Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (370)
-
Skitour (115)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (72)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Gravehovdane
- Datum:
- 27.05.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 16,4km
Ein fantastisk tur i Lærdalsfjedli. Starta ved Grimsøyn ca. 350 moh. Sol og varmt, men greitt å gå stigninga opp til Areberg, (ca. 940 moh.) som vesentleg er på sti i tett skog. På Areberg er det ei flott steinbu med oransje mosefarge på. Og utsikta inn mektige Nesdalen er maiestetisk.
Vidare følde eg nokon trakk. Tenkte å gå ganske rett på, og fann eit fint mose- og lyngfar rimeleg rett opp. Gikk på erfaring og innebygd terrengforståing. Sjekka appen innimellom ;)
Mykje bratt oppover. Innom nokre snøbruer frå 1400 moh. Det som overraska mest i dag, er at snøen er borte, og vi skriv 27. mai. Oppå fjellplatået Gravehovdane, som ligg mellom 1500 og 1582, finst ikkje snø. Det er vakkert grønt :).
På toppen vart det noko fotografering. Mest av alt var det berre å sjå, og nyte >>>
Loppenosi
- Datum:
- 08.10.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 20,8km
Denne søndagen vart det ein fin tur i fjellet, med haust og vinter til. Vèret var heilt sol, slik det var meldt.
Parkerte mellom Smedalsvotni på Filefjell. Hadde teke med syklar, og trakka inn fjellheimen på anleggsvegen mot Nyset-Stedje. Ei velsigning å ha slike godt vedlikehaldne anleggsvegar, slik at ein kjem greitt langt inn i den ville fjellheimen.
Vi var spent på føret. Kor langt ned ligg snøen, og kor mykje ligg i vegen. Snøen nådde oss på ca. 1100 moh. Men låg fyrst berre flekkvis i vegen. Sola hadde nok smelta litt snø både i dag og i går. Det vart ein fin sykkeltur innover. Ein kjenner godt stigninga opp frå Sluten.
Vi sette syklane att nokre hundre meter før Øvre Vikadalsvatnet. Fann ei fin led opp på ryggen. Etter 50 høgdemeter byrja vi verkeleg å kjenne på snødjupna. >>>
Grytingen
- Datum:
- 16.09.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 13,2km
Nydeleg tur i haustfjellet i dag. Parkerte ved Svartegjel, 150 m sør frå Borgund Stavkyrkje. Ca 300 meter å gå nedover, og ein kjem inn på skilta og merka stølsveg til Kyrkjevollstølen.
Frå stølen gikk eg litt mot Nesdalsida, og følgde ryggen opp. Besteig toppen frå vest. Nedatt mot nord. Det var ein stad det var greitt å komme ned. Litt bratt der. Så heldt eg skrått rett mot Kyrkjevollstølen på returen. Det var ein del sauetrakk, men noko kuppert. Flott utsikt frå toppen. Det var komme snø på Høgeloft. Det var særleg flott utsikt mot Fagerdalsvatnet i Horgedalen, og ned Lærdal, med Bleia og Jostedalsbreen som farga kvitt mot himmelen.
Horgehorna
- Datum:
- 22.08.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 11,6km
Ein finvers ettermiddag måtte nyttast til fjelltur. Det går ein svært fin sti frå Kongevegen rett bak Borgund stavkyrkje, og heilt opp til Øygardsbotn, 1180 moh. Raudmerka og varda. Stien går også til Øvre Liastøl, der ein kan gå nedatt via Nedre Liastøl og til Li ved Borgund Kraftverk. Ved Øygardsbotn er det eit omfattande anlegg av gamle vatningsveiter. Desse er merka i terrenget. Terrenget frå 1000 moh, og oppover langs ryggen er svært vakkert. Denne turen tilrådast på det sterkaste (sjølv om ein ikkje skal til Horgehorna).
Toppturen til Horgehorna er likevel verd investeringa det er i dei sist 300 høgdemeterane. Panoramaet på 360 frå Horgehorna i heilt klårt augustver var svært vakkert :)
Eldrehaugsfjell
- Datum:
- 20.08.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 14,9km
I dag var målet eit par toppar i Lærdalsfjell med primærfaktor over 100 meter. Belønninga vart ein veldig fin tur i høgfjellet. Dette terrenget søraust for Eldrehaugsvatn, og på grensa til Hemsedal kommune var nytt for meg.
