Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Øvre Kaldekletten

Datum:
22.09.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
3,7km

Fin ettermiddstur frå Flotevatnet over Skaolane på Aurlandsfjellet :) Gikk opp frå parkeringsplassen med det spesielt utforma toalettet. Fyrst langs anleggsveg, og så høgdene oppover i terrenget i nordleg retning. Lett og kjapp tur. Veldig flott varde, og nydeleg utsikt frå denne toppen. Var der sist for 25 år sidan. Då med godt vaksne foreldre og born på 5 or 7 år.

Karte    

Stedjeåsen

Datum:
18.09.2019
Entfernung:
5,8km

Kjapp tur til toppunktet på Stedjeåsen, og ein 100 pm. topp i Sogndal kommune. Fann ei lita tidslomme mellom fagleg møte og middag. Skugge i terrenget på stigninga opp, men fin sol oppå åsen.

Karte    

Vidhovd

Datum:
15.09.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
6,4km

Enkel søndagstur. I dag var det meir vindfullt, men enno solgløtt innimellom, og greitt turver. Kanskje ikkje til dei høgste toppane. Vi flytta bubilen nokre km innover. Etter kvart Eikrestølvegen, og parkerte ved eit kryss. Gikk så på god grusveg innover forbi Urdin og til Blomeslettane. Så kjerreveg eit stykkje, før vi dreia på sti til toppen Vidhovd. Her blæs det godt. Fin utsikt her. Nydeleg sæterlandskap og store vatn. Retur same veg. Ser av tavler at det er eit omfattande rutenett til fotturar og sykling. Ei fin-fin helg, og vi kjem gjerne att til dette område.

Karte    

Skogshorn

Datum:
14.09.2019
Entfernung:
9,4km

Helgetur til Hemsedal, og fjellområda under Skogshorn. Sidan Vestlandet, og endå til turre Lærdal vart overøst med regn, freista friluftslivet på andre sida av Hemsedalsfjellet. Ei fin helg i bubil med varierande delvis skya ver, og enkelte små regnbyger. Stien til toppen Skogshorn har nyleg fått ferdigstilt etappar med solide steintræpper, og gode dreneringar. Vakkert arbeid opp i gjennom. Særleg var den lange steintrappa i det brattaste partiet imponerande. Ein karakteristisk og flott fjelltopp i nabokommunen. Vi kjem gjerne att til denne, og kanskje prøve skia her i vintersesong.

Karte    

Krekanosi og Biskopsnosi

Datum:
07.09.2019
Entfernung:
13,3km

Fin tur i noko ukjent terreng frå Sletterust. Ein Lærdalstopp og ein Årdalstopp over 100 pmf. Køyrde bil opp til ei høgde i hyttefeltet. Sykla så ca. 2 km innover 1000-metervegen. Tok til å gå opp på ve. side av Biskopselvi. Opp nokre sva, og etter kvart varder og inn på sti. Fint å gå. Valde å gå lettast terreng og rett fram så lang som råd. Dreia så mot vest, for å få posisjon mot toppen. Lettkuppert. Moro å gå her å vurdere rutevalg i terrenget mot fjellfoten. Her og vidare opp var det haugar, knauser, stein som brear har lagt att, og nokre skrenter der eg vurderte greiast oppklyv. Aldri vanskeleg. Det var ein liten fortopp, før toppen. Måtte vere litt varsam opp siste kneika, då det var blaut og glatt snø. Toppen var ingen maiestet, men ein er langt inni fjella, >>>

Karte