Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Myrebærhammaren

Datum:
03.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
11,2km

Tur tre i dag baud på ei overrasking som ikkje var kalkulert inn. Stengt med bom og hengelås ved vegen vidare frå stølen. Open for alminneleg ferdsel frå 25. september, stod det. Greitt at dyra får fred også. Storfe beita inni her. Då bar det 3 km innover på grusveg med slak stigning. Eg fall ikkje for freistinga å gå inn i myrområder for ei kortare rute. Fann spor etter traktorveg/sti der eg tok av inn i terrenget. Då var det å følgje ryggen til skogen slepte taket. Sti vidare til topps. Noko vind her, men flott utsikt. Retur same veg, sjølv og det freista å sikte seg mot grøn nål. Eg går greit ein km ekstra enn å virre i vier og myr. Fin tur, men merka det i kroppen no.

Karte    

Synhaugen

Datum:
03.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
3,7km

Tur to baud på ei eventyrlig utsikt undervegs, og frå toppen. Eg fall ikkje for freistinga med å køyre heilt opp til stølen. Frå ruta mi, fekk eg glimt av nydeleg utsikt til stølsvidda og Skaget, frå stien/gamlevegen i skogen. Då også sikt til stølen Synshaug, med fredeleg avslappa sauer, som alt hadde roa seg. Gode beiter. Frå stølen var det ein mykje nytta sti til toppen med varden.

Karte    

Årdal extra

Datum:
21.06.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
22,8km

Det som blei tillegg i dag, var 7,8 km t/r på grusveg sidan eg måtte gå frå vinterparkeringa i Seimsdalen. Litt kjedeleg det, men meir mosjon. Nistepakka var ikkje heilt tilpassa. Sett bort frå transport-etappa, vart det ein fin tur. Frå Skor, ovanfor øvste bygningen, går det sti sørover til Skaret. Vidare var det å følgje høgdene bortetter, til eg dreia litt vest, og godt ned i eit dalføre. Årsak var snøfonn i den bratte sida, eller ei grov ur, som eg heller ikkje hadde lyst på. Hadde eg sjekka 75 meter lenger aust, så finn ein "normal-ruta" som føl høgdene heilt ut. Forholda der i dag, veit eg ikkje. Eg slapp meg ned nokre små ryggar, og så bratt opp til Gjerdesnosi. På returen ville eg ha med toppen av Skorsfjellet og, når eg fyrst var på desse kantar. Slik >>>

Karte    

Heggeberget

Datum:
09.06.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
5,8km

Parkerte ved ei avkøyrsle, der eg såg at det var teikna inn ein traktorveg. Den leda mot ein sti, som Arne Magnus (Peak Floyd) nyttar jamnleg. Ringde han, men han nytta ikkje denne ruta. Fekk tips om ruta vidar oppover. Traktorvegen var etter hogstmaskin nokre år tilbake. Kom greitt oppover, berre litt kratt før breidare god hogstveg opp til sti. Følgde stien, og fann blå tynne tau på busker oppover. Då det tetna til med skog, valde eg å sikte på den grøne nåla fyrst. Såg litt fjellrygg ut på kartet, men den var kledd med relativt tett skog. Kom greitt til denne toppen, over og til nest topp. Bere å følgje glenner i skogen. Retur la eg langs ei myr med eit lite tjern, og her var det også sti. Runda så sør om "grøn-toppen", og kom tilbake til ruta som eg nytta >>>

Karte    

Kvithovd

Datum:
09.06.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,7km

Tur til Østre Slidre for å plukke nokre nye toppar. Det har vore 10 dagar sidan sist tur. Etter turar torsdag og laurdag i førre veke, blei det smerter i venstre hofta. Fyrste gong, og sannsylegvis betennelse. Det var difor greitt å gå nokre korte turar. Det var ikkje så lett å finne parkering, så det blei langs vegen. Fint at Peakbook hadde ruta denne turen, sidan rutevalet ikkje var heilt enkelt fyrste delen. Det var skilta betre lenger opp i terrenget. Moro å gå nye ruter, og spesielt med furuskog, heilt på toppen, vel 1000 meter over havet. Fin utsikt like under toppen, og til vatnet, lenger nede på ruta.

