Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Totten

Datum:
29.09.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
7,9km

Kveldstur til Totten. Bubiltur med helga. I Lærdal var det meldt tett regnver heile helga. I området Golsfjellet og mot Vaset er det gode meldingar. Har parkert ved Storevatnet/Hestanåne, no kl. 20:30, etter litt handling på Coopen i Hemsedal. Grunna anleggsarbeid og utbygging var det ikkje lov å køyre til parkeringa for stistart til Totten. Slik sett nesten 2 km opp på grusveg fyrst. Så delvis sti og delvis traktorveg/skitrase til like under toppen. Så på stein/sva opp til postkassa og bort til høgste punktet. Skikkeleg god trim, og ein ny raud Hemsedal-topp.

Karte    

Horgi

Datum:
26.09.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
9,3km

Tur etter jobb. Dagane blir kortare, og no er det lys til ca. 19:30. Lommelykta er no med i sekken, i fall noko ekstra skulle skje. Men eg har om lag kontroll på tidsbruken, når eg er på tur. Horgi har stått på lista i mange år. Men den lista er lang, eller dei raude nålene er mange. Må prøve å fylle litt på Årdals-lista, sidan listene mine med Hemsedal og Vang har passert 50 %. Fint turvær i dag. Mildt og halvskya. Haustfargane er i emning, og det er fint i fjellet no. Nådde att to jægrar like før Sjursete. Dei skulle jakte hjort i Nundalen. Fjellet er til for ulike interesser. Godt for kropp og sjel for alle som ser nytten. I dag la eg filter på bilda, slik at dei blir litt mørkare, meir kontrast og fargar. Det blir kanskje berre denne gongen. Fekk lyst å markere vakre >>>

Karte    

Bergsfjellet og Skjøld - rundtur

Datum:
23.09.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
22,5km

Flott tur i Vangsfjella i dag. Tok av ved Vangsgutane, og opp Skakadalen. Køyrde heilt inn til Soleistølen og sette att ein sykkel. Køyrde så nedatt til parkeringslomme ved avkøyrsle mot stølsområde Vårheim. Gikk derifrå på traktorveg til kvitmålt stolpemerke. Lyt følgje traktorvegen nokre høgdemeter nedatt, så skilta vidare. Fin grei sti oppover med kvite stolpar på trea. Lett å finne fram. Over tregrensa V-merker. Så er det berre å følgje ryggen til Bergsfjellet øst. Flott utsikt. Følgde så ryggen bort, og gikk ut der ein kan sjå styrtningane av Bergsfjellet. Fasinerande. Så nedatt mot eit tjern og rett på fjellfoten. Var spent då det såg bratt ut. Løyste seg fint ved å følgje hyller litt att og fram. Halde seg unna bratte oppgangar, mose og svaberg. Oppå fjellet >>>

Karte    

Klantenovi

Datum:
22.09.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,0km

Karte    

Frønningen Høgehaug

Datum:
15.09.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,1km

Klar for siste tur på Lærdalslista. Trass kontakt med jægrar på ferja og grunneigar, kom eg rett på eit lag som skulle jakte fugl i terrenget eg skulle gå i. Dei ville helst ikkje ha folk i terrenget. Eg forklara ærendet mitt. Siste topp på ei liste av 67. Dei hadde stor forståelse. Berre å gå sa ein rørsleg kar. Vi kan vente litt sa dei. Eg tok opp kart, og forklarde at eg kunne gå ut av terrenget, ei anna rute. Måtte berre returnere litt på samme ruta, og så korrigere. Det var dei 4 og takksame for, slik eg forstod dei. Dei hadde med ein fuglehund på jakta. Greitt å gå på sti innover i terrenget her. Ein god del vegetasjon og lyng, så litt av stien no og då. Returen gikk problemfritt. Då er lista med toppar I heimkommunen min Lærdal, komplett.

