Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Storfjellet
- Datum:
- 19.05.2013
Av alle våre 69 Storfjellet (ifølge Peakbook) er Storfjellet på 1821 meter i Norddal det høgaste. Norddal har forøvrig fem eksemplar av Storfjellet pluss ytterlegare åtte Nord for nordvest/Vest for Nordvest og liknande. Lite fantasi med navnevalg her i garden med andre ord.
Men siden nevnte 1821 er kongen blant Storfjella burde jo det kvalifisere til ei vitjing meinte eg og pakka sekken.
Sein avreise laurdagen da turfølget plukka meg opp ved totida og vi fyrst var klare til start frå Grotli ved femtida. Turen starta veldig lett da vi fulgte heistraseen oppover men så fort vi forlot alpinanleggområdet vart det litt meire gjennomslag og sørpesnø. Rett før Kjerringtjønne traff vi eit par som hadde trekt inn årane. Dei kunne fortelle at trehundremeter lenger framme gjekk det nokre >>>
Leirungstinder
- Datum:
- 20.04.2013
Hadde gått og hangla på jobb heile veka og med yr.no sitt varsel for helga kom ikkje fredagens telefon som nokon stor overraskelse. Da resten av turfølge også var i noko sjaber form fekk eg ymse lovnadar om stutt tur med bedageleg tempo og naiv som eg er lot eg meg sjølvsagt overtale.
M&S overnatta på Valdresflya Vandreheim og plukka opp meg ved Maurvangbommen klokka sju om morgonen. Flaks skulle det vise seg da vegen ikkje opna før langt på dag på grunn av uvær. Tilsvarande uflaks for dei stakkarane som møtte til stengt bom klokka åtte.
Lovnadane om bedageleg tempo holdt vel omlag ned den lille bakken ved Heimdalsmunningen før det vart erstatta av det sedvanlege rutetempoet. Turen bar inn gjennom Leirungsdalen i vekslande vær. Til tider strålande sol men meire og meire vind >>>
