Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (360)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Hemsedal-toppar frå Bjøberg
- Datum:
- 16.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 16,0km
Noko betre ver austafør. Kjørde til Bjøberg for å nyte litt Hemsedal-natur og plukke nokre toppar. Fyrst 600 m gonge langs gruseveg til hytter, før stien merka mot Kjåen tok opp i lett terreng. Tunn skog ei stund før det vart skikkeleg fint høgfjellsterreng. Etter vel 45 min var eg ved foten av fjellet Høgesyningen. Fint fjell. Lett og greitt, knapt ein halvtime til topps. God sikt herifrå og mot fjellstølen Bulie, der sti går opp i ein botn og vidare mot Kjåen. Bratt i rett linje ned frå toppen, til eit skar, og lett opp på neste topp, Grønleinberget. Fin varde her, og høgast av dagens toppar. Litt foto, ei skjeve, og tid til å nyte utsikt til fjella rundt om. Vidare i lett jogg eit godt kvarter til Sør for Grønleinberget. Fin utsikt til Raudberg. Så vart det å setje >>>
Mælefjell
- Datum:
- 11.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 15,3km
Tok av mot «Heksfjell», frå Sauland. Fyrst gjennom bustadfelt, så på grusa bomveg inn Slåkjådalen. Rufsete veg grunna arbeid med stikkrenner. I alt 14 km til Slåkjå. Overnatta i bubilen. Vurderte ruter, og valde den tryggaste på tur. Om lag hundre meter, og så rett ned på gruslagt veg. Så sti, og lange strekk med utlagt plank bortetter myrlendt område. Ved ei einskild hytte i skogen, på ope område, fann vi sti oppover langs elva. Då det flata ut sikta vi oss over myra langt nede, og så bar det bratt opp flanken. Det var berre å manøvrere etter beste evne. Nokon trakk innimellom. Her var det bratt. Over skogen var det fint terreng å gå i vidare. Så meir stein og opp langs fine vatn. Mykje flott lilla farge på dei større steinane. Etter mat-rast var det kjapt opp til >>>
Vardefjellet og Hantofjellet i Lunde
- Datum:
- 09.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,2km
To lette toppar frå camping-plassen i Lunde i Telemark. Fyrste etappe med vekslende lett jogg og gange langs veg og gards-veg. Merka start på turen etter ca. 2,3 km. Lett og fint skogsterreng å gå i. Fin utsikt frå fyrste toppen. Andre toppen frå skar på retur. Merking, sett bort frå siste 300 meter til topps. Eg kan ha gått noko for langt, før eg tok av. Lite utsikt her, då det var tett skog. Sikt til førre topp, Vardefjellet, når ein gikk litt ned og utpå. Turt og fint, og god trim.
Tåråfjell
- Datum:
- 07.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 12,6km
Passe lang topptur i varmen. Uvant å gå topptur i skogen for ein som kjem frå Indre Sogn. Dei siste 50 meter av turen var over tregrensa. Utsikta frå toppen var bra. Med pmf. på over 500 meter, blir det litt luft rundt på alle sider. Såg greitt til Lifjell som nærmeste høgfjell, og Gaustadtoppen i det fjerne, nord-vest. Mindre stigning også her i skogs-åsane på austlandet. Nokre få kneikar var det. Elles vekslende turr skogsbotn og myrlendt terreng innimellom. Fin tur og god trim.
Fjerdingen
- Datum:
- 01.07.2022
- Tourcharakter:
- Fahrradtour Gelände
- Entfernung:
- 20,3km
Sykkeltur med topptur til. Sykla i gjennom byen, forbi Østmarka, og til eit vatn i Bjørkedalen. Vidare til fots på fin merka sti til toppen av åsen. Artige skilt på trea, med fin tekst og i ulike farger. Utsiktspunkt og postkasse nokre hundre meter vest for toppen.
Årdalsåsen
- Datum:
- 29.06.2022
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 15,5km
Liten topptur under ferieopphold i Porsgrunn. Med anmarsj gjennom byen blei turen faktisk 15,5 km, og nesten tre timar.
Porsgrunn
- Datum:
- 26.06.2022
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 11,1km
Litt gå og jogging rundt om, i eit område av Porsgrunn. Er på feriebesøk hjå sønnen til Marita. Må innom dei raude og grøne nålene, når ein fyrst er i farta.
Dueskardsvarden og Lingesetfjellet
- Datum:
- 19.06.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 14,9km
Sykkel, og fottur frå flyplassen i Sogndal. Sykkel på fin grusveg og relativt snill stigning fyrste knapt 2,5 km. Frå veg-kryss mot masta, og utover fjellet, var vegen mindre jamn, og meir kuppert. Sveitta godt oppover. Siste kneikane mellom 700 og 800 moh. var det nokre svært bratte bakkar. Gikk av sykkelen to gonger. Sette att sykkelen knapt ein halv km før stistart til Dueskarsdshøgdi. Dette med tanke på at eg også skulle til toppen Lingesetfjellet, og komme nedatt ein annan stad. Fin sti i lett terreng bort til Dueskadsvarden. Utsikta her var formidabel. Ein måtte gå litt rundt på platået for å få med seg alt. Flott mot Bleia, til Fresvik med enorme botnar og dalar. Ut Sognefjorden mot Balestrand. Grønt og frodig i Øvstedalen, opp frå Fardal. Mot Storehaugen og masta, og >>>
Klantenovi 6
- Datum:
- 18.06.2022
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 4,0km
Då var juni-turen til Klantenovi fullført. Lett og rask topptur dette. Med kulturvandring som bonus.
Vetanosi rett opp
- Datum:
- 14.06.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,4km
Kveldstur til Vetanosi. God trim, 1130 meter opp. Parti med kraftig stigning innimellom, spesielt nokre kneikar i øvre del. Fin sti i barskog og på sva i nedre del. Heilt fantastisk utsikt på denne turen. Når ein går nedatt kan ein sjå 4 fjordar samstundes. Ja det er ein fjord da. Sognefjorden. Men i tillegg til hovudfjorden, ser ein samstundes Lærdalsfjorden, Årdalsfjorden og Lusterfjorden. Oppå fjellet er det fin utsikt rundtom, og spesielt mot vakre Bleia. Bra tempo i dag. 1:28 frå stistart ved fjøsen til toppunktet, og 48 min på retur.
