Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Ravnenipa

Datum:
27.04.2023
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
3,4km

Fin og enkel oppvarmingstur frå sentrum på Solund. Plan for turen er å besøke nokre fjelltoppar, oppleve litt nytt, og kose oss i bubilen. Hovedmålet i dag er Pollatinden, som eg fekk eit fint bilde av frå toppen her. Her på Hardbakke er det eit veldig flott diskgolf-anlegg, og ei fotballbane som ligg fint til. Denne turen starta bak målet på fotballbana. Fin natur undervegs på turen. God friksjon på desse fjella. Porøs konglomerat, som gir godt feste. Berre å dure opp og ned sva-partia utan tanke på risiko for å gli. Flott utsikt frå toppen. Til toppar, havet, innlandet som stig innover. Herlig.

Karte    

Skredvarden

Datum:
15.04.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
22,3km

Når været er regn heime, og sol ved kysten, så blei det bubil- og topptur. Valet fall få Askvoll. Kom fram til marinaen kl 21:30. Laurdag tok Marita og meg ferja til Atløy. Sykla frå ferja i Gjervika, 7,5 km utover smal bygdeveg, til vi kom til ei vik med skilta tur-vegar. Spora ikkje sykkelturen. Fin sti inn i terrenget og bratt opp på fjellet. Godt merka heile vegen, og lett terreng å gå i. Stadig flottare og breidare utsikt på veg opp, og med Alden som ikon. Nydeleg stor og fin varde med 360 utsikt på toppen. Vi tok oss god tid til å sjå utover, og til fotografering. Eg var imponert over Marita som blei med på tur i dag. Med betennelse i kne heile vinteren, har ho ikkje fått trena. Men opp kom ho. Nedatt med kraftig skinne, gikk det overraskende greitt. På sykkelturen tilbake >>>

Karte    

Storehaugen

Datum:
19.03.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
6,2km

Fyrste fottur til Storehaugen i år. Is frå litt under Hardasiglet. Krika meg mellom isfelt opp til ca. 430 moh. Så på med snøkjetting. Lite snø opp til Skirset. Tungt opp hit, med vidare gikk det lett i dag. Meir snø, og hardtrakka trugespor oppover. Merkeleg nok blei det blautare, og eg trakka i gjennom snøen 10 -15 gonger. Kunne ha nytta truger, frå Vetlehaugen, men det var greit til fots i dag. Flott utsikt frå toppen, om det er vinter ellers sommar :)

Karte    

Klantenovi

Datum:
11.03.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,2km

Enkel lokal tur, sidan ryggen framleis er litt vrang. Fottur i snø og med stavar til i dag. Ein del av ruta hadde fine trugespor.

Karte    

Klantenovi 12

Datum:
14.12.2022
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
0:45h
Entfernung:
3,9km

Målet om ein tur til Klantenovi kvar måned i 2022 nådd. Eg går ulike ruter her innimellom. No blei det litt systematikk. Ved å gå opp til topp-punktet, ein gong kvar månad, sikra eg meg 1440 ekstra meter primerfaktor. Avstikkaren frå stien over Klanten er 200 meter bort til topp-punktet. Overkommeleg �.Mobil utan dekning i dag. Ikkje gps-spor, sidan eg sletta PB-app i forsøk på å få den i drift. Den fann ikkje posisjon og kart.

Årdalsåsen og tårnet

Datum:
11.12.2022
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
15,7km

By og skogstur i Porsgrunn. Frå byggefeltet Stridskleiv, og raskaste veg til stistart, 4,75 km. Så bar det inn på merka tursti. Nokre is-kjøver innimellom, men kunne unngåast. Snøkjetting i sekken. Tok med ein liten grøn opp på retur. Nesten tilbake til utgangspunktet, tok eg ein runde, og gikk oppom vanntårnet. Då blei det to raude og ein grøn i fint desemberlys. Ca minus 10 i dag.

