Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Ravnenipa

Datum:
27.04.2023
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
3,4km

Fin og enkel oppvarmingstur frå sentrum på Solund. Plan for turen er å besøke nokre fjelltoppar, oppleve litt nytt, og kose oss i bubilen. Hovedmålet i dag er Pollatinden, som eg fekk eit fint bilde av frå toppen her. Her på Hardbakke er det eit veldig flott diskgolf-anlegg, og ei fotballbane som ligg fint til. Denne turen starta bak målet på fotballbana. Fin natur undervegs på turen. God friksjon på desse fjella. Porøs konglomerat, som gir godt feste. Berre å dure opp og ned sva-partia utan tanke på risiko for å gli. Flott utsikt frå toppen. Til toppar, havet, innlandet som stig innover. Herlig.

Karte    

Filefjell er toppen

Datum:
22.04.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
34,0km

Solo-tur i dag. Perfekt ver, og dagen var bestemt for lagtur på ski. Gikk opp grøne-løypa frå skitrekket. Så bort i hyttefeltet. Raskast, når ein skal inn i fjellet mot Varhovdflænene. Brukte fjellski med kortfeller i dag. Det var betre å gå utanom trakkemaskin og skuterspor. Heilt fantastisk føre begge vegar. Kunne gå over alt. Transport-etappen mot toppane eg besøkte i dag er lang. Men det er fantastisk flotte formasjonar i fjella, og det skjer noko heile tida, når ein har passert Flænene. Strategien i dag var å ta høgast topp fyrst, Skøddetinden. Den har eg besøkt før, men den ligg rett i leia. Så Kljåkinnknippene Vest, som var lengst i frå start. Vanvittig flott utsikt mot Høgeloft, Ranastonge, m.fl. i Hemsedal og Vang. Og så har vi jo veggen av Jotunheimens 2000 >>>

Karte    

Blåfjellet

Datum:
16.04.2023
Entfernung:
6,8km

Rask formiddagstur i finveret i Askvoll. Bygda har mange turmål som er godt tilrettelagt med skilting og merking. Det er opparbeida ein fin bubilcamp ved småbåthamna. Askvoll er ei fin bygd, som har dei fleste fasilitetar. Turvalet fall på Blåfjellet, sidan det var den høgaste toppen i bygda. Toppen er over 500 i pmf. noko som gjer den litt ekslusiv for nerdete topp-samlarar. Sykla opp til parkeringa, 800 meter frå hamna. Ned ein liten bakke, og så nokre hundre meter langs elva på breid sti. Så gikk stien rask opp i terrengt, vekslande mellom stein og sti. Lenger opp var det nokre myrparti innimellom. Fint å gå, med nokre brattare opptak innimellom. Formidabel utsikt frå toppen. Mellom anna nordvestover mot øyane utanfor Florø, og nordaustover mot mektige Bremanger-fjell. Frå >>>

Karte    

Skredvarden

Datum:
15.04.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
22,3km

Når været er regn heime, og sol ved kysten, så blei det bubil- og topptur. Valet fall få Askvoll. Kom fram til marinaen kl 21:30. Laurdag tok Marita og meg ferja til Atløy. Sykla frå ferja i Gjervika, 7,5 km utover smal bygdeveg, til vi kom til ei vik med skilta tur-vegar. Spora ikkje sykkelturen. Fin sti inn i terrenget og bratt opp på fjellet. Godt merka heile vegen, og lett terreng å gå i. Stadig flottare og breidare utsikt på veg opp, og med Alden som ikon. Nydeleg stor og fin varde med 360 utsikt på toppen. Vi tok oss god tid til å sjå utover, og til fotografering. Eg var imponert over Marita som blei med på tur i dag. Med betennelse i kne heile vinteren, har ho ikkje fått trena. Men opp kom ho. Nedatt med kraftig skinne, gikk det overraskende greitt. På sykkelturen tilbake >>>

Karte    

Svarteknippa

Datum:
09.04.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
31,6km

For ein dag, for ein skiføre, og for ein vakker fjellheim. Når ein går så langt inn i fjellet, får ein verkeleg ein god opplevelse. Ein sterk følelse av kor mektig fjella og naturen er. Kontrast til dei små areala nedi dalen der folket bur. Søskenbarn Anders var med på ski-turen i dag. Kjekt å vere to når ein går så langt. Svarteknippa står på Vangs-lista, toppar med primerfaktor på over 100 meter. Som betyr at du må meir enn 100 meter ned i skarsdjupn, for å finne ein topp som er høgare. Slike fjell står oftast fram som sjølvstendige fjell med noko volum. Ruta i dag gikk opp Såteskard frå parkeringa oppe ved Tyin-blokkene. Fint å gli frå skardet og ned mot Øyangen. Så vidare bortover mot Steinbusjøen. Vi følgde skuterspor frå omlag Såteskard, og heile vegen til >>>

