Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Vanylven: Korsfurnakken

Datum:
12.07.2017

Etter at eg tidligare sjekka forholda frå Hola og las turrapportar frå andre som hadde vore gjennom det einehelvetet så bestemte eg meg for å ta nakken frå Volda-sida. No er det i tillegg bygd veg heilt opp i skaret mellom Tuva og Korsfurnakken, så då er det ein kjapp tur i hjorteråser i myrlendt terreng. På vegen oppover såg eg etter kumphanen til Espen Askeladd som var full i årstider, for her skifta været med kvart andedrag. Til trass for si beskjedne høgde er det flott utsikt utover Rovdefjorden, til Leikong og Ulstein, Yksnøya, fjordkryssa som leiar enten mot Volda, Ørsta eller Vartdal osv.

Stranda: Åkernesnibba, Blåhorna og Løfonnfjellet

Datum:
11.07.2017

Sjølv om været var vekslande vart det ein flott dag i fjellet og om utsikta var stykkvis og delt fekk vi i alle fall nokre gløtt frå alle toppane. Gjekk stien frå skulen ved Fram Fjørstad og opp i skaret mellom Åkernesnibba og egga mot Blåhorna. Sjølv om det var litt fuktig gjekk klyvinga opp og returen greit. Egga til Blåhorna var også greit gåandes og etter nokre opp og nedturar i ur sneik vi oss frå Løfonnfjellet og inn på ryggen der stien kom opp av skogen. Topp! Lise og Kroksleiven var glimrande turfølge.

Karte    

Volda: Løsethornet

Datum:
08.07.2017

Vart kanskje ikkje tidenes kveldstur etter regnet dei siste dagane, men såg ei gløtte i skydekket og det kribla i beina. Umiddelbart etter Langebroe såg eg skilt til Aksla og Løsethornet og tenkte "Svære greier!" Skiltet såg nokonlunde nytt ut, så tenkte dette måtte være etter Otto og andre peakbook-guruar hadde avlagt besøk her. Dei raude banda var meget spartansk hengt ut og eg vurderte gå tilbake til plan A når eg såg nye skilt på setra. Det var eit stykke mellom dei raude banda og lite trakk egentlig, men nådde skiltet med Aksla uten at eg hadde sett nokon avstikkar til Løsethornet nokon annan plass. På Aksla var det slutt på raude band såvidt eg kunne sjå og det var blitt såpass langt tilbake til bilen at eg berre beina meg oppetter ryggen i diverse hjorteråser. >>>

Karte    

Stranda/Stryn: Botnenibba

Datum:
06.07.2017
Karte    

Herøy: 6x pf100

Datum:
01.07.2017

Stranda/Sykkylven: Dalmannshornet

Datum:
30.06.2017
Karte    

Sande: To siste på Gurskøya

Datum:
29.06.2017
Karte    

Hornindal/Ørsta: Sandfjellet og Tussa

Datum:
28.06.2017

Kjempekveld i nydeleg sommarvær! Starta ved skilting til Sandfjellet litt etter Hjortedalssætra. Sti og solid merking heile vegen til topps. Flott utsyn frå 1177, men utsikta nordover naturlig nok sperra av blant anna neste turmål, Tussa. Vegen vidare var mykje vading i snø såpass tidlig på sommaren, men den var fast på kveldinga so baud ikkje på problem. Oppe på sjølve Tussa og naboen Hatten nokre få hundre meter lenger mot vest er utsynet mot heile Storhornmassivet og då spesielt Rokkekjerringane meget flott. Ein undervurdert topp eg sjeldan høyrer folk er innom og få er registrert med besøk på PB også. Tilbake i skaret var eg sjeleglad for merking ned glatte sva og sva med vassføring og svært tvilsamme snøbruer. Med kvite prikkar og kvite piler kunne ein ikkje gå feil >>>

Karte