Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vermetinden

Datum:
26.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
22,5km

Kombinert løp og fjelltur

Karte    

Salknappen frå Vermedalen

Datum:
25.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
21,5km

Parkerte ved Havrehola, der det er merka sti til Vermetinden. Lengre inn er det vel også forbudt å køyre. Vi følgde vei inn til Langvassbua og vidare sti langs etter Langvatnet til ei privat hytte. Tok av herifrå og følgde ryggen rett opp til Søre Salhøa, tid til matpause med Geir Arne Kjeks og eit fint skue til alle stortoppane i Romsdalen...litt av eit område! Vidare er det berre eit kort stykke opp den siste ryggen til hovedtoppen. Mykje snø ligg endå i fjella og sjeldan at vatna framleis er islagde. Salknappen synest eg er den finaste toppen i dette området og ekstra kjekt var det å ha med lokal kjennar med førstekunnskap og historier om fjelltoppane rundt. Turfølge Stein

Karte    

Dønttinden og Sæterhøa

Datum:
24.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
21,4km

Ein fin rundtur frå Storhaugan, der eg kryssa elva over brua ved Værmedalssætran. Fint å følge ryggen på Veslfjellet med fine svaberg å gå til Sæterhøa. Gjekk ned til Tverråbotnet og runda vatnet 1210 og vidare opp den breie fine ryggen til Dønttinden, ein del snøfonner låg att her. Ei kraftig snøbyge fekk eg med på toppen men sol og sommer var tilbake lengre nede i lia. Følgde Tverråa ned og vassa over elva som heldigvis ikkje var så flaumstor. Fint å russle tilbake vegen gjennom Vermedalen. Fin og stille åleinetur i ein nydeleg dal med nydelege toppar som Salknappen, Dønttinden og Vermetinden. Utsikta frå desse toppane over mektige Romsdalsfjell kan ein heller ikkje klage på :)

Alterhøa via Bjørnelega

Datum:
23.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
11,1km

Karte    

Kvitfjellet og Skåla i Rauma

Datum:
18.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
12,6km

Fin runde på to flotte toppar med noko regn attåt...og ein ny vannskada tlf.....lærer aldri!! Begge toppane er nymerka med fine stiar, borsett frå distansen mellom toppane! Der rota eg meg inn i store vaser med rotvelter i hogstfeltet, noko nøysommeleg tid gjekk det der i silregnet. Nok ein gong stryk på allværsjakke og merketest.... Skåla var ein spesiellt fin topp med litt bratt klippeformasjon mot havet

Karte    

Breitinden - Rauma

Datum:
20.06.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
13,2km

Ein nydeleg dag med perfekt skiføre og temperatur...Utruleg heldig med veret der skodda dreiv trollsk over dei mektige Romsdalstindane.

Moanebba

Datum:
24.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,2km

Passeleg fin liten topp til fots med flott utsikt, berre små snøfonner att på toppen!

Karte    

Nesaksla

Datum:
24.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
6,2km

Rask tur opp og fint avbrekk på veg mot Aure. Skodde og litt vind på toppen...

Skarfjell-traversen

Datum:
16.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
7:30h
Entfernung:
22,0km

Ein fin rundtur er Skarfjell-traversen, denne dagen med atter nydeleg ver..haust med sommertemperatur og blikkstille på toppane. Fint å følge stien innover Langfjelldalen, tok vidare av rett opp mot ryggen til Kulhøgda 1515 moh. Hadde lese Ove sin rapport, og fant ut at det var greit å omgå ryggen på sørsida vest for 1707 og 1723 toppen..sidan vi ikkje hadde klatreutstyr med til denne turen. Fortsatte vidare på ein flott og luftig rygg med litt klyving, tørt og fint fjell som utgjer mykje :) Mot Salknappen

Karte    

Gjuratinden: Den siste av dei 7 "Konge-/Dronningtoppane"

Datum:
15.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:30h
Entfernung:
14,5km

Tre helger på rad til Åndalsnes i tidenes sommar og haustver, noko som seint vil gå i gløyme boka :) At eg skulle få med alle desse kremtoppane hadde eg ikkje trudd.. I tilegg få Norsk fjellfestival sin "Dronningtittel" eit supert påfunn for meir besøk av dei flotte tindane. http://www.norsk-fjellfestival.no/index.php?option=com_zoo&view=item&layout=item&Itemid=127 I tilegg og ikkje minst fekk eg med Romsdalseggen løpet, som eg har høyrt ein del om :) Rauma kommune, eldsjeler og andre eldsjelene bak Norsk fjellfestival, gjere ein god jobb for å marknadsføre kommunen sin på ein utruleg flott måte gjennom natur, fjell og aktivitet :) Rauma kommune hadde også i år sitt 50 års jubileum med vardebrenning rundt om på ulike fjelltoppar, ei av dei helgane vi var på besøk. Turen til Gjuratinden var berre super, vi slapp å sikre for det var fantastiske forhold >>>