Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (337)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Sjønakletten
- Datum:
- 04.11.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 3,2km
Køyrte ut etter smal veg til skilt Sjønakletten. Heldt fram til eg fekk snu ved ei avkjøyrsle mot ein eigedom. Parkerte på grasfelt ved møteplass ca. 200 meter vest om sti-start. Fin sti i tett barskog oppover. Jamn stigning og fint å gå. Ut or skogen passerte eg like ved fundamenta til ei fjordkryssande kraftlinje. Artig grønnfarge på mastene. Ikkje vakkert, men det må sikkert til. Veldig flott utsikt mot Blægja like før toppen. På toppen sat ei eldre kvinne som hadde gått opp frå andre sida. Vi hadde ein god prat. Turen ho brukte 30 min på for to år sidan, tok no 3 timar grunna sjukdom. Respekt til dei som står på og kjem seg ut på tur på trass av motgang. På returen nedatt, flott utsikt mot havet.
Rute utan flystriper, samt mine treningsdata for turen:
https://flow.polar.com/training/analysis/7758768205
Djupeviknipa
- Datum:
- 04.11.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 2,5km
Lett og mykje brukt rute. Her var det på gang tiltak med omlegging, steinsetjing og grusing av stien. Gikk berre til sjølve toppen. Ruta går vidare bortetter heia. Fint turområde med flott utsikt. Men også stor "trafikk" av turgåarar. Unge, og eldre. Born på tur med besteforeldre. Nokre hadde hundar på slep, og nokre jogga.
Fauskevarden og Fureviknipa
- Datum:
- 04.11.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,4km
Helgetur til lågare strok på topptur-samling. Låg over i bubil på parkeringsplass til turbruk. Tidleg i skoa laurdags-morgon. På traktorveg, så over til mykje brukt sti mot Fauskevarden. Noko ising innimellom, så konsentrasjon var påkrevd. Eit bratt opptak vart nesten utfordrande grunna is-kjøver. Men kjettingane vart i sekken. Oppe ved varden etter 55 min. Svært vindfullt i dag, så boblejakke måtte på her. Nydeleg utsikt i alle retninger. Havet, Blægja og Storehesten m/fleire. Så var det å finne ei god rute mot neste topp. Bra sti mellom toppane, sett bort frå eit kort parti. Fann ei hylle å komme litt ned att. Så grei rute vidare, stort sett på sti til neste topp. Sti nedatt derifrå.
Vetanosi
- Datum:
- 29.10.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,8km
Etter ein fin dag i går med besøk til eitt-årige barnebarn, og over 8 timar i bil, var fjelltur rett i dag. Dag med kaldt og klårt ver er fint på denne årstida. På etablert skilta og merka rute opp «Fodnesnakken». Heile tre turpostar på Ut-appen på denne turen. Mykje besøkte St. Olavskjelda og Stegen med den flotte utsikta mot fjorden. Og toppunktet Vetanosi. Sjølv om det er flatt på toppen, er det også fin utsikt frå Vetanosi sitt høgaste punkt. Sjekk-ut skilt ved steinen. Fint også å gå bort til store Varden mot Lærdalsfjorden, noko eg ikkje gjorde i dag. Aldeles nydeleg utsikt på denne turen, både opp og ned, når ein er komme over skoggrensa.
Rødåsen
- Datum:
- 28.10.2023
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Entfernung:
- 1,1km
Rusletur med son Sander ca. 500 meter frå bustader til son Joakim. I dag var vi på besøk for å feire eittårs-dagen til tvillingene Tilde og Millie. Fin dag, med familie og kos som høgdepunkt. Lang køyring, 565 km.
Tylderingen
- Datum:
- 25.10.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,5km
Siste av tre feriedagar. Då blei det ny topptur. Merka rute frå Kleiv i Sogndalsdalen. Tilråda å parkere ved Hodlekvebrui. Sannsynlegvis ved dei blå kontainerane. Ein finn eit par stader litt nærare og. Men ikkje blokker vegar til hyttene. Grei fin sti opp i terrenget her. Brattar til oppover. Litt under og forbi stølen Stepin, eit noko flatere parti. Is og snø frå ca. 800 moh. Måtte trø utanom is-parti her og der. Nærare skaret før fjellryggen gjorde snøen seg meir gjeldande. Bratte kneikar fyrst opp mot ryggen. Valde den ruta opp då eg ikkje var kjend, og ryggar normalt er mindre utsett for djupare snø-parti. Fin rute, men ein del gjennomtrakk måtte påreknast. Kunne med fordel hatt med truger og stavar til deler av turen. Men ingen store problem. Snart opna det seg flotte >>>
Sukkertoppen
- Datum:
- 24.10.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 5,5km
Parkeringa på tilvist stad i Spjelkavika var oppteken av omfattande anleggsarbeid. Vi køyrde difor vidare. Parkerte bubilen heilt nede ved Korsvika, ca. 1 km frå turstart. Men fint å gå med sola frå sør midt i mot i starten. Den varma. Grei fin og mykje nytta sti. Bearbeida med steinsetjing og diverse mindre inngrep. Det har nok vore naudsamt her, då det var gjørmete i utkant av steinsetjinga. Nydeleg utsikt i alle retningar frå toppen, og fleire stader på tur opp og ned. Spesielt i øvste partiet på fjellryggen. Lett og fin tur.
https://flow.polar.com/training/analysis/7751242334
Hanekammen
- Datum:
- 22.10.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 5,4km
Undra meg litt om ruteval i dag, men enda på ryggen som start. Og kva side av neset ? Inpiserte begge, og valde sør for, sjølv om stipla sti var nord for berget. Tok rett opp grasbakkane, og det vart bratt på slutten i fyrste oppsteget. Nokre fot-trinn, men måtte bruke hendene til sist. Kom opp på eit platå, mot nokre berg, og der stod ein pinne som markør. Passerte eit par pinnar til. Vidare opp ryggen kan ein gå ulikt, men eg følgte mest trakk til eg tangerte stien som går frå byggefeltet, ca. 220 moh. Herifrå fin sti til toppen. Nokre klyve-kneikar innimellom. Fjellet var lettare å bestige enn ein fekk inntrykk av, på litt avstand. Måtte passe meg for litt is på stien innimellom. Svær fin utsikt stadig, og i alle retninger. Toppa etter 1:23, då det gikk svær seint i >>>
Veten på Vågsøy m.fl.
- Datum:
- 21.10.2023
- Entfernung:
- 8,5km
Køyrde med bubilen til parkeringa ved ein barnehage. Såg då vi kom nedatt at det var eit flatere parkeringsareal 50 meter lenger ned/bort. Der overnatta vi etterpå. Ikkje lov å køyre opp til vassverket ! Fint turområde, med fleire ruter skilta. Marita og meg følgde mot Veten. Traff på tidlegare kollega Hilde, med mannen Vidar, borti skogen. Kjekt. Grei sti, litt frose i bakken og fint å gå. Nokre kneiker. Ut av skogen, og lettare terreng i sti som snodde seg fint til topps. Stor varde og nydeleg utsikt frå toppen. Marita returnerte same, medan eg følgde ryggen vidare mot
Brurahornet Vesttoppen. Svert fint å gå ned frå Veten, og ha havet i venstre auga. Litt is nedst mot skaret. Isparti fleire stader i dag, men som ein kunne gå utanom. Følgde sti heil ut på Brurahornet Vesttoppen. >>>