Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (372)
-
Skitour (116)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (73)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Vesle Jukleeggi
- Datum:
- 08.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:15h
- Entfernung:
- 20,6km
Fin tur til Vesle Jukleeggi med Lærdal turlag. Sykla dei vel 6 km inn til dammen ved Store Juklevatn. Passerte vatnet nedanfor dammen, der det var ein grusveg. Ikkje full damhøgde i dag.
På turen fekk vi ei utruleg flott utsikt, særleg mot aust, då det låg att ein del tåke over Store Jukleeggi og Høgeloft på andre sida av vatnet. Då vi gikk opp, såg vi eit stort skar, med nesten lodrette fjellveggar. Nedi skaret var det ein pinakkel som minna om Trolltunga. Gjerne litt meir potent, men vanskeleg å komme til :) Fin-fin tur i for det meste skya vèr.
Peakbook-appen svikta igjen. Slo ikkje inn på punktet, sjølv om den hadde laga ruta på kartet heilt fram. Merkeleg. Kanskje telefonen min som er litt overfull. Dette vart likevel ein liten parantens, då det var ein kjekke tur, med trim, >>>
Hånosi og Hestehovden i Oftedalen
- Datum:
- 06.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 19,7km
Nytta ein fin feriedag til ein fjelltur med rute som tok med to Lærdalstoppar på pm 100. Gikk frå sjukehuset i Lærdal til Oftedalen. Vidare opp til Øksenvatnet, Småvotni, og runda opp på Hånosi frå austsida. Nokre snøbruer, men greie å skrå over, før bratt opp på platået. Då var det å dreie litt i norleg retning, og eg nådde varden etter ca 5 min. Varden var rund, stor og staseleg, men det hadde rasa ut litt på sørsida.
Så var det å gå over Hånos-fjellet til Helle-skaret, og opp på Hestehovden, ein litt lågare topp på hi sida av Oftedalen. Nedatt derifrå var det vakker natur med frodige beiteområde i 1000 - 1400 høgdemeter. Mange sauer med lam storkosa seg her oppe. Herifrå var vakre Lærdalsøyri med fjorden, frodig og flott i fugleperspektiv :) Så var det >>>
Heilhornet
- Datum:
- 22.06.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 10,6km
Denne gongen vart det berre nesten. På ferietur i nordnorge kom vi over denne forlokkande toppen. Ein finfin fjelltur blei det, i ukjende omgjevnader :)
Nær toppen motte vi ned i eit skar, og over ein egg knapt ein meter brei. Ein bolta kjetting var til hjelp i denne overgangen. På siste bratte partiet forsvann raudmerkingane delvis inn i ei bratt snøbru. Vi vurderte det litt usikkert å gå på dei store blokkene ovanfor. Fallhøgda ned til breen/snøbrua (som ein ser på biletet) er betydeleg, og ei utgliding kunne bli livsfarleg.
Eit følge på 3 unge kom listande rundt ei stor blokk med lite å halde seg i. Dei meinte at dette var lett. Eg sjølv vil heller gå ei gong seinare på året, når snøen har smelta meir. Ja om eg kjem på dei kantar ei annan gong.
Det var i alle høve ein >>>
Bermålsnosi
- Datum:
- 20.08.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:42h
- Entfernung:
- 19,1km
Tur med litt tempo til Bermålsnosi. Bilda gikk litt bananas, men er forsøkt koda på plass att. Dette er ein fin-fin tur over fjord-landskapet i Indre Sogn.
Glittertinden frå bom Veodalen via Glitterheim
- Datum:
- 12.07.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 28,0km
Lifjellet
- Datum:
- 01.03.2014
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 10,0km
Gikk opp Nipestigen. Det var bratt og ein smule spennande. Fin utsikt, tur over fjellet og nedatt "vanlege" ruta.