Karte    

Stora Grånosi

Datum:
04.04.2023
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
7,8km

Randotur med Yngve frå 600 meter nedanfor Vardahaug parkering. Nydeleg dag for topptur. Etter vurderingar om tur til Bleia, blei denne valgt som passe i dag. Mykje som skal gå i hop i påska. Gledar meg til besøk frå son og barnebarn i ettermiddag. Snart kjem også dotter heim på besøk. Det var litt tunge bein i dag, så kanskje litt på minus med restitusjon for tida. Men denne turen er ikkje så bratt, men likevel har den fin køyring heile vegen. Skogskøyring som avslutning. Flanken ned frå toppen gir bra fart. Fiiin-fin tur :)

Karte    

Hundesteinsegge

Datum:
01.04.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
28,2km

Ein aldeles fantastisk fjellskitur !! Djup glinsande nysnø i urørt natur gir glede og eufori. Men deler av turen, eller kanskje summen, gjorde den også strevsam. For det var myyykje djupsnø, og vi seig langt nedi. Men på deler var det både snøskuter-spor og skiløpara med pulk framfor oss, som hadde gjort brøytejobb. Vi valde å ta bua rute over Steinbusjøen for å vere maks trygg. På retur la vi ruta over Øyangen til «Dei tre med pulkane». Lettare, og trygt viste det seg. Etter ein matpause ved ver-stasjon følgde vi så spora innover. Ved Kimbiltjernet gjorde vi dagens feile valg. Straffa blei dobbel. Vi forlet spora fordi vi rekna med at «Dei tre med pulkane» skulle ned i eitt anna dalføre. Det viste seg etterpå at dei m.a. skulle til Hundesteinegge. Vi heldt fram i djupsnøen >>>

Karte    

Storebottskarvet

Datum:
26.03.2023
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
9,6km

I dag var det vanskeleg å bestemme seg turmålet. Langrenn, fjellski, men helst topp da. Turmålet blei bestemt 200 meter før rundkøyringa i Borlaugskrysset. Vegringa gikk på to element. Det var meldt aukande vind i høgda ut over dagen, og dette med solo-tur høgt til fjells. Turen hadde eg heller ikkje gått tidlegare. Turen vart opptur. Det einaste minus var vinden. Den førte til at eg returnerte frå flanken, og gikk opp sør-aust. Egentleg eit betre val uansett, vil eg meine. Men der og då, når eg snudde og slapp med nedatt 40 høgdemeter, var det ugreitt. Vinden, samt at skia skyfla laussnøen i bratta. Hard skare under. Det hadde ikkje vore problem å komme opp da. Men det viste seg at ruta rundt gav meg god ly for vinden heilt til eg var på topp-platået. Gikk på begge toppunkta, >>>

Karte    

Kyrkjenøse.

Datum:
24.03.2023
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
3,7km

To timar avspassering på ein fredag var nok til å få seg ein fin topptur i sola. Det hadde komme ca. 20 cm nysnø. Difor var det tungt, men likevel fint oppover. Mild også, med eit par varmegrader og kram snø, til det flata ut på ca. 1100 høgdemeter. Noko drønn i bratta mot toppen. Men ikkje over 25 grader bratt her, og eg følte meg trygg på tur. Idyllisk i nysnøen. Fin køyring nedatt. Appen ville ikkje lage spor nedatt.

Karte    

Storehaugen

Datum:
19.03.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
6,2km

Fyrste fottur til Storehaugen i år. Is frå litt under Hardasiglet. Krika meg mellom isfelt opp til ca. 430 moh. Så på med snøkjetting. Lite snø opp til Skirset. Tungt opp hit, med vidare gikk det lett i dag. Meir snø, og hardtrakka trugespor oppover. Merkeleg nok blei det blautare, og eg trakka i gjennom snøen 10 -15 gonger. Kunne ha nytta truger, frå Vetlehaugen, men det var greit til fots i dag. Flott utsikt frå toppen, om det er vinter ellers sommar :)

Karte