Følgde ei planlagt rute, men hadde ingen spor. Då blir det å lese fjellet, og sjekke ut undervegs kor ein er. Dette tykkjer eg er fasinerande, og gå i fjell ein ikkje heilt kjenner, og finne ei fin rute. GPS og kart er med som ekstra tryggleik.
Gløymde å ta bilete av fyrste toppen, Slettind. Tok eit bilete frå avstand, som vart noko mørkt. Til Slettind tok eg ruta langs ryggen heilt opp. Måtte litt til venstre rett under det brattaste. Greitt. Nådde toppen etter ein knapp time. Så valde eg å følgje høgdene i retning Bandnøse. Greitt ned skaret mellom >>>
Hornsnipa
- Datum:
- 09.08.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,6km
Fin kveldstur til Hornsnipa i Aurland. Tur frå Nalfarhøgdi. Denne fjelltoppen er synleg frå mange stader. Kvass til dette område å vere, og fin frå mange vinklar når ein køyrer snøvegen mellom Lærdal og Aurland. Vi gikk ruta ryggen opp "Høgdene" i retning mot Blåskavlen. Kvammadalen og etter kvart Blåskavlbotnen på venstre side. Over haugen på 1627 moh. skrådde vi bortover snøbruer i retning litt til ve. for lågaste toppen. Nær fyrste toppen dreia vi og følgde ryggen opp til høgaste punktet. Sjå delvis GPS spor her.
Fin-fin utsikt frå toppen. Ikkje minst mot Bleiamassivet, men mykje i alle retningar. Mykje forskjellig og fasinerande stein i dette område. Både stein som har lege lenge under isen og anna. Her er rullesteinar, store blokker, skifer tynn som flatbrød, >>>
Okken
- Datum:
- 30.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 10,3km
Flott tur med Lærdal turlag i dag. I alt 20 personar fekk ein nydeleg tur til Okken sin nordtopp, 1679. Her får ein den flottast utsikta. Men det er sørtoppen som er høgast med sine 1686. Fire i turfylgjet, fekk med seg høgste toppen på Okken på returen. Sjå gps-spor.
Bilde nedafor viser høgast punktet på Okken, 1686, som ikkje har varde.
Vesla Grånosi (Hausafjellet)
- Datum:
- 29.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 13,2km
Lærdalstopp i verdsarvområdet dag. Frå Vindedalen, på traktorveg innover på høgre side av elva. Ved ca 240 moh. går det merka sti opp til Hovudunga, eller Vindedalstølen, som den også er kjendt som.
Så var det å skrå oppover i terrenget. Valde å gå på nordsida (høgre) sida av fjellet, og opp i skaret melom dei to toppane. Det gikk fint. Toppunktet på vestsida er 1347 moh. men har ikkje varde. Det austlege toppunktet som er 1307 meter har varde. Der sat det ein flott storfugl, som viste seg å vere ein Falk. Du ser den på hovudbiletet.
Frå Vetle Grånosi kjem ein tett på det maiestetiske Bleia-massivet. Frå denne sida ser ein Lemeggi, som når nesten opp i 1700 meters høgde frå fjorden. Sognefjorden, er også på de djupast her, med vel 1300. På Lemeggi hadde Arne Ness >>>
Nordnosi i Lærdal
- Datum:
- 10.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 19,1km
Flott rundtur til begge punkta på Nordnosi frå Ofta via Visete. Tur saman med eldste son Joakim.
Vesle Jukleeggi
- Datum:
- 08.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:15h
- Entfernung:
- 20,6km
Fin tur til Vesle Jukleeggi med Lærdal turlag. Sykla dei vel 6 km inn til dammen ved Store Juklevatn. Passerte vatnet nedanfor dammen, der det var ein grusveg. Ikkje full damhøgde i dag.
På turen fekk vi ei utruleg flott utsikt, særleg mot aust, då det låg att ein del tåke over Store Jukleeggi og Høgeloft på andre sida av vatnet. Då vi gikk opp, såg vi eit stort skar, med nesten lodrette fjellveggar. Nedi skaret var det ein pinakkel som minna om Trolltunga. Gjerne litt meir potent, men vanskeleg å komme til :) Fin-fin tur i for det meste skya vèr.
Peakbook-appen svikta igjen. Slo ikkje inn på punktet, sjølv om den hadde laga ruta på kartet heilt fram. Merkeleg. Kanskje telefonen min som er litt overfull. Dette vart likevel ein liten parantens, då det var ein kjekke tur, med trim, >>>
