Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (360)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Gråbrør og Jakobdalsholten
- Datum:
- 29.09.2022
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 10,3km
Nydeleg ver, som berre måtte nyttast i naturen. 45 min. avspassering, kjapp matbit, og ferja Fodnes-Mannheller. Parkerte oppå tunnellen, i retning Festingedalen. Tok til i rask gange på fin skogsveg opp og innover mot Svartahol. Sola kom fram mellom furtrea innimellom. Der vegen slutta gikk eg rett inn i terrenget, men kom inn på ein sti etter ca. 100 meter. Den følgde eg nesten heilt opp til Søre Gråbrørne. Hadde vore eit betre val og følgt den heilt fram. Flott utsikt og idyllisk stad. Ganske bratt vidare ned, men kjapt opp til Nordre Gråbrørne. Vidare nedatt frå denne var det nesten litt utfordrande, men eg fann da hyller og ei rute. Ikkje farleg. Bratt også opp frå skaret etter denne. Vidare var det lett. Men ein går i terreng heile tida, og må vere obs. Særleg sidan eg >>>
Grånosi, Sjønosi og utsikt
- Datum:
- 04.07.2020
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 10,8km
Utsikta frå Sjønosi i Lærdal må opplevast. I dag var ein perfekt dag, med sol, men ikkje for høg temperatur. Marita hadde hovudmål Sjønosi, og eg vart villig med. Det er merka heilt fram til målet Sjønosi. Ruta føl stølsveg frå like over Helland i Erdal og til Glep, 850 moh. Dette er ein svært vakker støl. Ruta vidare fører ein inn i flott grøn og vakkert terreng med nydeleg vegetasjon. Lyng og mose med flotte fargar. Vi måtte ha med topp, sjølv om denne var grøn. Og utsikta opp mot Grånosi 1209, og frå varden var formidabel. Eg talte 13 stk. 100 pm. toppar i Lærdal kommune rundt om. På toppen brukte vi tida og kosa oss med utsikta og litt fotografering. Følgde så ryggen delvis, og sikta oss inn på Sjønosi. Her kosa vi oss ein halvtime, og åt resten av matpakka. >>>
Klantenovi
- Datum:
- 12.04.2020
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,0km
Påsketrim Rimskiold - Sverrestien -Klantenovi - Vindhellavegen. Fin enkel tur med Sander og Joakim.
Vindhellavegen og Klantenovi
- Datum:
- 08.11.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:30h
- Entfernung:
- 7,3km
Vindhellavegen med kollegaer etter jobb fredag. Tok ein runde på Annastien, om Klantenovi :)
Molden
- Datum:
- 03.08.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 8,3km
Roleg og fin tur frå Krossen til Molden med mine to søner :). Ein framifrå utsiktstopp med p.m.-faktor på 810 m.
Nordre Brurskardknappen - tur 2 i dag
- Datum:
- 29.06.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 5,5km
Kva kan vere årsaka til besøk nr. 2 denne dagen ? Årsaka går fram av bildet :) Jada, eg gløymde att sekken på toppen. Flytte den bak varden ved fotografering, og dermed var tankane andre stader. Denne turen for å hente sekken vart ei rein treningsøkt med bra tempo.
Søre- og Nordre Brurskardknappen
- Datum:
- 29.06.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 8,3km
Dagens tur to på Valdresflye. Denne frå Heimdalsmunnen. Må reklamere for desse to toppane, grunna den formidable utsikta til alle 2000-meter toppane i dette område. Her kjem eg tilbake med spegelreflekskameraet ei gong. Berre mobilbilder i dag. Opplevinga av å stoppe å ta inn utsikta, går langt forbi det å ta bilder i alle fall. Tilrår tur hit på godversdag med ismett av skyer.
Fisketjernnuten
- Datum:
- 29.06.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,2km
Fin tur på Valdresflye. Restitusjonsdag. Plan var Nordre Kalvehølotind og Vestre Kalvehøgda i dag. Men Tverrbottindar frå torsdag sat så hardt i kroppen, at vi prioriterte små rolege turar som alternativ. Ein nyt mykje også på slike dagar. Nydeleg utsikt og ro i sjela.
Klantenovi frå Sjurhaugen
- Datum:
- 19.05.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 2:06h
- Entfernung:
- 9,6km
Tur frå parkeringa ved Sjurhaugfossen. Følgde Øygardsvegen til Husum, og fram til Rimskiold. Vidare på den vakre Vindhellavegen med dei flotte murane. Over Klanten, via toppen Klantenovi, og til postkassa ved Sverrestien. Sverrestien i retur til Rimskiold, og retur same veg. Husum, Øygardsvegen, og til Sjurhaugfossen. I dag var det vakkert med blomstereng, lukt av syren, vår/sommar, og 23 varmegrader. Fin tur med innsniking av ein enkel topp under vegs.
Klantenovi
- Datum:
- 15.04.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:03h
- Entfernung:
- 3,9km
Rundtur frå Borgund kyrkje. Testa app frå topp og ned. Fungera berre når den er håndholdt. Akutt rygg, og til det tilpassa tur.