Frønningen Parisholten

Datum:
15.09.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,4km

Då var endeleg dagen for å fullføre Lærdalslista kommen. Var litt nervøs for å forstyrre jægrar. Hadde kontakt med Vilhelm Rumohr for rettleiing. Traff også representanter for to jaktlag på ferja. Viktig å ta hensyn til andre. Grunna jakta, valde eg ei rute som kunne vere til hjelp. Dei jakta høgare i fjellet, så det var aldri konflikt slik sett. Duskregn frå morgon av, men det lysna opp. Køyrde forbi garden Åsen. Plutseleg gikk det frå veg til traktorveg, med djupe spor og gras. Kom forbi, men det kom ein liten dunk under bilen. Så gikk det over til skogsveg. Eg tvila men fortsette. Køyrde på kantane. Ca 300 meter frå der eg planlagde å parkere stoppa eg. Ein liten graskant var nok til å snu bilen. Puh. Rusla på skogsvegar, til det var slutt på dei. Så sikta eg mot >>>

Karte    

Skutshorn

Datum:
13.09.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
7,1km

Ettermiddagstur i nabokommunen. Ein time og 15 min å køyre til Sanddalen. Fin dal, bratte og ville fjell omkring. Turen tok til frå inngjerda parkeringsplass. God sti, merkte stolpar og vardar viste veg. Svært bratt opp flanken her. Nokre hyller med laus vegetasjon, som krevde varsemd. Elles greitt å gå. Over ei ur nokre hundre meter oppi, før det vart vegetert att. So møter ein ura omsider, men den var grei. Heldt litt under det brattaste. Plutseleg viste det seg at eg sikta meg på feil topp, og måtte korrigere litt. Ja-ja, 3 min ekstra trim. Svært fint å gå då det flata ut. Kjapt bort til toppen når ein fyrst var komme oppå fjellet. Valde å ikkje gå bort på utsiktspunktet. Skal opp ei annan gong med bedre tid til fotografering. Nydeleg utsikt fekk eg no likevel. Om eg >>>

Karte    

Lærdalsfjell

Datum:
09.09.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
23,1km

Endeleg vart denne turen realitet. Planlagt både i fjor og i år, men har regna bort fleire gonger. Det er ikkje så lang periode anleggsvegen er open heller, og slik tur fortener godt ver. Var tidleg oppe til meg å vere, og 9:15 luffa eg over demningen ved Kvevatnet. I del av terrenget her har eg kun gått ei gong, med Lærdal turlag til Østerbø i Aurland i 2007. Då gikk vi litt feil også. Men på grunn av det, så har eg gått langs Liahovdvatnet ei gong. Når eg såg alle ryggar på tvers mot Store Liahovden, følgde eg rådet min kjære far gav meg stadig når vi var på tur. Gå heller litt lenger for å komme opp på fjellryggen, og styr unna flener. Det lønte seg i dag. Stod på toppen av Store Liahovden 1:32 etter avgang. Følgde ryggen vidare, og sikta meg på eit lite skar. >>>

Karte    

Glipsfjellet

Datum:
05.09.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
7,5km

Kveldstur i finveret. Ein må nytte tida når skyene og regnet har teke seg ein pause. Kva var kjappeste tur gjennomførbart før mørknet kom. Og når avreise var så seint som godt etter kl 18 heimafrå. Opp på Aurlandsfjellet bar det. Parkerte ved Vardahaug bru kl 18:45. Hadde eigentleg tenkt på Kaldeklettane, men forstod at eg rakk ein topp med raud nål. Fin sti og merka opp til Vardahaug støl. Sti ein km lenger inn og, før eg sikta meg på eit skar i fjellet eg skulle bestige. Fann ei fin rute. Knapt 50 min til toppen. Tok ein del bileter, og kosa meg. Gikk frå punktet der nokon har bygd ein varde. Men reknar fjellryggen/svatoppen lenger vest til å vere rette toppunktet. Retur mykje same leia, men på andre sida av ein knaus. Svært vakkert ved Vardahaug støl der sola hadde gått >>>

Karte    

Berdalen og Høganos

Datum:
31.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
15,2km

Litt avspassering etter møtedag på jobben, gav plass til litt fysisk fostring. Høganos har eg besøkt nokre gonger. Det er ein fin men strevsam tur, når ein skal opp over 1500 høgdemeter. Men delt i tre etappar, er det noko meir overkomeleg. Fyrst Lusahus. Tok att tre jegrar ca. 15 min etter start. Per Hjermann og følgje skulle opp på Lusahus og jakte frå i morgon. Nådde Lusahus på 51 min. Vidare opp, og ved Fureskogen er det kome opp skilt «Naturreservat». Berdalen har no høg vernestatus. Men skiltet «Truger påbudt» er ikkje teke ned. Nådde stølen Berdalen etter 1:41. No er det fint inn Berdalen. Eg held meg på stien så langt det går. Då får eg 120 brutale høgdemeter. Eit alternativ er halde litt meir til høgre, og slik jamne ut stigninga. Det er litt lenger. Fint >>>