Ljøsndalen - Fagersete - Horge (23.07.2022)


Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 39min
Entfernung 14,7km
Höhenmeter 1.200m
GPS
Besteigungen Duveskarnosi (1.355m) 23.07.2022 12:57

I dag var målet å prikke to postar på Stølstrimmen til Lærdal turlag. Marita hjelpte med transport, slik at ein bil stod klar på Borgund. Byrja å gå frå Sælto. Fin oppvarming å gå Galdane-vegen. Opp frå Galdane byrjar alvoret. Merkeleg, kor ein gløymer strevet frå tidlegare turar. Denne stien er bratt-bratt til det flatar ut ved høgde ca. 700 moh. Ved stølen Heimre Ljøsndalen vart det SjekkUt av stølstrimmen. Godt attvokse med bringeber-ris ved stølen her. Men også fargar av sommarblomst innimellom. Vakkert i all sin villskap. Surra litt med å ta ut frå stølen på nedste, i staden for øvste sel. Kom meg på kurs att. Fint og lett å gå innover dalen mot Fremre Ljøsndalen. Ny SjekkUt på Ut-appen her. Så valde eg ein sti, i staden for å få inn botenen med elva. Fungerte dette og, sjølv om det var lett lyng og småkuppert. Så var det å passere elva. Lite å lure på, turrføtt kunne ein gløyme. Berre å vasse uti, og bli våt til knes. Det er no sommar. So kom regnet, og ein toreskrell. Vart delvis våt på turen opp til Duveskranosi. Denne vart vald, slik at turen også vart ein topptur. Ved betre ver, hadde eg nok teke med Horgehorna og. Regnet gav seg. Lett nedover ryggen, men eg fall for freistinga til ei meir direkte rute. Det vart bratt, men eg kom greitt ned. Kurs mot ut-osen av Øvre Fagerdalsvatnet. Greitt over her, og inn på sti mot Fagersete. Sjekka ut her, og så var det å rusle på sti mot Horgestølen. Noko høg vier eit kort parti. I området her hadde det regna kraftig, så eg vart skikkeleg blaut. Tett med bjørk vidare nedover på stien også. Behov for sti-rydding. Måtte konsentrere meg godt, for å unngå uhell på stien nedatt til Borgundsbygdi. Alt i alt, ein fin tur, sjølv om sist timen var litt seig.

Mot Galdane.
Mot Galdane.
Heimre Ljøsndalen
Heimre Ljøsndalen
Fremre Ljøsendalen.
Fremre Ljøsendalen.
Duveskarnosi
Duveskarnosi
Spegelvendt sjålfi.
Spegelvendt sjålfi.
Duveskarnosi. Kom ned rett under store snø-feltet.
Duveskarnosi. Kom ned rett under store snø-feltet.
Fagersete og mot Bringe og Grytningen.
Fagersete og mot Bringe og Grytningen.
Fagersete mot Duveskarnosi.
Fagersete mot Duveskarnosi.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.