Karte    

Vedabakknosi

Datum:
04.12.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:45h
Entfernung:
8,9km

Vurderte 100 pmf. topp i rimeleg køyretid frå Lærdal. Og ikke før høgt, sidan snøen har trekt lenger nedover. Enno er det ikkje skiføre til toppturar i område vårt. Køyrde til Årdal, opp Seimsdalen, og parkerte på opparbeida plass under toppen Horgi. Rundt om her er fleire merka turstiar. Horgi rundt, Bøttejuv, med fleire. Eg skulle gå stien skilta mot Slettedalen. Måtte følge godt med for å halde stien, sidan det var 3 - 7 cm snø. Raude tre-klossar hengt opp i trea, viste veg oppover. Måtte vera litt varsam, då det var ein del kjøver. Hadde snø-kjetting, og dei nytta eg på returen. Fekk sol då eg kom ut av skogen, vel 900 moh. Nokre skuggeparti, og mest på retur. Burde ha starta ein time tidlegare, for heilt optimale forhold på denne ruta. Det er få timar med sol >>>

Karte    

Blåskavlahovden

Datum:
26.11.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
14,4km

Hadde planlagt nokre nye toppar i Aurland kommune dette året. Men ein skitur til Blåskavlen, som gjengangar, var den einaste fram til i dag. Køyrde til parkeringa i svingen under garden Vikesland. Her er det oversikt-tavle, og omtale av fleire turar i området. Stølen Hovdunga er nok mest bestøkt. Men om ein held fram oppover fjellryggen er både Hovdungavarden og Blåskavlavarden etablerte turmål i Aurland. Følde ruta mot Hovudunga, men vart freista av ein snarveg opp skogen ganske tidleg. Denne manøveren tok eg oppatt litt før Hovdunga, for å få ein kortare veg til turmålet. Veldig fint terreng oppover. Litt snø frå ca. 1100 moh. Passerte under Hovdunga-varden, som skulle få besøk på returen. Noko meir snø etterkvart, men aldri meir enn om lag 8 - 10 cm i dag. Noko avblæse >>>

Karte    

Fagerset -Vetanosi

Datum:
20.11.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
10,7km

Litt sein turstart i dag. Plan var minimum Fagerset. Traff kjende frå turlaget like over Olavskjelda. Dei hadde vore på Fagerset. Dei meldte om kraftig vind, og var ikkje freista av lenger tur. Då eg nådde Fagerset etter 1:38, og sjekka ut, var det kun litt trekk. Heldt difor fram vidare, med mål om Vetanosi. Nådde etter litt att ei tur-kvinne i same ærend. Tilbaud henne å følgje med, og slik kunne ho få oppleve den bratte ruta nedatt, og få rund-tur. Helene takka ja, og ga uttrykk for at ho likte ruta og utsikta. Det gikk i turprat resten av turen. Fint raudt lys på himmelen i det det mørkna. Måtte vere litt varsam i dei bratte partia, då eg ikkje hadde valt dei beste skoa til føret i lyng-partia.

Karte    

Raudberg og Storeskardnøse

Datum:
13.11.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
9,4km

Var i Hemsedal i går, og det gav meirsmak. Det vart tur over fjellet i dag også. Litt kortare køyring, 64 km ein veg frå Lærdal til parkeringa ved Ershovdstølane. Eg tok ikkje sjanse på å køyre over på støls-sida, sidan det var hengelåsar ved bommen. Den var open, men eg kjenner ikkje rutinane. Veldig fin sti oppover mot Raudberg. Det viste seg at her var det DNT-merka sti til toppen av Raudberg. Dette gjorde valet lettare. Plan var å ta ei rute frå litt lenger aust. Men det hadde vorte om lag ein km meir å gå på grusveg. Veldig flott terreng heile vegen på turen i dag. Nydeleg slette-landskap oppå fjellete, og lite vier. Her har det nok vore mykje beiting over tid. Var oppe på toppen etter 1:07 min. frå parkeringa. Så var det å sikte mot Storeskardnøse. Fann ei veldig >>>

Karte