Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (337)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Løvstakken
- Datum:
- 21.10.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 5,4km
Dagstur til Bergen. Ei lita tidslomme, gav meg ein kjapp topptur. Bratt innimellom også i Bergen.
Eggenibba over og rundt
- Datum:
- 05.10.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 12,5km
Fantastisk opplevelse å gå på Eggenibba som hausttur. Ja det var no både sommar, haust og vinterfølelse av denne turen. Vi var litt spente på korleis dette skulle gå sidan vi viste at det var kommen snø på toppen. Tur fullført, so kan vi berre legge til at snø vart ei del av krydderet i denne totalopplevelsen.
I bratta etter 15 min, vart vi litt i tvil då det var ein del is i stien og på svaparti, og opptak. Men det gikk greitt. Oppå ryggen møtte vi på meir snø enn rekna med. Rett og slett djupsnø innimellom. Eit par med eit lite barn i meis gikk rett før oss. Vi var difor privilegerte med trakka spor. Dette kom godt med etter passering toppen, og vidare på rundturen. Men fyrst, vel oppå ryggen var det ikkje lenge før utfordringane kom tett. Is, djupsnø, og heftige opptak, >>>
Øvre Kaldekletten
- Datum:
- 22.09.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 3,7km
Fin ettermiddstur frå Flotevatnet over Skaolane på Aurlandsfjellet :) Gikk opp frå parkeringsplassen med det spesielt utforma toalettet. Fyrst langs anleggsveg, og så høgdene oppover i terrenget i nordleg retning. Lett og kjapp tur. Veldig flott varde, og nydeleg utsikt frå denne toppen. Var der sist for 25 år sidan. Då med godt vaksne foreldre og born på 5 or 7 år.
Vidhovd
- Datum:
- 15.09.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 6,4km
Enkel søndagstur. I dag var det meir vindfullt, men enno solgløtt innimellom, og greitt turver. Kanskje ikkje til dei høgste toppane. Vi flytta bubilen nokre km innover. Etter kvart Eikrestølvegen, og parkerte ved eit kryss. Gikk så på god grusveg innover forbi Urdin og til Blomeslettane. Så kjerreveg eit stykkje, før vi dreia på sti til toppen Vidhovd. Her blæs det godt. Fin utsikt her. Nydeleg sæterlandskap og store vatn. Retur same veg. Ser av tavler at det er eit omfattande rutenett til fotturar og sykling. Ei fin-fin helg, og vi kjem gjerne att til dette område.
Stølsnøse
- Datum:
- 04.07.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 5,3km
Tur to i dag frå same utgangspunkt, men no frå hi sida av vegen. Plan var å gå rundt vatnet, og ryggen til topps. Kom inn på fin sti med det same. Følgde då heller den under svarte berget. Var spent på om eg kom opp nokon stad. Det ordna seg ved enden, med ein fint lite oppklyv. Så runda siste knaus, over på stien den vanlege ruta og til topps. Fin utsikt. Det var og eit skar i det svarte fjellet med oppgang litt tidlegare enn der eg gikk. Ser på spor at andre har teke seg opp der. Det er nok brattare, og ikkje så greitt.
Raudbergkampen
- Datum:
- 04.07.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 3,7km
To kjappe turar ved Tyin. Parkerte rett under Tyin, der hammaren er sprengt ut. Gikk ganske rett på og opp ryggen. Ned att litt meir mot nord. Fin utsiktstopp.
Bårdshøgdi og stølar i Erdal
- Datum:
- 23.06.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 18,4km
Ærendet var å flytte ei postkasse for Lærdal turlag frå Håvardsete til Breisete. Nytta høvet til ein topptur, noko som vart ein god omveg. Men også ei fin oppleving og god trim. Gikk stien til Håvardsete. Den er ikkje merkt anna en nokon band på enkelte tre. Tydeleg og grei sti å følgje. Vidare frå Håvardsete er det innteikna sti opp og innover fjellet til Skorvebotn. Nokon stader vaskeleg å sjå stien, særleg i grov ur. Men ein veit jo retninga ein skal gå. Fint inne i Skorvebotn. Så var det bratt opp i venstre sida. Over 1500 meter var det skodde og 30 meter sikt. Greidde å navigere til topppunktet på Bårdshøgdi ved hjelp av GPS og app. Utan slike hjelpemidlar hadde det vorte umogeleg i dag. Vèret vart finare ut over dagen. Aldeles nydeleg ned til Breisethaugen på returen. >>>
Bjøbergdalen med toppar til
- Datum:
- 15.06.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 27,5km
Dagen baud på sommar, sol, varme og fjelltur. Køyrde over Hemsedalsfjellet. Parkerte på ein liten grusplass like før Bjøberg. Tok grusveg forbi hytter, over bru og kom inn på DNT-stien mot Bjordalsbu. Plan var å plukke toppar på nordsida av dalføret, og returnere på stien. Følgde stien før eg skrådde til høgre like før ei hytte inne i dalen. Etter kvart opp ei ur mot eit skar, dreia litt til venstre og til 100 pm. topp, Nord for Hemsedalstjørnan. Like før toppen låg ei svært frodig grøn eng med reinsmose. Utruleg vakkert, og tankar gikk til utryddingsprosjektet av rein. Vidare vest, ned frå toppen låg ei demning og hytte mot Øljusjøen. Vidare opp tok eg med toppen mot dalføre, før eg dreia nordover og plukka dagens fyrste 100 pm. Lærdalstopp, Øljuhalsane. Vidare >>>
....Storehaugen
- Datum:
- 11.06.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 6,4km
Del to av turen der appen stoppa på fyrste del. Del ein gikk frå Habben til Hognåsen, og del to (denne) frå Hognåsen via toppen Storehaugne, og til Lærdal (ved Bergo). Ein topptur i to filer.