Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Bleia, Bjørnen og Store Grånosi

Datum:
26.04.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
25,8km

Fantastisk skitur i heimfjella. Med utgangspunkt i Modlaugsbotn, opp Erdalsvegen frå Lærdal, er det eit veldig flott skiterreng. Området ligg i Aurland og Lærdal kommunar. Ein kan gå inn den lite bratte dalen, setje set i ein solhelling og berre nyte. Eller ein kan gå til ein av dei mange toppane i området. Blåskavlen og Bleia er dei høgste, og kanskje flottaste fjella i området. Men Stora Grånosi, Bjørnen og Grånosi er også verdt eit besøk. Ta gjerne med Jernhetta også, og utsikta under den, der ein ser like til Flåm, er veldig flott. Og er det godver, gå gjerne heilt ut på Kalvsnesnosi, og sjå rett ned i Aurlandsfjorden, og inn Nærøyfjorden. Tilrår den turen. No er det brøyta til øvst i hyttefeltet i Sluppen. Ein lyt då gå ca. 1,2 km før ein er ved brui, der parkeringsplassen >>>

Karte    

Øst for Bjordalsnosi

Datum:
18.04.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
20,6km

Fantastisk skitur i høgfjellet i Borgundsfjell i Lærdal kommune. Toppa med besøk til ein Lærdalstopp. Parkerte ved Breistølen fjellstove. Gikk inn det vakre Stardalsgjelet. Varm god sol, skyfritt og nesten vindstille dag. Mykje snø og svære skavlar i gjelet i år. Vel oppe av gjelet 1:20, bar det vidare etter kvista DNT-løypa til Bjørdalsbu. Ved Store stein ved Starsjøen undra eg litt på kva som var Øst for Bjordalsnosi, og kva som var Bidlesteinsnosi. Appen greidde ikkje å få opp verken kart eller nåla på toppen vi skulle til. Fortsette difor lenger inn langs kvistaløypa. Snart var vi godt oppi Rankebotn. Då hadde vi faktisk snart runda toppen på austsida. Bestemte då å bestige frå søraust heller enn nordvest som planlagt. Hadde også sett ut ei slik rute på førehand. >>>

Karte    

Klantenovi

Datum:
12.04.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,0km

Påsketrim Rimskiold - Sverrestien -Klantenovi - Vindhellavegen. Fin enkel tur med Sander og Joakim.

Karte    

Øvre Salen nordaust

Datum:
10.04.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
7,1km

Randone forsiktig påsketur i eigen kommune saman med Joakim.

Karte    

Øvre Salen randone

Datum:
21.03.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
8,9km

Ein enkel finvèrstur på ski blir fort ekstatisk med den situasjon eg er i no. Fyrste tur etter at eg eg fekk kraftig akutt Isjas 6. jan.-20. Så etter 11 dagar sjukehus, store dosar medisin, er kroppen framleis smertefull, men i god bedring. I fjor hadde dette vore ein svipptur, men i no-situasjonen er det ein milepæl. Ut frå situasjonen vart det ikkje å plukka små grøne toppar i dag. Dei fleste som går på Salen går til Øvre Salen Nordøst, og er nøgd med det. Tilrår å besøke høgaste toppen Store Salen, 11 meter høgare, og som har ei mektig utsikt mot heimefjella. Nedre Salen får eg ta når forma har stege nokon hakk.

Karte    

Børrenøse

Datum:
23.12.2019
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
3,6km

Fyrste Randoneetur denne sesongen. Rett opp frå skianlegget. Kjapp og grei tur, men dårleg sikt.

Karte    

Vetanosi og Aspevikstølen

Datum:
10.11.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
11,0km

Ein nydeleg kald og klar novemberdag. Enno lite snø i høgda. Plan om topptur frå stien frå Fodnes til Aspevikstølen. Fyrste stopp for å nyte utsikta var frå utsiktspunktet "Stegen" ca. 550 moh. Flott utsikt til Bleia herifrå. Så vidare på stien til den flatar ut og dreiar i retning Aspevikstølen. Nett her går det trakk vidare rett opp. Mogeleg hjortetrakk, men som no er markert ved at fleire tek turen rett opp til Vetanosi. Einkvan har knytt eit plastikkband i treet rett etter denne avstikkaren rett opp. Og her får ein prøvd kondisen dei kommande vel 100 høgdemeterane. Kvotane står tett, men det er på lag sti heile vegen. Hærleg når det flatar ut ved tregrensa, og sola varmar litt. Etter eit litt flatare parti kjem ein bratt skrent. Greitt å bruke hendene litt >>>

Karte    

Vindhellavegen og Klantenovi

Datum:
08.11.2019
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
7,3km

Vindhellavegen med kollegaer etter jobb fredag. Tok ein runde på Annastien, om Klantenovi :)

Karte    

Løvstakken

Datum:
21.10.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
5,4km

Dagstur til Bergen. Ei lita tidslomme, gav meg ein kjapp topptur. Bratt innimellom også i Bergen.

Karte    

Eggenibba over og rundt

Datum:
05.10.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
12,5km

Fantastisk opplevelse å gå på Eggenibba som hausttur. Ja det var no både sommar, haust og vinterfølelse av denne turen. Vi var litt spente på korleis dette skulle gå sidan vi viste at det var kommen snø på toppen. Tur fullført, so kan vi berre legge til at snø vart ei del av krydderet i denne totalopplevelsen. I bratta etter 15 min, vart vi litt i tvil då det var ein del is i stien og på svaparti, og opptak. Men det gikk greitt. Oppå ryggen møtte vi på meir snø enn rekna med. Rett og slett djupsnø innimellom. Eit par med eit lite barn i meis gikk rett før oss. Vi var difor privilegerte med trakka spor. Dette kom godt med etter passering toppen, og vidare på rundturen. Men fyrst, vel oppå ryggen var det ikkje lenge før utfordringane kom tett. Is, djupsnø, og heftige opptak, >>>

Karte