Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (337)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Sluten -Oftedalen -Lærdal
- Datum:
- 05.04.2025
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Entfernung:
- 37,1km
Fantastisk langtur på ski i høgfjellet. Turen i regi av Lærdal turlag er ein tradisjonstur. Det blir hevda at det var nokre som byrja gå ruta regelmessig rundt 1950. Seinare har turlaget gjort den til ein fast årleg tur rundt påsketider. Lite snø, og nokre gonger av og på med ski, fyrste etappe opp og inn Valdresdalen. Vidare på godt skare-føre. Fyrste matpause etter 2 timar ved Nåbottjørnane. Vidare opp til vatnet Løken. No fin køyring ned frå fleire vatn, med litt staking innimellom, til eit lite opptak mot Kvamsvatnet. Ein nydeleg dag med stille og skyfri himmel. Etter Kvamsvatnet meir stigning, og småkupert mot Steinhustjern. Rast like før vatnet. Over vatnet, og fine stigningar heilt opp til varden på Skvettebottshøgdi. Framifrå utsikt på veg opp, og frå toppen. Minipause >>>
Klantenovi 5/25
- Datum:
- 29.03.2025
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 4,1km
Indrevågefjellet
- Datum:
- 22.03.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 6,4km
Var litt spent på denne. Det såg bratt ut. Såg eit drag, og litt oppe i sida var det ein stein med raudt merke. Derifrå sti, og det var det for det meste, til ein kom opp på fjellet. Måtte følgje litt med, og nokre vardar var til hjelp i det brattaste partiet. Før ein kom dit, var det ein flatare parti med gras. Her tenkte eg å halde fram på skrå oppover. Så sjekka eg på høgdekvotar. Då vart det tydeleg, at herifrå skulle eg ganske rett opp. Etter litt såg eg to raude merker under ein bratt skrent. Her måtte ein gå på eit lite hylle-galleri, og så rett opp ei ur. Merka dukka opp att, og no vart stien på nytt betre att. Så dette gikk fint det, sett bort frå at det var skikkeleg strevsamt. Då det flata ut oppå på fjellet, møtte det meg sterk motvind. Vinden måtte >>>
Gjelsvikefjellet
- Datum:
- 22.03.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 7,8km
Endeleg fint vèr. Men potensielle skiturar på Filefjell, blæs bort. Då frista det heller med barmarkstur til lægre toppar nær kysten. Knapt 3 timar køyretur, og eg kunne ta avgarde frå Rindane. Fin rute innover på vekslande sti og sva i starten. Nokre småkneikar, men ganskje jamn stigning til stølane. Så brattare opp mot topp-punktet. Fantastisk utsikt mot Blæggja-massivet og fleire "Niper". På toppen blæs det kraftig. Nokre få bilder, og rett på retur. Greitt nedatt, heilt til siste få hundre meter. Glei og slo alboge og vreid handleddet då eg tok meg for. Handleddet fekk seg nok ei forstuing, medan albogen gikk det betre med. Men eg skal ein tur til i dag. Det må gå. Godt at det ikkje var foten.
Amlaholten
- Datum:
- 20.03.2025
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,9km
Stora Grånosi
- Datum:
- 16.03.2025
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 11,7km
Då det var meldt fin sol, måtte det bli topptur på ski i dag. Å kva skal ein velje då ? Det stod mellom Sulefjellet frå Maristova og Stora Grånosi frå "Sluppen". Såg at det var brøyta veg i Erdal til hyttefeltet, og då vart turen derifrå. 15 km køyring, og starta på 850 moh. Brøyta eit par hundre meter forbi hyttefeltet. Ikkje snu-plass, og ikkje varsla. Då blei det rygging ned mot hyttene, og snu der det var brøytt møte-plass. Det var parkert 4 bilar, og skispor ved start. Ca. 1 km til Vardahaug, og fint innover Modlaugsbotn. Lite snø. Fann eit flatt parti med trygg kryssing av elv. Så bar det jamnt oppover i retning toppen. Fint å gå i soli. Frå fjellfoten og opp var det lite snø og hardt. Eg har ikkje sett så mykje stein stikke opp her, sjølv ikkje seint >>>
Klantenovi 4/25
- Datum:
- 15.03.2025
- Entfernung:
- 4,1km
Tur med Sander. Litt snø på stien, men det meste frå natta har smelta bort.
Klantenovi 3/25
- Datum:
- 09.03.2025
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,0km
Amlaholten
- Datum:
- 08.03.2025
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 4,7km
Trimtur til toppunkt i samband med ærend i Sogndal. Fin rundtur dette. Må putle med slike småtoppar i låglandet, når snøen har smelta på fjellet. I dag litt mindre beint på holten, ca 150 meter lenger på tur opp. Så ein liten snarveg som kutta siste vende-svingen på turen nedatt.
Amlaholten
- Datum:
- 02.03.2025
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 4,9km
Fint alternativ til skitur når det er uroleg ver, og ein helst vil ha med eit topp-punkt.