikkje frykteleg langt innover asvaltvegen.
Benutzerkommentare
Flott ferie..
Geschrieben von janyga 12.08.2017 00:58..dere har hatt. Gratulerer med Irlands nasjonstopp! Ivrige tindebestigere :-)
Sv: Flott ferie..
Geschrieben von Hansi 12.08.2017 07:57Takk for det. Irland kan anbefalast!
Carrauntoohill
Geschrieben von repelo 04.08.2017 23:36Gratulerer med nasjonstopp! Ser ut til at dere har en fin ferie!