Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Kletten

Datum:
20.04.2024
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
4,1km

Finfin og lett tur nr 2 i dag. Fin og for det meste grasdekt traktorveg, før sti i lyng og på sva mot toppen. Fantastisk flott utsikt frå denne relativt låge toppen.

Karte    

Vikafjellet

Datum:
20.04.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
9,4km

Fin og spennande tur i Eikefjord. Fyrst på traktorveg, så grei sti, men bleike merke. Over tregrensa lyng og noko sva. Like før fyrste toppen vart det brattare, under mektig fjellvegg. Her låg hard snø, og ei gleppe inntil fjellet. Såg glassert is i partiet over også. Etter vurdering trekte eg meg på normalruta. Frå juni står det i UT-appem. Fann ei grei rute rundt på sørsida av fjellet. Kom då opp ei renne mellom toppane. Gikk ut på høgaste punktet på fjellryggen. Fantastisk fint og kronglete landskap. Fasinerande for ein indresogning. Flott utsikt mot det meste, rundt om. Håstein-fjellet var godt snødekt enno. Returnerte, og tok då med meg Nipa også. Sjekka litt forholda ned normaluta, men trekte meg for andre gong i dag. Veldig hard snø-is, og glasert blank is nedanfor >>>

Karte    

Klantenovi 6

Datum:
30.03.2024
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
4,1km

Det minka på snøen. Litt is innimellom, og greitt med snøkjetting i dag. Mildt og fint turver.

Karte    

Rundemannen

Datum:
26.03.2024
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
12,2km

Morgon-tur opp mot Fløyen, og innover fjellet. Blå himmel då eg gikk ut døra frå hotellet, men skyer på veg inn. Fin tur oppover, men litt forbi Fløyen kom det snø-vèr. Det var no berre artig, då det gav seg fort. Så greie forhold å gå heilt til masta, og ikkje glatt på vegen. Hadde byrja på tur vidare til neste "fjell", men ombestemte meg, då eg måtte sjekke ut innan kl. 12.

Karte    

Fløyen

Datum:
25.03.2024
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
5,9km

Fin rund-tur opp til Fløyen i Bergen med Sander. Han sakna geitene, som ikkje var på plass i dag. Fint klårt ver, og nydeleg utsikt. Mange folk på tur i dag.

Karte    

Vetanosi - ikkje

Datum:
16.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
7,7km

Denne turen gikk ikkje som planlagt. Positiv med rando-skia på sekken opp frå Fodnes. Det gikk for så vidt greitt. Tyngre med ski og sko på sekk, det merkast. Like før Stegen kom eg på, at eg hadde gløymt att stavane i garasjen. Då vart opprinneleg plan skrinlagt. Plan var å gå på føtene nesten til Fagerset, og på ski til Vetanosi. Ski utan stavar fungerar ikkje. Då vart det plan B, på føtene Vetanosi rett opp. Det gikk heller ikkje. Møtte ein hyggjeleg kar, ved Stegen. Han fyrte bål og kosa seg saman med to elghundar. Heldt fram utan sekk. Litt etter stikrysset mot Vetanosi vart det vanskelegare. Sopass med snø-djupn at det gikk svært seint oppover. Trødde til over knes innimellom. Det er nok vinden som har flytta litt på snøen. Over tregrensa vart det litt betre, men >>>

Karte    

Klantenovi 12

Datum:
23.12.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,1km

Vakkert i snøpynta skog. Strevsamt å gå i djupsnø. Truger hadde passa betre til turen i dag. God trim, og fin opplevelse.

Karte    

Klantenovi

Datum:
26.11.2023
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
4,0km
Karte    

Store og Vetle Haugmelen

Datum:
18.11.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
16,9km

Sidan fyrste tur til Store Haugmelen i 2005, har denne lege å vaka hjå meg. Plan var då å ta med Vetle, og plan var definitivt i haust. Men tida går, og mange prosjekt surrar samstundes. Sidan 3 Peakbook-musketeer frå feil side av vass-skilet hadde slått meg i mi ieiga leikegrind, måtte denne turen takast ved fyrste høve (humor). Men ingenting så gale at det ikkje er godt for noko. Gutta frå aust hadde trakka fine spor. Sein avreise i dag, men eg beina på frå parkeringa ved Dalåker kl. 11:55. God brei grusveg dei fyrst 3,7 km, til overgang traktorveg, og sti til sist mot Vassløysa. 1:10 dit. Eg følgde stien som går rett inntil veggen bak øvste hytta aust. Etter kvart var trakka til hjelp oppover, på den måten at eg ikkje trong å leite etter stien. Etter knapt to timar stod >>>

Karte    

Amlaholten

Datum:
12.11.2023
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
4,9km

Når ein fyrst er i siget. Tok av mot Festingdalen i staden for å køyre gjennom tunnelen, og rett ned på ferjekaien. Parkerte ved stistart. Her er plass til 6-8 bilar. Har gått denne runden tre gonger tidlegare. Ved sidan av meg laga ein jæger seg til. Eg sa kor eg tenkte å gå, og spurde om det vart problematisk. Vi lyt dele på området, var hans gode svar. Vekselsvis gikk eg raskt, og småsprang på traktorveg innover. Den blir noko smalare ATV-veg etter kvart. Siste stykke opp mot toppen er «små-klyvete». Oppe på toppen er nydeleg utsikt mot Bleia, og ut fjorden mot flotte fjell over Aurlandsfjorden. Litt for store bartre tek noko av denne utsikta. Heldt fram på brei sti, og etter kvart traktorveg nedatt. Fin rund-tur.

Karte