Karte    

Storehaugen

Datum:
31.05.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
6,4km

Fin tur med Sander til Storehaugen. Møtte på 13 personar og to hundar. Lokale, frå nabokommune, og frå andre land. Kjekt at fleire finn fram til denne relativt bratte stien. Kanskje nokre blir litt overraska av kva som skal til også. Imponerande at dei utan tur-klede held ut heile vegen opp :)

Karte    

Molden

Datum:
29.05.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
8,3km

Tur med Sander til det fine område omkransa av toppen Molden. Skikkeleg utsiktstopp, til fjord fjell, bre, bygder og fine jordbruksområde. Her er tilrettelagt med noko steinsetting, og ruta blir mykje brukt. Ved start er det mange parkeringsplassar, asfaltert og oppmerka. Toalett og ein liten kiosk, finn ei og. Det var mange på tur her i dag, og ulike språk kunne ein høyre. Mange har med hund, og nokre hadde med sykkel. Finfin tur, og god trim.

Karte    

Glitteregga

Datum:
17.05.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
9,6km

Dag to, og topp tre. No snakka me primær-faktor. Over 1000 !! Køyrde mot Hennebygda frå Stryn-sida, for å få med oss heile nordsida her oppe. Mange vakre gardar på solsida her. Fann vegen mot Randastølen, med litt gps-søk. Gjennom eit tun, så bomveg-skilt med Vipps. Bratt på grusvegen i starten opp her. Farten måtte ned grunna tillaga skrå-groper, for å halde vatn borte frå å øydelegge vegbana. Smart det. Alternativet er stor kurvatur og djupe grøfter. Gikk fint opp med Bubilen på 220 X 675. God parkering nedafør stølsområdet. Inngjerda også her. Flott støl. Må gå i gjennom stølsområdet, og så byrja stien på høgre side av elva. God sti oppover, og den er nok mykje brukt. Etter ca 250 høgdemeter flata terrenget ut, og ein kom snart inn i eit flott slette-landskap. >>>

Karte    

Tua

Datum:
16.05.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
5,9km

Dagens andre tur. Køyrde opp Stigedalen, inn ved ski-anlegg, opp Fladalen til Movatnet. Her var det ein stor parkeringsplass, med vel halvdelen i inngjerda felt. Her tenkjer grunneigarane på at husdyra ikkje skal gjere skade på bilar. Fantastisk, og rimelege kr 20 for parkeringa. Tavle med omtale av turar, og sitjebenkar ved start. Skilt og raude merke ved turstart, og vidare sti heile vegen mest sannsynleg. Ja, for i øvste tredjedel av ruta var det mykje snø-heilt enno. Ein liten bom på rutevalet opp, men toppen såg ein, så ganske uproblematisk. Fantastisk utsikt også herifrå. Det er noko med toppar som har høg primær-faktor. Sjølvsagt. Sunnmørsalpar og Eidskyrkja mest markert. Brukte lit tid her, gikk ned til vesle varden, og då med utsikt til bygda Bjørke. Ganske kjapp tur >>>

Trollenykjen

Datum:
16.05.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
7,2km

Turhelg i Nordfjord med bubil og nokre fjelltoppar. Plan var å byrje med Daurmål i Årdal ved Breimsvatnet, med droppa det grunna usikkerhet omkring snøforholda. Då vart det Trollenykjen ved Eid. Grei rute på tydeleg sti, sett bort frå litt ved oppstart. Styrde etter raud rute på Ut-appen. opp til stølen var det svært fint å gå, m.a. i ein del furuskog. Noko meir fuktig frå stølen og vidare til toppen. Blei svært imponert av utsikta. Heilt topp !! Med snø på toppar, god luft rundt med fjord-armar, ligg det godt til rette. Krydra då også med sikt til breområde. Brukte ein halvtime her oppe, før eg delvis småsprang nedatt. Finfin start på helga.

Karte