Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Peakbookfreunde
Gesammelte Listen
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Rondslottet
- Datum:
- 14.03.2015
Helga var i utgangspunktet planlagt og nærma seg med stormskritt. Værgudane ville vise seg frå si beste side så yr.no hadde tapetsert heile Austlandet med ei stor sol men i tolvte time meldte "partners in crime" avbod på helgeplanane. Utan krimkameratane feiga også eg ut på hovudplanen men med "den" værmeldinga var det ikkje nokon stor krise. Alternativ fantes. Så fort eg fekk plassert nesa i karta og nye helgeplanar byrja å visualisere seg ringte telefonen. Ein anna kamerat ville innkassere litt gjeld i form av ei tjeneste og det var sjølvsagt laurdagen. Enkelte gonger må ein diverre forsøke å være litt mann for seg og dette var, bittert nok, ein av dei. Laurdagen kom og sidan gjeldsbetalinga foregjekk utandørs var det ikkje til å unngå å få med seg >>>
Gåpåpiggan
- Datum:
- 31.01.2015
Åtte måtar å tryne på ved flatt ljos 1. Klassikaren Renner seg ned ei slak flate da ein skavl plutseleg gje balansen litt vel mykje å jobbe med. 2. Idioten I fiskebein i oppoverbakke (merk: OPPOVERBAKKE) når ein skavl (usynleg på grunn av flatt ljos) plutseleg hektar tak i eine skia. 3. Youtubehiten På veg nedover har ein på grunn av mykje stein og flatt ljos vald å behalde fellane på. Nedover ei lita side må ein baute, fyrst eine skia men når andre skia skal flyttast etter er det plutseleg ikkje noko fast grunn å plassere skia på. For seint innser ein at fyrste skia er plassert ute på ein liten skavelkant. Under er det ei polert flate så ein treng ikkje bekymre seg for korleis ein skal forsere resten av bakken. Ferda endar mjukt i eit djupt pudderlag og eventuell varmgang under topplokket >>>